Gjermundnes tilbyr naturbruksutdanning for heile fylket. Det er fag som landbruk og husdyrhald, naturforvalting, og fagbrev på hest eller anleggsgartnar. Her er utdanning innan ei anna stor næringsgrein som også ligg langt framme i vårt distrikt, produksjons- og industriteknikk for den mekaniske industrien.
Fylket har ein flott skule med fantastisk plassering på Gjermundnes. Mellom store trær er skule og internat, driftsbygg med dyr og planter, park og museum, her er skog, fjell og sjø i nærleiken. Her er plass for hestar, gutar og jenter. Buss og hurtigbåt. - Vi tilrår dei mange unge vi møter som skal overta eller kjøpe gard for å drive tradisjonelle eller nye næringar å ta fagutdanning.
Bondeyrket fordrar god og brei fagleg bakgrunn. Og Gjermundnes kan gi studiekompetanse for vidare studiar. Landbruksnæringa skal framover også rekruttere mange engasjerte fagfolk og forskarar. – Vi er sjølv glade for å ha satsa på både god fagutdanning og på gardsbruk innan ei levande og utfordrande næring. Utdanninga kan ingen ta frå oss.
