Søk

Du er her:

Kontakt Møre og Romsdag Bondelag på tlf. 71202890 / more.romsdal@bondelaget.no

Neste generasjon bønder treng landbruksutdanning

Publisert 30.08.2010

Det er god søking til naturbruk på Gjermundnes VGS hausten 2010. Ved skulestart er 46 elevar teke opp til 42 plassar. Men det er berre 3 på agronomutdanninga tredje året. Bondelaget i Møre og Romsdal vil arbeide vidare med tilbod om supplerande agronomutdanning i fylket.

Frå venstre: styremedlem i M&R Bondelag, Anne Katrine Jensen, fylkesskogsjef Harald Nymoen, rektor ved Gjermundnes, Aadne Haarr og organisasjonssjef i M&R Bondelag, Gunnar Wentzel (Foto: Arild Erlien).Dette kom fram i eit møte mellom rektor Aadne Haarr, skuleutvalet ved fylkesskogsjef Harald Nymoen og fylkesstyremedlem Anne Katrine Jensen og organisasjonssjef Gunnar Wentzel på Bondelagskontoret i Molde nyleg.

Det er fleire alternativ:

- Agronomkurs over 2 år nettbasert er muleg på Gjermundnes som på andre fagskular.

- Ein som ønskjer agronom etter fullført VGS kan han kome som heiltidselev om det er plass.

- Privatist kan lese og melde seg opp på eigenhand.

- Vurdere fagdeling med landbruksskulane i nabofylka ut frå særleg gode tilbod ved skulen. 

 

Gjermundnes landbruksskuleBondelaget ønskjer primært supplerande tilbod om eittårig agronomkurs ved Gjermundnes som føreset fullført VGS eller realkompetanse. Meiner det vil styrke skulen og rekrutteringa til VGS også. Gruppa ønskjer å arbeide meir med å få til eit stipend på kr 10.-15.000 for dei som fullfører agronomeksamen. Kostnadsdekning på kursa for dei som ikkje har rett til meir VGS kan gi eigendel pr fag på t.d. kr 10.000 minus vaksenopplæringsmidlar. Kurskostnader kan bli ført til utgift for næringsdrivande.

Bondelaget vil marknadsføre landbruksutdanninga ved alle aktuelle høve. Bondelagsfolk kan presentere landbruksutdanning på ungdomskuler frå oktober til januar der Gjermundnes ikkje er sjølv. Landbrukstenester kan marknadsføre utdanningstilbodet for unge avløysarar og bønder.

Skulen kan lage til eit tilbod på kort tid, som frå august 2011. Skulen har læreplanar, lærarar, lokalar for nettbasert agronom med 3 helgesamlingar årleg. Marknadsføring av skulen sine tilbod skjer årleg frå november. Søknadsfrist er 1. mars.

CorePublish publiseringsløsning