Kurset vart innleia med advokatfullmektig Sissel Fykse, Norges Bondelag. Ho kom særleg inn på Plan- og bygningslova, arealplanar og planprosessar, samt Forvaltningslova og Offentleglova. Det vart poengtert at kommuneplanen er bindande for nye tiltak. Difor er det viktig å få inn reglar som sikrar naudsynte landbrukstiltak i 100-metersbeltet frå vatn og vassdrag. Av same grunn er det viktig å vera merksam på om kommuneplanen kan hindra landbruksdrifta. Det vart også nemnt at kommunen gjennom hensynssoner kan opna for vern utanfor eller i tilknytning til t.d. verneområde.
Sissel Fykse minna også om at planforslag skal sendast til private organisasjonar, t.d. lokale bondelag, som forslaget får verknad for. Når det gjeld reguleringsplanar, er det viktig å merka seg at også desse er bindande, men at det er ein 5-årsfrist for gjennomføring av tiltak som er heimla i planen og som har bakgrunn i eit privat reguleringsforslag. For mindre frittliggjande byggverk knytt til landbruk er det kun krav om byggemelding. For bygningar over 1000m2 (driftsbygningar) blir det no krav om full byggesøknad.
Jordlova
Førstekonsulent i Norges Bondelag, Ole Nicolai Skulberg, tok for seg Jordlova samt andre dokument som er førande for forvaltninga av landbruksareal. Det oppstår ofte konflikt mellom ønskje om sysselsetjing og behov for jordvern. Her kan grunneigarar og bønder ofte koma i eit vanskeleg dilemma. I ei tid der det er sterkt fokus på klima og miljø er det imidlertid viktig også å ta med seg at jordvern er ein positiv miljøfaktor. Uansett er det viktig å vera oppdatert på kva som foregår i forhold til ulike planar og beslutningar som på ulike måtar kan ha innverknad på landbruksarealet.
-Det er viktig å koma inn i den aktuelle prosessen så tidleg som muleg og å få oversyn over kven som arbeider med saka og kvar det vert gjort vedtak, m.v. I arbeidet med ei sak er det viktig å kunne dokumentera i staden for kun å driva med synsing. Ta tak i lovtekstar og offentlege dokument og bruk desse så godt som muleg. Kom gjerne med alternative, begrunna framlegg. Husk også på å notera samtalar, ta vare på brev og e-post, sa Skulberg.
Småskala kraftverk
Prosjektleiar Terje Engvik, Norges Bondelag, orienterte om prosjekt ”Småskala kraftverk – næringsveg i bygdene på Vestlandet”. Det er mange forhold å vurdera og å ta omsyn til der det kan vera aktuelt med utbygging av småskala kraftverk. Ofte er kostnadane med utbygginga så store at andre samarbeidspartar må inn. Her er det mange fallgruver og omsyn å ta. Det er relativt vanleg at fallrettane vert utleigd til eit eige selskap som skal driva kraftproduksjonen. Her er det t.d viktig å tenkja på korleis styringa skal vera, kva ein kan bidra med inn i selskapet og korleis ein ønskjer at evt inntekter skal fordela seg over tid. Det er viktig å ta seg tid i planleggingsfasen og ikkje minst er det viktig å vurdera ulike løysingar og å søkja råd hos fleire.
Rettar, plikter og muligheter ved inngrep i eigedom
Sivilagronom Nils Rønningen tok så for seg rettar, plikter og muligheter ved inngrep i eigedom. Han kom særleg inn på forhold knytt til organisering, medvirkning og erstatning. Utgangspunktet er ofte at grunneigar må gje frå seg grunn til ulike formål, t.d. tomter og vei. Andre forhold kan vera t.d. vatn- og avløpsledningar, pumpestasjonar, kabeltrasear, kraftledningar, antenneanlegg. Det kan også vera vassdragsreguleringar, ulike former for vern, samt stiar og løyper der det skal drivast ulike former for ferdsel.
-Uansett er hovedregelen at ingen kan setja i verk tekniske inngrep eller ulike former for vern på annan manns eigedom utan at grunneigar har gitt løyve, det ligg føre eit ekspropriasjonsvedtak eller vedtak om vern. Det er viktig å vera merksam på at arealsaker på alle måtar er tidkrevjande. Like fullt har grunneigar rett til å delta i planprosessen og kan forlanga å få saka framstilt på ein slik måte at det blir forstått og at konsekvensane er utred, sa Rønningen.
I utgangspunktet har ein rett på full erstatning for økonomiske tap og til å få dekka kostnader med bistand under heile eller delar av saka. I areal- og inngrepssaker er det viktig å få alle berørte til å engasjera seg og ikkje berre grunneigarar. Dersom arbeidet blir organisert bør så mange som muleg av dei berørte få delta. Husk at alle avtalar som blir inngått skal vera skriftlege og at ein må ha rett og tid til å vurdera innhaldet i ein avtale før ein skriv under. Det er også viktig å ha god kjennskap til konsekvensane av å ikkje signera ein avtale. Særleg når det gjeld ulike former for erstatning er det viktig å ha tenkt seg om og vurdera alle forhold før ein går inn på ein avtale om erstatning. Ein del utbyggjarar er også villige til å yta ekstra erstatning for å unngå at saka havnar i rettsapparatet.
