Berekraftig bruk av Reinheimen var tema for den første haustkonferansen som Kontaktutvalet for Reinheimen arrangerte på Reindalsseter i Tafjordfjella 16. og 17. september. Dei 70 deltakarane representerte grunneigarar, organisasjonar og forvaltarar frå alle kommunane rundt eit av dei største verneområda i landet. Ordførar Bjørn Inge Ruset frå Norddal opna konferansen med å vise til at når 60% av kommunen var verna blir det viktig å få til fornuftig bruk av fjellet.
Lære av utland og dei unge. Tidlegare ordførar i Norddal, Arne Sandnes, batt saman programmet og delte sine eigne erfaringar frå inn- og utland. Trass i to timars gange inn til turisthytta stod dei unge folkemusikarane i Fribo for norske og skotske tonar utover i fullmånekvelden inne i fjellet.
DNT ros til Bondelaget. Generalsekretær Kristin Kristin Krohn Devold i Den Norske Turistforening viste i sitt entusiastiske innlegg fem gonger til det ”fantastiske samarbeidet” med Bondelaget. Det gjeld slikt som ”Frå dal til fjell” om å få tilbod der fotturrutene startar eller stoppar basert på lokal mat og tradisjon. Ho såg gjerne at dei som driv gardsturisme også kan leggje opp guida tilbod med bruk av DNT sitt hytte- og rutenett.
Forfører DNT dei unge vekk frå ekte naturglede? - Det vart ein debatt på konferansen om DNT sitt tilbod var i ferd med å bli for kommersielt og basert på moderne utstyrshysteri. Generalsekretæren meinte friluftslivet DNT legg opp til er noko dei fleste kan meistre og føle seg som vinnarar. Det var viktig med tilbod for barn og unge tilpassa deira interesser og som kan få deg ut og bli glade i naturen. Der det er aktuelt med klatring, kajakk eller syklar leigast utstyr av lokale samarbeidspartnarar.
Friluftslivet får frikort. Organisasjonssjef Gunnar Wentzel i Møre og Romsdal Bondelag viste til det den lokale guiden Astor Furset hadde peika på at ressursane i fjellet var avgjerande i tidlegare tider. Når alle bygdene rundt verneområda i Sør-Norge er næringsfattige og slit med folketalet viser det at mulegheitene for næringsutvikling knytt til fjellet blir viktige framover. Styresmaktene har tilpassa vernereglane for at Reindalsseter skulle kunne utbyggast. Tilsvarande er det naudsynt med små lempingar i reglar og praksis for at folk i bygdene skal kunne utvikle næring.
Opne flaskehalsar for næringsutvikling. Øystein Aas frå Norsk Institutt for Naturforsking følgde opp med ei rekkje konkrete tiltak for å få meir næringsutvikling i kommunane i verneområdet. Restriksjonar på enkle bygg er oppfatta som ein av dei største flaskehalsene. Restaurering av bygg er ofte naudsynt. For å fremme næring aktuelt med krav om lisens eller konsesjon og til opplæring for å føre grupper. Kompetanseheving for at bygdefolk skal drive næring i fjellet kan starte i skulen. NHO-Reiseliv har gått inn for såkalla kurtakst, ei turistavgift som reiselivsoperatørar krev inn, for å få midlar til skjøtsel og tilrettelegging.
Bondelagsmedlem som design-gründer. Knut Slinning frå Juvet landskapshotell ved Gudbrandsjuvet i Valldal fortalde om eit spanande nytt tilbod basert på ny design, gamal kultur, og samarbeid med etablerte verksemder. Hotellet sikter mot pakketilbod til betalingsviljuge turistar som kan få del i dei fantastiske naturtilboda som eksisterande aktørar tilbyr. Det er rafting, enkel klatring, sommarski og fjellgardane.
Reindalsseter i Reinheimen. Frå v. miljøvernrettleiar Kristin Sandnes i Norddal kommune som var teknisk arrangør, generalsektretær i Den Norske Turistforening Kristin Krohn Devold, leiar Pål Haugtad og leiar i Oppland Bondelag Trond Ellingsbø. Foto: Gunnar Wentzel.
