Norges Bondelag har bede fylkeslaga om første innspel til arbeidet med ny stortingsmelding innan 10. februar. Landbruks- og matministeren vil delta i opne høyringsmøter i m.a. Bergen 5. mars og Trondheimsregionen den 26. mars.
Styret i Møre og Romsdal Bondelag drøfta ferdig sitt nedanståande innspel den 9. februar. Tidlegare den 8. og 9. februar møttest styra i dei tre Vestlandsfylka for å finne fram til felles saker for Vestlandet framfor jordbruksforhandlingane.
1 Ambisiøse målsettingar for norsk landbruk og matproduksjon komande 10 år
Det komande tiåret vil det nasjonalt og internasjonalt bli behov for meir mat. Internasjonale avtalar må slå fast alle land sin rett til vern om matproduksjon for eige folk.
Dette vil ha konsekvensar for korleis vi ser på utnytting av eigne ressursar for landbruksproduksjon og bruk av ressursar i andre land. I ein periode framover kan det bli sterk konkurranse frå billegare import. Nasjonalt og internasjonalt vil det likevel bli auka press på landbruksareala og aukande miljøutfordringar.
Jordbruksavtala med den norske landbrukspolitiske modellen skal medverke til:
* Sikre landbruk med variert bruksstruktur over heile landet med ein klår distriktsprofil.
* Prioritere mjølkeproduksjonen og det grovfôrbaserte husdyrhaldet i fjord- og fjellbygdene elles som har svært låg inntekt i forhold til arbeidsbehov. (Sone D for mjølk)
* Midlar over statsbudsjettet må bli nytta målretta for å gi utjamning mellom distrikt og sikre variert bruksutvikling over heile landet.
Dei store strukturendringane har ikkje gjeve bonden betre økonomi. Mjølkeproduksjonen er dobla sidan førre stortingsmelding. Ny dobling er ikkje muleg inn i det nye tiåret. Tilsvarande for dei kraftfôrbaserte produksjonane. Vi kan ikkje vedta ein bestemt struktur eller produksjonsomfang, men må ha forhold for variert bruksstruktur over heile landet. Strukturen må vere tilpassa det landskap og det klima vi driv i. Storsamfunnet har reist med produktivitetsvinsten, elles ville næringa sitte att med vesentleg årleg inntektsauke. Det vil alltid vere ei naturleg strukturutvikling, og den må tilfalle næringa til dekning av kostnadene. Rammeforholda må leggje til rette for å nytte ut garden sine samla ressursar.
2 Føresetnad at bøndene sine inntekter blir løfta opp på line med andre grupper og
Vestlandet må på høgde med bøndene i resten av landet.
Gjennomsnittleg vederlag til arbeid og eigenkapital i landbruket er rundt det halve av andre grupper. Vestlandet ligg under gjennomsnittet for bønder. Gjennomgongen må ta sikte på at økonomien for ulike produksjonar og vilkår blir jamna meir ut. Tidlegare endringar har spesielt svekka økonomien for vanlege bruk på Vestlandet og bruk som driv fleire produksjonar.
Vederlag pr arbeidstime er svært ulik mellom produksjonar og distrikt. Referansebruka viser faktiske rekneskap der kostnadsfaktorar dels er normalisert. Resultata viser stor skilnad i årsverksinntekt, med rundt 230.000 kr.
(Frå 138.000 kr til 373.000 kr for 2009 før avtale.
Ref. bruk 22 med 0,38 årsverk korn er halde utanom).
Produksjonstilskota, som er dei verkemidla ein kan nytte til fordeling mellom bruk og distrikt, viser også stor skilnad pr årsverk, med rundt 180.000 kr.
(Frå 108.000 kr og opp til 288.000 kr for dei største kornbruka. Bruk med 19 årskyr Vestlandet får kr 205.000 pr årsverk.)
3 Prioritere Distriktstilskot som er eit målretta virkemiddel ned på gardsnivå
Distriktstilskotet er målretta ned på gardsnivå og med garantert distriktsverknad. Distriktstilskotet er knytt til faktisk levert produkt og kompenserer kostnadene etter mengde. Distriktstillegga imøtekjem difor også dei litt større bruka i distrikta i forhold til kostnadene som føl produksjonsomfang. For legitimiteten til næringa og tilhøvet mellom bønder er det rett at verkemidla er knytt til faktisk leveranse så langt muleg.
Distriktstilskot har ikkje kostnadsdrivande effekt på leigejord slik som arealtillegg.
Distriktstilskot er billeg å forvalte og lett å kontrollere.
Distriktstilskot er i blå boks i WTO og utan krav om reduksjonar i aktuelle avtaleutkast.
5 Kantsonetillegg – ny ordning for å jamne ut faktisk driftsulempe
Vi er tilfreds med at det blir arbeida med eit arealtillegg som kan ta omsyn til lengda på kantsone-, eller tal teigar, og gjerne bratt areal, og evt høgde over havet. Dette som kompensasjon for driftsulempe for dei som driv mange mindre skifte.
Vi reknar med at kantsonetillegg bør vere eit av tiltaka i den nye stortingsmeldinga.
6 Nasjonal produksjonsfordeling – skjer store endringar mellom og innan regionar
Det er fullt muleg å starte med alle produksjonar i alle landsdelar, og det er prinsipielt rett. Også med kumjølk, der unge i næringssvake strok er prioritert. Unnataket er geitemjølk og kylling der ein i røynda er vist til område med mottaksanlegg om ein ikkje foredlar sjølv.
Norsk kornproduksjon er særleg avgjerande for nasjonal sjølvforsyning.
Det blir importert store mengder grôvfor, m.a. til hest, som gjer det muleg med grovfôrproduksjon der det er ønskje om det.
Produksjonsfordelinga i landet må ein sjå som ein gitt faktor. I praksis likevel i stadig utvikling mellom og innan regionar. Med målet om berekraftig matproduksjon tilpassa miljø- og klimautfordringar må vi nytte andre omgrep enn ”kanaliseringspolitikken” til å beskrive produksjonsfordelinga. Kanaliseringspolitikken var ein overprising på korn som gjorde det meir lønsamt å dyrke korn der det er best dyrkingsforhold.
Dagens utfordring for å nå nasjonale mål om landbruk over heile landet, er flyttinga av fleire produksjonar til Jæren og dei beste bygdene på Austlandet og i Trøndelag.
Tilsvarande flytting skjer også til dei beste områda innan fylka.
7 Produksjonsmål basert på eigne areal kontra importerte fôrvarer
Næringa ønskjer produsere det som det er grunnlag for i landet. Vi vil tilrå ei målsetting om at norsk produksjon i størst muleg grad skal erstatte import av alle type matvarer og fôrmidlar. Det er ønskjeleg å stimulere m.a. produksjon av proteinrike fôrvokstrar.
8 Kostnadsoppbygginga i husdyrproduksjonane - Utvikle nye meir balanserte pris-
og kostnadsstrukturar mellom fôrkorn og husdyrprodukt
Kraftfôrprisane er ei avtalesak. Det må skapast dynamiske instrument som balanserer fôrkostnadene i husdyrhaldet. Prisfall på husdyrprodukta bør speglast att i kraftfôrkostnadene. Dagens system kan gi avtalte prisar på korn til kraftfôr samstundes som prisen på husdyrprodukta vekslar med marknaden. Dette er aktualisert ved at delar av sikkerheitsnettet kan bli svakare for fleire husdyrprodukt ved den nye marknadsordninga med bortfall av målpris, førebels for storfekjøt og kylling.
Ei ny ordning kan kanskje vere finansiert ved at det blir opna for at omsetnadsavgiftene kan nyttast til å tilpasse situasjonen mellom produkt.
9 Heimemaling – bruk av eige fôr kan vere fornuftig ressurs- og miljøtilpassing
Skal ein oppnå samla kostnadsreduksjonar kan det vere at ein bør akseptere større grad av heimemalt kraftfôr utan tiltak som skal motverke dette. Samla sett reduserer heimemaling behovet for transport (-støtte), prisnedskriving og gjer ein del av husdyrproduksjonen rimelegare. For økologisk produksjon er dette spesielt naturleg, men prinsipielt er det rett at all produksjon i størst muleg grad er basert på eigne fôrmidlar. For å styrke dei grovfôrbaserte produksjonane kan konkurranseforskyvinga kompenserast med auka distrikts- og frakttilskot. Det er t.d. distriktstillegg for gris og egg på Vestlandet m.m.
10 Prisnedskriving korn – bør bli omprioritert til meir målretta tiltak
Desse budsjettmidlane bør nyttast direkte til dei tiltak og produksjonar det er ønskjeleg å styrke anten det er i korn-, kornbasert- eller grovfôrproduksjon. Med målet om å auke nasjonal produksjon av fôrmidlar er det ikkje noko argument for prisnedskriving at det også reduserer prisen på importert kraftfôr.
Prisnedskriving er ikkje målretta: Det stimulerar ikkje nasjonal produksjon generelt eller av spesielle fôrvarer som bør bli prioritert, heller ikkje mengde eller kvalitet i korn, lågt fôrforbruk eller grovförkvalitet.
Men prisnedskrivinga endrar lønsemda mellom grasbasert og kornbasert produksjon.
Kornet bør koste det som er avtalt direkte og som sikrar tilstrekkjeleg lønsemd i den viktige nasjonale kornproduksjonen.
Det bør vere eit mål at norsk produksjon av karbohydrat-kraftfôr og proteinfôr kan erstatte meir av importen. I dag driv Norge store areal i andre land gjennom kjøp av fôrmidlar.
(Prisnedskriving av 1.233.000 tonn norsk korn à 30,8 øre/kg til kraftfor = 407 mill kr
+ 364 tonn matkorn à 23 øre/kg = 86 mill kr, totalt 493 mill kr.)
11 Kraftfôret utgjer for stor del av samla kostnader i jordbruket
Kraftfôrkostnadene utgjer 25% av samla kostnader i jordbruket inkl. kapitalkostnader.
Korninntektene er 2,5 mrd kr - mot kraftfôrkostnadene som er på 5,4 mrd kr.
Kraftfôrprisen svekkjer norske husdyrprodukt i forhold til konkurrerande import.
Det blir ”importert” ca 25.000 tonn kraftfôr til dei tre Vestlandsfylka frå eksterne leverandørar og det trugar bøndene sine eigne kraftfôrfabrikkar i regionen. Våre fabrikkar er viktige for å sikre primærproduksjonen i landsdelen. Bøndene kan sjølv sikre grunnlaget for framtidig produksjon på Vestlandet ved å ta kraftfôr frå fabrikkar i Vest-Norge.
12 Rammevilkåra ved etablering for dårlege og
politiske pålagde kostnader for sjølvstendig næringsdrivande er for høge
Prisen ved statens sal av mjølkekvote tek pengar ut av næringa og må ned.
Næringsutviklingspakke: Regjeringa bør som ein del av sin næringsstrategi for landbruket med tilleggsnæringar gå gjennom alle kostnadsdrivande tiltak, avgiftar på kjøtkontroll, kraftfôr, drivstoff, el-kraft, skattar, andre avgifter og regelverk.
Skattefri fondsavsetnad for reinvestering i garden bør bli innført m.a. ved sal av delar av næringseigedom Jfr også skogfondsystemet.
Avskrivingssatsen for næringsbygg i distrikta må opp frå 4 til 8%.
Rekruttering og generasjonsskifte.
Det beste og mest effektive rekrutteringstiltak er konkurransedyktig økonomi. Det bør bli arbeid med eit sett av virkemiddel for dei som skal inn i næringa, inkl skatt, avgift, lovar og enklare reglar. Investeringsfondsordning for unge som ei ”BSU-ordning” må kome.
Vi ser behov for tiltak som medverkar til at fleire bruk kjem på sal slik at unge som er interessert kan få kjøpe og drive gard. Det må vere lønsamt å selje gardsbruk i drift framfor å slakte garden. Skattelegginga stimulerer ikkje sal av garden ut av familien.
Det kan vere grunnlag for å sjå på om prisreguleringa av landbrukseigedomar må skilje meir mellom driftsdelen og bustaddelen.
13 Økologisk landbruk – vurdere ny strategi og tiltak som fremmer vareproduksjon
Måla bør vere knytt til etterspurnaden i marknaden og levert produkt.
Øko-landbruk må i prinsippet vere basert på krinslaupsressursar på den einskilde gard.
Det er ikkje berekraftig økologi å stimulere lang transport av innsatsfaktorar eller produkt.
Alle tiltak i næringa bør stimulere til økologisering og miljøriktig produksjon.
Gjødsel- og miljøplan og kvalitetssystemet er slike tiltak.
Krava til dyrevelferd må vere likt for alle produksjonar. For å sikre mest muleg overføring av kunnskap til alle bønder bør hovudansvaret for økologisk landbruk liggje til Norsk Landbruksrådgiving. Gratis førsteråd bør halde fram. Vidare prioritere midlane slik at dei fremmer produksjon og praktisk rettleiing framfor ulike prosjekt.
Tillegg for økologiske produkt må bli finansiert over marknadsprisen og statsbudsjettet.
14 Klimatiltak i jordbruksavtala basert på god agronomi
Må vere agronomisk basert og heilt konkret gardsretta med inntektsverknad.
15 Landbruksproduksjon på fornybare ressursar uavhengig av fossilt innan 2030
Vi vil støtte ei svært ambisiøs målsetting om at landbruksproduksjonen bør vere basert på nasjonale krinslaupressursar for å sikre langsiktig berekraft. Biodrivstoff må ikkje vere basert på produksjon på dyrka jord utanom avfall. FoU må i hovudsak vere finansiert av dei store budsjettane som er utanom jordbruksavtala.
16 Best muleg gjødsel- og miljøeffekt ved spreiing av husdyrgjødsel
Tiltak må vere tilpassa dei driftsforholda som er i landet og ikkje verke kostnadsdrivande. Men føresetnaden er friske midlar til klimatiltak for heile landet og som ikkje går på kostnad av andre tiltak.
17 Miljøtilskot til hydro-tekniske tiltak, grøfting og profilering – bør bli innført igjen for heile landet. Det er spesielt viktig både av omsyn til miljø og for å halde vedlike leigejord. Det vil gjere meitemarken glad. Ordninga med høve til rentestøtte til grøfting finner vi ikkje brukbar i praksis.
18 Leigejord stor utfordringa for både bønder og forvaltinga
Omfanget av leigejord vil auke framover. Stortingsmeldinga må omtale virkemiddel med sikte på å oppfylle siktemålet i jordlova, og retningsliner for forvaltninga sin oppfølging av vilkåra for konsesjon.
19 Kunnskapsbasert næring - når formell kompetanse blir mindre
Det er eit tankekors at den generasjonen som går inn i næringa framover vil ha mindre formell landbrukskompetanse enn den generasjonen som går ut. Næringa ønskjer varierte faglege tilbod innan ulike produksjonar og på dyrevelferd. Nye løysingar kan gi eit utdanningstilbod som er tilpassa aktive bønder og unge som skal inn i næringa.
20 Landbruket skaper verdiar for samfunnet
Stortingsmeldinga kan ta for seg samla verdiskaping som heile den norske landbrukssektoren kastar av seg av økonomiske og ikkje-økonomiske verdiar, i dag og i framtidige verdiar. Den bør samanlikne bruk av offentlege ressursar på landbruket med med andre område, og peike på område der landbruksnæringa vil gi god avkasting for sterkare satsing tilbake til samfunnet.
