Søk

Du er her:

Kontakt Møre og Romsdag Bondelag på tlf. 71202890 / more.romsdal@bondelaget.no

- Promoter landbrukets ressursar ovanfor anna næringsliv

Publisert 15.11.2011

- Vi må alltid promotere landbrukets ressursar ovanfor anna næringsliv og sjå på landbruket som ei næring på line med andre. Landbruket er med i næringsplana for kommunen, vi har ikkje eigen landbruksplan. Vi må fortelje om ringverknadane landbruket har for andre næringar, m.a. leverandørar av varer og tenester. Og reiselivet er spesielt viktig. Reiselivsbedriftene er avhengige av landbruket. Vi eig utsikta, laksen, hjorten, skogsvegane og fjellet, seier leiar i Surnadal Bondelag, Oddvar Mikkelsen.

Leiar i Surnadal Bondelag, Oddvar Mikkelsen.Kommunikasjon, omdømme og bruken av media var eit av fleire tema på leiarmøtet i Møre og Romsdal Bondelag.  Leiar i Surnadal Bondelag, Oddvar Mikkelsen, var utfordra til å seie noko om kommunikasjon sett frå eit lokalt bondelag.

- Vår viktigaste bodskap er at maten ikkje er dyr, mat og landskap er verdt prisen og vel så det, og vi er den viktigaste næringa og har den viktigaste og beste jobben og må få betre betalt, meinte Mikkelsen.

Kommuniserer på ulike måtar

Eit lokalt Bondelag og bonden kommuniserer med mange og på ulike måtar. Internt på telefon, e-post, fagmøter og sosiale arrangement. Vi kommuniserer gjennom vårt daglege arbeid - viser vi omsyn i trafikken og ved onnearbeid nær bustader, viser vi glede og stoltheit over arbeidet vårt, og steller vi jord og dyr slik at samfunnet rundt oss likar og respekterer det vi gjer? Vi kommuniserer i vår vanlege sosiale omgang med naboar og lokalbefolkninga, med skular og barnehagar, med medier som lokalaviser, nettaviser og radio og TV, med lokale myndigheiter, med kjøparar og leverandørar og anna næringsliv.

- Berre ein liten del av bøndenes kommunikasjon går gjennom Bondelaget som organisasjon, meinte Mikkelsen.

Prøve å vere positiv

Han var oppteken av kva vi kommuniserer. - Det er ofte fokus på at vi tener for dårlig, at det er eit slit å vere bonde, at vi ikkje blir sett pris på, verer er for dårleg og at rovdyr er ei plage som vi må utrydde. Men vi må også frå fram at vi har verdas viktigaste og beste yrke, vi gleder oss over å arbeide i kontakt med naturen, vi produserer dei einaste varene verda verkeleg treng, og er avhengige av å få betre betalt for å kunne fortsette å gjere det, sa Mikkelsen.

Som leiar i Surnadal Bondelag har han ein klar filosofi om å prøve å vere positiv så langt det er muleg Han kontaktar sjølv media når han har noko positivt å fortelje, unntaksvis for å seie noko negativt eller stille krav om noko.

Han gav råd om å tenkje seg om før ein svarar når lokalavisa ringer, fokusere på det positive, og svare alltid på spørsmålet, men be gjerne om betenkingstid. Ein skal også vere sakleg, ikkje kommentere på person, og prøve å finn positive vinklingar når journalisten prøver å få deg til å klage, kritisere eller seie noko negativt.

Kløverstukveldane

Surnadal Bondelag er det nest største lokallaget i Møre og Romsdal med 194 medlemar. Laget har stor og variert aktivitet gjennom året, og god kontakt med myndigheitene lokalt. I Surnadal kommune er landbruket viktig

- Vi har halvårlege møte der vi saman med andre lokale landbruksorganisasjonar møter administrasjon og politisk leiing og kjem med innspel til kvarandre. Vi går igjennom generelle retningsliner for prioritering av kommunale tilskotsmidlar, og har også ein gjennomgang av infofoldar frå kommunen til landbruket.

Saman med Sparebanken og kommunen arrangerer dei  annakvart år ein brei landbrukskonferanse og annakvart år ein smalare fagdag mot eitt eller få tema. Dei prøver dels å bruke lokale krefter, dels større kjente namn. Dei legg vekt på at det skal vere verdt å betale 300 kroner for å høyre på slik at frammøtet blir stort.

Kløverstukveldane er ein institusjon i Surnadal. Sidan tidleg på 1970-tallet har Bondelaget stått i spissen for å arrangere fagkveldar med ulike tema ca annakvar måndagskveld etter fjøstid frå oktober til og med februar. – Kløverstukveldane er viktig for intern kontakt og vi får ofte medieoppslag, sa Oddvar Mikkelsen.

Bondelagets kommunikasjonsstrategi

Nestleiar Berit Hundåla og seniorrådgjevar Per Harald Agerup i Norges Bondelag. På leiarmøtet presenterte nestleiar Berit Hundåla og seniorrådgjevar Per Harald Agerup Norges Bondelag sin nye overordna kommunikasjonsstrategi.

Å styrke omdømmet og haldningene til norsk landbruk er eit av hovudmåla. Norges Bondelag skal vere meir synleg i samfunnsdebatten, både å sette eigne saker på dagsorden og å formidle til alle kvifor landbruket i Norge er viktig. Kommunikasjonsstrategien skal bidra til å
ansvarleggjere og aktivisere alle nivå i organisasjonen.

Seks strategiske grep

Det er foreslått seks strategiske grep for kommunikasjonsarbeidet framover. Strategiane rettar seg mot eksterne målgrupper.

1. Bygge ut alliansen med folk flest: Bøndene sin  sterkaste alliansepartnar er folk flest, både som forbrukarar, brukarar av fellesgoder og som samfunnsborgarar.

2. Snakke på vegne av fleire: Bondelaget bør vidareutvikle dei initiativa som alt er teke ved å snakke på vegne av små og mellomstore næringsdrivande og deira rammevilkår.

3. Bruke potensialet i organisasjonen: Sentralleddet må tilrettelegge for bruk av lokale og regionale medier og arenaer i større grad enn hittil.

4. Landbruket – ein viktig del av næringslivet: Bondelaget bør kommunisere landbruket sin rolle som ein viktig og framtidsretta del av norsk næringsliv lokalt, regionalt og nasjonalt.

5. Bruke handlingsrommet i nye medier: For å utnytte handlingsrommet i nye medier må Bondelaget settast opp for høgare tempo i kommunikasjonen.

6. Vidareutvikle dagens omdømmebyggarar: Landbruket bør vidareutvikle dagens aktivitetar, samtidig som nye tiltak vert drøfta.

Bøndene står sterkt i befolkninga

Hundåla og Agerup tok også føre seg bakgrunnen og kor organisasjonen står i dag. Dei slo fast at bøndene står sterkt i befolkninga.

- Bondelaget er ein sterk kamporganisasjon med større potensial for påverknad.  Politisk kommunikasjon overskygger næringslivsdimensjonen, vi henvender oss til politikarane meir enn til forbrukarane og folk flest, og i for liten grad definerer vi landbruket som ein del av næringslivet, sa Hundåla og Agerup.

Komplekse omgjevnader hemmar tydeleg kommunikasjon. Det ermange å ta omsyn til, m.a. samvirkeorganisasjonane og tilknyting til einskilde politiske parti. Desse omsyna kan hemme utforminga av tydelege bodskap.

Det er eit aukande kommersielt press og mindre politisk handlingsrom. Dei siste tiåra har makta forskjøve seg frå produsent og leverandør til daglegvarekjedene. Lavprisretorikk gir inntrykk av at mat er dyr, sjølv om vi aldri har brukt mindre andel av inntekta på mat.

CorePublish publiseringsløsning