Søk

Du er her:

Kontakt Møre og Romsdag Bondelag på tlf. 71202890 / more.romsdal@bondelaget.no

Mange unge satsar på Nordmøre

Publisert 31.03.2011

Fylkesbondelaget merkar seg at mykje skjer på Nordmøre og mange unge satsar i næringa. I samtaler og besøk hos bønder fekk fylkestyret mange gode inntrykk, orienteringar og tilbakemeldingar på sin utferd til Sunndal, Surnadal og Halsa måndag 28. og tysdag 29. mars. Det var mange ulike tema og besøk, som m.a. potetproduksjon (biletet), kraftverk, oksefjøs, landbrukskontor, gardsslakteri og nydyrking.

Sunndalspotet: F.v.: Hans Frafjord, Arne Rekkedal, Ivar Grødal frå Sunndalspotet, Erik Olufsen, Birgit Oline Kjerstad, Anne Katrine Jensen, Inge Martin Karlsvik, Anne Turid Myrbostad, Gunnar Wentzel og Atle Frantzen. (Foto: Arild Erlien)Sist haust var fylkeslaget på tilsvarande utferd på søre Sunnmøre. Deltakarane på turen til Nordmøre var fylkesleiar Inge Martin Karlsvik, Eide, nestleiar Birgit Oline Kjerstad, Haram, styremedlemane Anne Katrine Jensen, Gjemnes, Arne Rekkedal, Ørsta, Hans Frafjord, Vestnes, 1. vara Erik Olufsen, Aure, og dei tilsette ved fylkeskontoret; organisasjonssjef Gunnar Wentzel, rådgjevar Arild Erlien, organisasjonskonsulent Atle Frantzen og sekretær Anne Turid Myrbostad.

Sunndalspotet

Første stopp var Sunndalspotet AS i Sunndal, som driv med mottak, lager, sortering, vasking, pakking og distribusjon av potet for potetprodusentane i Sunndal. Ivar Grødal orienterte om drifta.

Kraftverk: Oddvar Mikkelsen orienterer om kraftverket Nordvik Kraft. (Foto: Arild Erlien)Grunnlaget for verksemda er råvarene frå primærprodusentane. Frå å vere tre grupperingar med samarbeidande potetprodusentar for 4 – 5 år sidan, har utviklinga av Sunndalspotet AS resultert i at samtlege potetprodusentar i Sunndal er samla om denne verksemda. Dette samarbeidet har ført til avtalar med andre planteprodusentar om vekstskifte. Dette gjeld først og fremst med kornprodusentane. Håpet er å få utvikle dette til også å gjelde mjølk og kjøttprodusentar som for ein stor del har grasproduksjon.

Selskapet har leveringsavtalar til dei store grossistane som leverer konsumpotet i Midt-Norge. I tillegg er det etablert eit samarbeid med Hubro AS i Surnadal som driv med skrelling, koking og pakking av potetar for storhushaldning.

Oksefjøs i Todalen: Fylkesleiar Inge Martin Karlsvik (t.v.) og Asbjørn Karlsen. (Foto: Arild Erlien)

Gardskraftverk

På Nordvikstranda på vegen inn mot Todalen fekk styret orientering av leiar i Surnadal Bondelag, Oddvar Mikkelsen, om kraftverket Nordvik Kraft som han saman med andre grunneigarar i bygda har reist. Bøndene bak kraftverket har også her reist nye kufjøs.

 

Oksefjøs

I Todalen besøkte fylkeslaget oksefjøset til Maren Ansnes og Asbjørn Karlsen. Dei har eit oksefjøs til 300 dyr og hus for 7.500 høner. Det er ønskjeleg at fleire fôrar fram oksar sidan fylket sender ut mange kalvar.

Møte med landbrukskontoret i Surnadal. Foran f.v.: jordbrukssjef Mona Rosvold, skogbrukssjef Tore Gjul, fagkonsulent Ingebrigt G. Moen og næringssjef Harald Bredesen. Bak f.v.: Erik Olufsen, Hans Frafjord, Birgit Oline Kjerstad, Arne Rekkedal, Inge Martin Karlsvik, Anne Katrine Jensen, Gunnar Wentzel og Anne Turid Myrbostad. (Foto: Arild Erlien)

Landbrukskontoret

Tysdagen starta med besøk og gode samtaler med dei tilsette på landbrukskontoret i Surnadal; næringssjef Harald Bredesen, jordbrukssjef Mona Rosvold, fagkonsulent Ingebrigt G. Moen og skogbrukssjef Tore Gjul.

 

Gardsslakteri

Ved Sylte gardsslakteri vart styret teken imot av familien Sylte - far Lars, son Ola og dotter Jorid, samt styreleiar Ola Grimsmo. Dei orienterte om svineproduksjonen og bygging av slakteriet. Dei har kapasitet til å produsere og slakte meir gris.

 

Sylte Gardsslakteri: Ola Sylte (t.v.) og Lars Sylte. (Foto: Arild Erlien)

Nydyrking

I Halsa var det nestleiar i Halsa og Valsøyfjord Bondelag, Jan Erik Glåmen (32), som orienterte om utviklinga av landbruket i kommunen. Han kom inn på hjorteskadar på skog, og jordvernsak langs E39. Fylkeslaget såg på nydyrkingsfeltet som han har under opparbeiding på Halsanaustan. Her er store jordressursar framleis.

 

Skogplanting

Ved Megarden planteskole på Halsanaustan orienterte dagleg leiar Tore Dønheim  om utviklinga og nedgongen i skogplantinga i fylket. Megarden er eigd av Skogselskapet i Møre og Romsdal.

Nestleiar i Halsa og Valsøyfjord Bondelag, Jan Erik Glåmen (32), orienterte om nydyrkingsfeltet som han har under opparbeiding på Halsanaustan. (Foto: Arild Erlien)

Nederlendarar nye brukarar

Siste stopp på utferda var besøk hos Djurry Postma og Lieuwe Van Der Valk, det nederlandske paret som i oktober kjøpte ein av Halsagardane. Her har dei vidareført gardsdrifta med mjølkeproduksjon. Dei jobba som avløysarar på Tolga før dei flytta til Halsa. Styret var svært tilfreds med at denne fine garden var seld i full drift og ikkje slakta.

 Frå v: Nestleiar i Halsa og Valsøyfjord Bondelag, Jan Erik Glåmen, dagleg leiar ved Megarden planteskole, Tore Dønheim og fylkesleiar Inge Martin Karlsvik. (Foto: Arild Erlien)

 

 

 

 

 

 

Det nederlandske paret Djurry Postma og Lieuwe Van Der Valk kjøpte i oktober ein av Halsagardane. (Foto: Arild Erlien)

 

 

 

 

 

CorePublish publiseringsløsning