Styret i Møre og Romsdal Bondelag utnemner kvart år eit «Aktivt Lokallag» som har hatt god og høg aktivitet over lang tid. Rauma Bondelag har siste året halde mange møter, utadretta aktivitetar og teke initiativ til tiltak i bygda.
I grunngjevinga vart det peika på at Rauma Bondelag gjennom mange år har halde ein jamn stor aktivitet og vore vurdert som ein av mange aktuelle kandidatar, men aldri blitt kåra til aktivt lag.
Medlemsverving skal tilleggast stor vekt ved kåring av Aktivt Lokallag. Rauma Bondelagfekk heile 11 nye medlemmer i 2010 og 17 nye medlemmer i 2009.
Laget har i mange år vore drivkrafta bak den tradisjonelle landbruksmartna i september, der medlemmene har lagt ned eit stort arbeid m.a. med dyre- og maskinutstilling.
Rauma Bondelag hadde i tillegg til medlemsverving og stor medlemsauke varierte aktivitetar i 2010: Uttale jordbruksforhandlingane, Landbruksmartna, julebord for medlemmene, dyrevelferdskurs, kafemøter – første måndag i kvar månad i vinterhalvåret, og fleire medlemsmøter. Lokallaget har vore godt synleg i lokalavisa med m.a. protestar mot nedbygging av matjord, og er aktivt med i styringsgruppe for SMIL-midlar og fleire andre kommunale utval.
Rauma Bondelag bestod inntil for nokre år sida av fem lokallag og fått det til å fungere i eit kommunelag.
Rauma Bondelaghar dei siste åra teke verdfullt initiativ til fornying og nytenking i Bondelaget. Spesielt arbeide meir aktivt med rekruttering på bredt grunnlag i Norges Bondelag og vårt fylke. Laget kom med fleire konstruktive innspel på dette i arbeidet med nytt Prinsipprogram i Bondelaget, dei la fram eigen sak om rekruttering på fylkesårsmøtet, og var pådrivar til det prosjektet fylkesbondelaget no har i gang på rekruttering, likestilling og kompetanse.
Rauma Bondelag har nyleg invitert styret i Norges Bondelag til å besøke kommunen for å sjå nærare på arbeidet med merkevarebygging.
KLIKK HER for å lese omtale av Aktivt Lokallag og intervju med lokallagsleiar i ÅNDALSNES AVIS
