
Arbeidsmengda har auka betydeleg dei seinare åra. Mjølkeproduksjonen på gardane er fordobla siste tiåret. Driftsbygningane er maksimalt utnytta. Resultatet er ingen betring av økonomien, men meir gjeld og mindre fritid. Det er ikkje arbeidsmessig muleg å doble produksjonen i håp om å betre lønsemnda også i det komande tiåret. Prisen på mjølk til produsent må opp ein krone literen, under føresetnad av endring til prosenttoll for mjølk.
Det må vere muleg å leve av ein vanleg gard. Styresmaktene tek på seg eit stort ansvar for matforsyninga i framtida når dei våger å underbetale matprodusentane. Politisk pålagde kostnader medverkar også til inntektsnedgongen.
Vi krev desse geografiske målretta tiltaka overfor Vestlands-landbruket:
1 Driftstilskot mjølkeproduksjonen Vestlandet eiga sone opp til kr 100.000 pr bruk
(utgjer samla ca 60 mill kr )
2 Distriktstilskot mjølk sone D fjord- og fjellbygdene opp 25 øre pr liter (ca 130 mill kr)
3 Distriktstilskot sau- og storfekjøt Vestlandet eiga sone opp kr 3 pr kg i sone 2 og 3
(ca 75 mill kr )
4 Eiga investeringspakke for bruk med grasbasert husdyrhald på Vestlandet
for å oppretthalde produksjonsnivået og halde fleire bruk i drift
- Rentestøtteordninga betrast både på rentesats og låneramme.
- Eigen tilskotsordning til drenering og grøfting som eit nytt miljøtiltak.
5 Beitetilskot få ein eigen og høgare sone for Vestlandet for storfe og småfe
med sikte på å få fleire dyr på beite
6 Bratt Areal inn att i dei nasjonale føringane for Regionalt miljøprogram
- Tilskot må gjelde frå første dekar og for alt areal som er bratt.
2.1 Tiltakspakke for Vestlandet: Prioritere dei arbeids- og kapitalkrevjande grasbaserte mjølke- og husdyrproduksjonane
Vår uttale framfor jordbruksforhandlingane er forsøkt sett i lys av dei nasjonale og globale mat- og miljøutfordringane, og har teke omsyn til våre innspel på lengre sikt framfor ny stortingsmelding om landbruks- og matpolitikken.
Dei tre fylkesbondelaga på Vestlandet har drøfta felles tiltak som kan løfte inntektene på Vestlandet. Norsk Institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) sine driftsgranskingar for 2008 syner at inntektsutviklinga for landbruket i dei tre vestlandsfylka ikkje held tritt med landsgjennomsnittet. Gapet til gjennomsnittet auka monaleg frå 2001 til 2002. Det var i denne perioden det vart flytta tilskot frå mindre einingar i husdyrproduksjonane til større einingar i husdyrproduksjonen og kornproduksjonen ved at strukturen i arealtilskota og produksjonstilskota for husdyr vart endra.
Denne skilnaden har ein ikkje greidd å redusere dei seinare åra og Vestlandsbonden ligg med det 20-25.000 kroner pr. årsverk under landsgjennomsnittet. Mykje av årsaka til det ligg i at vi har ein stor del arbeidskrevjande grovfôrkrevjande produksjonar der inntekta jamt over ligg lågare enn i dei kraftforkrevande produksjonen. Vi har også mange mindre einingar enn gjennomsnittet i landet, og vi har ein topografi som gjer det uråd for oss å halde tritt med strukturutviklinga elles i landet.
Mjølkeproduksjonen står for 54 % av verdiskapinga og sauehaldet for 20 % i Sogn og Fjordane. I Hordaland står mjølkeproduksjonen for 41% av verdiskapinga medan sauehaldet står for 22%. I Møre og Romsdal betyr mjølkeproduksjonen 65% av verdiskapinga frå jordbruket i fylket. Dette dannar bakgrunn for vestlandsfylka si sterke prioritering av dei grovforkrevande produksjonane og mjølk særskilt.
Prioritere dei produksjonane og landsdelane som tener minst
Midlar over statsbudsjettet må bli nytta målretta for å gi utjamning mellom distrikt og produksjonar, og sikre variert bruksutvikling over heile landet. Fylkesbondelaga på Vestlandet krev ei kraftig styrking av økonomien i dei arbeidskrevjande produksjonane i distrikta. Det vil seie produksjonar der grovfôret er avgjerande. Den komande jordbruksavtala må syne ei svært sterk evne til å prioritere desse produksjonane. Skal landbruket på Vestlandet vere livskraftig framover må vi ha betalt for driftsulempene knytt til våre arbeidskrevjande driftseiningar.
Vi tek det som føresetnad at fraktordningane ligg fast. Det er svært viktig for Vestlandsjordbruket at desse ordningane vert styrkt, slik at ein oppnår like prisar uavhengig av avstand.
Det er ikkje tvil om at gjennomsnittsbonden jamt over tener for lite i høve til den arbeidsinnsatsen vedkommande legg ned på bruket. Dette gjeld i heile landet. I ein slik situasjon er det ekstra alvorleg for dei som ligg under det gjennomsnittlege inntektsnivået. Skal ein gjere noko med det må styresmaktene og næringa syne vilje til å prioritere distriktstilskot som kan målrettast direkte mot fylka med lågast inntening.
Effektivitetskontrollen i Tine kan vise til lønsemdmålet ”mjølk minus fôr” i ulike soner for distriktstillegg. Her er dei variable fôrkostnadene trekt frå. Den viser lågare mjølkepris trass i auka distriktstillegg, og med eit spesielt fall i sone D.
Mykje av legitimiteten for norsk landbruk ligg i at landbruket i fylka med dei lågaste inntektene overlever og utviklar seg i positiv lei.
Vederlag pr arbeidstime er svært ulik mellom produksjonar og distrikt. Referansebruka viser faktiske rekneskap der kostnadsfaktorar dels er normalisert. Resultata viser ein skilnad i årsverksinntekt på rundt heile 230.000 kr: Frå 138.000 kr til 373.000 kr.
(Tal for 2009 før avtale. Ref. bruk 22 med 0,38 årsverk korn er halde utanom.)
Produksjonstilskota, som er dei verkemidla ein kan nytte til fordeling mellom bruk og distrikt, viser også stor skilnad pr årsverk med rundt 180.000 kr: Frå 108.000 kr og opp til 288.000 kr for dei største kornbruka. Bruk 19 årskyr Vestlandet får kr 205.000 pr årsverk.
2.2 Distriktstilskotet – målretta for mjølk og kjøt i fjord- og fjellbygdene i Sør-Norge Distriktstilskotet er målretta ned på gardsnivå og med garantert distriktsverknad. Distriktstilskotet er knytt til faktisk levert produkt og kompenserer kostnadene etter mengde. Distriktstillegga imøtekjem difor også dei litt større bruka i forhold til kostnadene som føl produksjonsomfang.
Distriktstilskot har ikkje kostnadsdrivande effekt på leigejord slik som arealtillegg.
Distriktstilskot er billeg å forvalte og lett å kontrollere.
Distriktstilskot er i blå boks i WTO. Ikkje avklart krav om reduksjonar i evt avtaler.
2.3 Bratt Areal inn i føringane for Regionalt Miljøprogram (RMP) for Vestlandet
Det vil virke målretta å auke dei Regionale Miljømidlane på Vestlandet for å nå særskilde miljømål og utjamne spesielle driftsulempe knytt til måloppfyllinga.
Bratt Areal er ein viktig del av miljøet og landskapsbiletet på Vestlandet. Tilskot til bratt areal må difor inn i dei nasjonale politiske føringane for ordninga. Tilskot må gjelde frå første dekar og for alt areal som er bratt.
Midlane til Verdsarvområda viser kva det kostar å sikre drift av verdifulle kulturlandskap. Verdsarvsatsinga viser at arealtiltak er av interesse for fleire departement, og som bør gå inn med like mykje midlar til kulturlandskap gjennom RMP som LMD.
Dersom det blir ei ordning med ”kantsonetillegg”, kan Regionalt Miljøprogram gå inn i nye ordningar basert på elektronisk kartverk og arealspesifikke faktorar for driftsulempe.
2.4 Investeringspakke for mjølk og grovfôrbasert husdyrhald på Vestlandet
Vestlandet har gjennomgåande mange mindre gardsbruk spreidd i landskapet. Det er behov for fleire driftsbygg, og det er viktig at mange nok bruk investerer trass i svakare lønsemd og tungvint drift for å oppretthalde produksjonsnivået i bygda og i landsdelen, og med det kulturlandskapet. Investeringsverkemidla må også stimulere satsing på fleire produksjonar som tek sikte på å nytta ut garden sine samla ressursar.
Det er generelt høgt kostnadsnivå i regionen.
Det bør framleis vere tak på investeringstilskotet og likt i alle fylka.
Rentestøtteordninga bør bli vurdert å auke satsen frå 50% til t.d. 60%, også tilbakeverkande for dei som har bygd nyleg.
Rentestøtta bør vere basert på siste års rente og ikkje fleire år bakover i tid. Rentestøtteordninga bør bli forvalta i ein sentral utjamningspott for å få balanse mellom tilskot og rentemidlar.
3 Om dei einskilde produksjonane og tiltaka
3.1 Prisar – Marknadssituasjonen tilseier at målprisane minst må følgje prisveksten
Finanskrisa merkast i norsk landbruk med mindre etterspurnad, forbrukarane kjøper rimelegare varer, og produsentprisane ligg under avtalte mulege prisar i marknaden.
Prisane er for låge i alle produksjonane og bør vere høgare.
Mjølk – målpris bør opp 1 kr - under føresetnad endring til prosenttoll.
Storfekjøt – Nortura bør leggje opp til prisauke.
Svinekjøt – Norsvin viser til venta betring i marknaden og tilrår prisen opp 1 kr.
Egg – Reknar med at det er grunnlag for å auke målprisen.
Økonomien for dei som har bygd om tilpassa nye reglar må opp slik at ein kan leve av det.
3.2 Driftstilskot i mjølkeproduksjonen
– har strukturverknad og er saman med distriktstilskot ein betre måte å heve inntektene på enn arealtilskot som lett aukar prisene på leigejord.
3.3 Mjølkekvoter, samdrift og kvoteleige
Pris på kjøp og sal av statleg mjølkekvote bør senkast til kr 2,50.
Ein bør ta sikte på å få til eit langsiktig nasjonalt kompromiss om reglane for samdrifter.
Det bør vere felles kvotetak for samdrifter og einskildføretak.
Medlemer i samdrifter må få høve til å leige kvote.
Eit likt regelverk for ulike føretak vil gjere det enklare å velje organisasjonsform.
I dag kan ein person skipe ei samdrift for å omgå kvotetaket for enkeltbruk.
For samdrift bør taket på 5 deltakarar bli fjerna.
Det bør framleis vere ei avstandsgrense.
Tilsvarande vil gjelde for geitemjølk.
Referansebruka viser for samdrifter kontra andre store mjølkebruk med nokså lik produksjon og tal bruk: Vederlag til arbeid og eigenkapital pr årsverk for samdriftene ligg på 257.000 kr mot einskildbruka 218.000 kr i snitt.
3.4 Arealtilskot for grovfôr i fjord- og fjellbygdene
Vi vil halde på strukturgrensa på 200 dekar.
Dersom det blir utflating for å forenkle, må dette kompenserast ved differensiering etter distrikt over 200 dekar ved utflating innan kvar einskild sone. Auka ramme må fordelast med lik sats på alt areal i heile landet. Grovfôrproduksjonen er særleg arbeidskrevjande i fjord- og fjellbygdene når det blir større areal og med det fleire teigar. (Arealtilskotet for grovfôr er berre kr 50 over 200 dekar i alle soner utan Finnmark. Arealtillegg for korn er differensiert etter distriktssone. Korn aukar frå kr 107 til 247 for dei første 800 dekar i dei ulike sonene, og er også differensiert over 800 dekar frå kr 96 til kr 232.)
3.5 Kantsonetillegg
Vi er tilfreds med at det blir arbeida med eit arealtillegg som kan ta omsyn til lengda på kantsone-, eller tal jordstykke eller tal teigar, og gjerne bratt areal, og evt høgde over havet. Dette som kompensasjon for driftsulempe for dei som driv mange mindre skifte.
Vi reknar med at kantsonetillegg bør vere eit av tiltaka i den nye stortingsmeldinga.
(Vi viser til statistikk som viser at jordstykka, dvs. samanhengande jordbruksareal avgrensa av t.d. veg, bekk eller skog, er nokså like i Vestlandsfylka, og saman med Agder minst i landet. I Møre og Romsdal er jordstykka under 20 dekar i snitt.
Tilsvarande er teigstørrelse, som er jordbruksareal heilt omslutta av andre eigedommar, nokså lik i Vestlandsfylka og saman med Agder minst i landet.
I Møre og Romsdal er teigane på rundt 40 dekar i snitt.
I Møre og Romsdal har heile 31% av bruka 5 teigar eller meir, som altså er delt av andre eigedomar. Forholdsvis få bruk har fordel av å ha få teigar og få jordstykke.
Og heile 45% av bruka er oppdelt i 8 eller fleire jordstykke.
I Oppland, Agder og Nord-Norge er også jordvegen sterkt oppdelt viser statistikken.)
3.6 Geit
Påsettkje over 9 mnd bør få tilskot på line med vaksne geiter.
Vidareføre finansiering av Friskare geiter.
Kjekjøt – Auke slaktetilskotet vesentleg om det skal gi grunnlag for kjøtproduksjon. Produsentmiljø bør arbeide med å utvikle produksjonen av kjekjøt som nisjeprodukt.
3.7 Sau
Produksjonstilskot husdyr med tillegg for lammeslakt av god kvalitet er ei god ordning.
Beitetilskot og utmarksbeitetilskot er viktige.
Tilskot avlslam bør bli gjeve for 25% av påsettsau.
Utegangarsau: Produksjonstilskot må bli knytt opp mot levert produkt og kvalitet.
Nedre grense for produksjonstillegg sau og ammegeit bør auke til 100 v f sau.
Det bør bli opna for at samdrift på sau kan kombinerast med mjølkeproduksjon tilsvarande som for ammeku utan tap av produksjonstillegg.
3.8 Kanin – Gjeninnføre husdyrtillegget for avlshoer av kjøt-, ull- og pelskanin samt distriktstilskot for kjøt slakta ved godkjend slakteri.
3.9 Frukt, bær, rotvokstrar og potet
Vestlandet må oppretthalde sin del av produksjonen av frukt og bær og dei andre grøntproduksjonane. Desse er arbeidsintensive og med høve til større arealavkasting. Dei er krevjande under våre produksjonsvilkår med klima og struktur. Dei nyttar ofte areal som elles ikkje ville vore i økonomisk drift. Desse produksjonane på Vestlandet er ein viktig del av legitimiteten for norsk landbruk og for reiselivsnæringa. Grøntproduksjonane har gode marknadsmulegheiter på sikt.
Tiltak som: Arealtilskot og distrikts- og kvalitetstilskot.
Vi viser elles til uttale frå Grøntutvalet for Vestlandet.
Målpris grønsaker og potet er det grunnlag for auke rundt 10%.
3.10 Kombinasjonsbruka
som driv fleire produksjonar og nytter ut garden sine samla ressursar har gått tilbake som følgje av svekka lønsemd for mindre produksjonsomfang. Strukturtiltak som styrkjer økonomien på dei første einingane for kvar einskild produksjon er eit av dei viktigaste tiltaka for å fremme ressursutnytting og variert drift på den einskilde gard.
3.11 Fraktstøtteordningane
Frakttilskot til inntransport av slaktedyr er viktig for aktiv husdyrproduksjon i heile landet. Skal sikre same leveringsvilkår over heile landet samt samvirkebasert marknadsomsetting. Det må vere lik fraktkostnad for alle leverandørar til samvirke. For kjøt reknar vi med at det blir vurdert liknande ordningar som prisutjamninga for mjølk.
Frakttilskot for korn og kraftfôr må styrkast – mellomfrakt og stadfrakttillegg.
(Frakttilskota utgjer: Korn/kraftfor 166 mill kr. Slakt 72 mill kr. Egg 7 mill kr)
3.12 Kraftfôrprisen må ned
Kraftfôrkostnadene utgjer 25% av samla kostnader i jordbruket inkl. kapitalkostnader.
Korninntektene er 2,5 mrd kr - mot kraftfôrkostnadene som er på 5,4 mrd kr.
Kraftfôrprisen svekkjer norske husdyrprodukt i forhold til konkurrerande import.
Det blir ”importert” ca 25.000 tonn kraftfôr til dei tre Vestlandsfylka frå eksterne leverandørar. Det trugar bøndene sine lokale kraftfôrfabrikkar i regionen. Våre fabrikkar er viktige for å sikre primærproduksjonen i landsdelen. Bøndene kan sjølv sikre grunnlaget for framtidig produksjon på Vestlandet ved å ta kraftfôr frå eigne fabrikkar i Vest-Norge.
Fôrkorn må bli betalt etter kvalitet.
3.13 Pelsdyr - Fraktkostnadene aukar og fraktutjamninga bør opp igjen frå dagens 23,2 mill kr til 25 mill kr.
4 Utviklinga i dei tre Vestlands-fylka: Produksjon og areal sterkt ned
Arbeidsomfanget med husdyr alle dagar i året med krevjande klima og landskap, tidkrevjande innhausting og gjødselspreiing over stadig større avstandar set klåre grenser for gardsdrifta på Vestlandet.
Dei tre Vestlandsfylka står for 22 % av levert kumjølk i landet, 19 % av storfekjøtet og 23 % av sauekjøtet. Fylka har 21 % av bruk i drift i landet. På Vestlandet har siste tiåret sidan 1999 fulldyrka areal i drift gått ned med 86.000 dekar, mest i Hordaland. Talet på mjølkekyr har gått ned med 17.500, mest på Møre, samla utgjer det 27% av reduksjonen på landsbasis. Tal storfe er redusert med 18.000 dyr, og mest på Møre, medan storfe har auka på landsbasis. Talet på vaksne sau er ned over 50.000, mest i Sogn og Fjordane, og utgjer 60% av nedgongen i landet.
Dei tre Vestlandsfylka toppar stadig sal av mjølkekvote, i 2009 med 100 av 275 bruk i landet (utgjer 36%, medan Vestlandet har 25% av bruk med kvote) – Møre flest.
Granskingar viser at rekrutteringa til Vestlands-gardane er meir usikker enn i andre landsdelar. Landbruket på Vestlandet har spesielt sterk støtte i opinionen. Møre og Romsdal er det fylket som har hatt størst tilbakegong i tildelt produksjonstillegg.
5 Fordeling av budsjettmidlar mellom bruk, distrikt og produksjonar
5.1 Nasjonal produksjonsfordeling
– det skjer store endringar mellom og innan regionar
Det er fullt muleg å starte med alle produksjonar i alle landsdelar. Også med kumjølk, der unge i næringssvake strok er prioritert. Unnataket er geitemjølk og kylling der ein i røynda er vist til område med mottaksanlegg om ein ikkje foredlar sjølv.
Norsk kornproduksjon er særleg avgjerande for nasjonal sjølvforsyning.
Det er importert store mengder av ulike fôrslag, som proteinvokstrar, samt grôvfor. Det er difor ulike alternativ for vekstskifte der det er trong for det.
Produksjonsfordelinga i landet er ein gitt faktor. I praksis likevel i stadig utvikling mellom og innan regionar. Med målet om berekraftig produksjon tilpassa matvaresituasjonen i verda og miljø- og klimautfordringar må vi nytte meir framtidsretta og andre omgrep enn ”kanaliseringspolitikken” til å beskrive produksjonsfordelinga. Kanaliseringspolitikken var ein overprising på korn som gjorde det mest lønsamt å dyrke korn der det er best dyrkingsforhold. Dagens utfordring for å nå nasjonale mål om landbruk over heile landet er flyttinga av fleire produksjonar til Jæren og dei beste bygdene på Austlandet og i Trøndelag. Tilsvarande flytting skjer også til dei beste områda innan fylka.
5.2 Kostnadsreduserande tiltak = rimelege inntektsaukande tiltak med plusseffekt
For å kunne auke inntektene er det naudsynt å redusere dei underliggjande kostnadene –
- På innkjøpte driftsmidlar
- Tilstrekkjeleg rimeleg investeringskapital
- Forbetre ressursutnyttinga av maskinar, husdyrgjødsel og areal
- Avgifter i produksjonen
- Kostnader i omsetningsledda og prioritere kjerneområda i organisasjonane
5.3 Vurdere om meir av ordningane kan gå til direkte utbetaling slik at dei gir mest muleg inntektsverknad. Mange fellestiltak over jordbruksavtala er heilt avgjerande, som marknadsregulering, fraktordningar, investering, avl, rettleiing og fellesanlegg og nedskriving av norsk råvarepris til matindustrien. Økonomien er slik at ein bør prioritere strengt midlar til andre føremål slik at meir midlar kan gå til direkte utbetaling.
Av ei avtaleramme på 12.986 mill kr, blir 11.298 mill kr direkte utbetalt inkl avløysing. Elles er tilskot til fylkesvise bygdeutviklingsmidlar 418 mill kr.
Tilskotsordningane bør i større grad vere innretta slik at dei stimulerar til faktisk vareleveranse, som distriktstilskot, til kvalitet som for lammekjøt, og til miljøtilpassing.
5.4 Kostnadsoppbygginga i husdyrproduksjonane - Utvikle nye meir balanserte pris- og kostnadsstrukturar mellom fôrkorn og husdyrprodukt
Kraftfôrprisane er ei avtalesak. Det må skapast dynamiske instrument som balanserer fôrkostnadene i husdyrhaldet. Prisfall på husdyrprodukta bør speglast att i kraftfôrkostnadene. Dagens system kan gi avtalte prisar på korn til kraftfôr samstundes som prisen på husdyrprodukta vekslar med marknaden. Dette er aktualisert ved at delar av sikkerheitsnettet kan bli svakare for fleire husdyrprodukt ved den nye marknadsordninga og med bortfall av målpris.
Ei ny ordning kan kanskje vere finansiert ved at det blir opna for at omsetnadsavgiftene kan nyttast til å tilpasse situasjonen mellom produkt.
5.5 Prisnedskriving korn – bør omprioritere midlane til meir målretta tiltak
Desse budsjettmidlane bør nyttast direkte til dei tiltak og produksjonar det er ønskjeleg å styrke anten det er i korn-, kornbasert- eller grovfôrproduksjonen. Med målet om størst muleg nasjonal produksjon av fôrmidlar er det ikkje noko argument for prisnedskriving at det også reduserer prisen på importert kraftfôr.
Prisnedskriving er ikkje målretta: Det stimulerar ikkje nasjonal produksjon generelt eller av spesielle fôrvarer som bør bli prioritert, heller ikkje mengde eller kvalitet i korn, lågt fôrforbruk eller grovförkvalitet. Kostnadsdrivande effekt.
Men prisnedskrivinga endrar lønsemda mellom grasbasert og kornbasert produksjon.
Det bør vere eit mål at norsk produksjon av karbohydrat-kraftfôr og proteinfôr kan erstatte meir av importen. I dag driv Norge store areal i andre land gjennom kjøp av fôrmidlar. Nesten 50% av kraftfôret er no importert vare.
Kornet bør koste det som er avtalt direkte og som sikrar tilstrekkjeleg lønsemd i den viktige nasjonale kornproduksjonen.
Vi kan ikkje sjå at 30,8 øre i prisnedskriving i seg sjølv er avgjerande når kraftfôrprisen har auka meir den siste tida.
(Prisnedskriving av 1.233.000 tonn norsk korn à 30,8 øre/kg til kraftfor = 407 mill kr
+ 364 tonn matkorn à 23 øre/kg = 86 mill kr, totalt 493 mill kr.)
5.6 Omsetningsavgifta - 129 mill kr og Forskingsavgiftene må prioriterast strengt.
Dei utgjer for ein gjennomsnittleg kubuskap for tida 9 øre + 1,54 øre pr ltr = kr 10.000 pr år berre for mjølka.
For konsesjonsbuskap slaktegris før prod. regulering kr 95.000 pr år (56 øre/kg)
5.7 Økologisk landbruk – vurdere ny strategi og tiltak som sikrar vareproduksjon
Måla og tiltaka bør vere knytt til etterspurnaden i marknaden og levert produkt.
Øko-landbruk bør i prinsippet vere basert på krinslaupsressursar på den einskilde gard.
Det er ikkje berekraftig økologi å stimulere lang transport av innsatsfaktorar eller produkt.
Alle tiltak i næringa bør stimulere til økologisering og miljøriktig produksjon. Gjødsel- og miljøplan og kvalitetssystemet er slike tiltak.
Krava til husdyrhald og oppstalling må vere likt for alle produksjonar.
For å sikre mest muleg overføring av kunnskap mellom alle bønder bør hovudansvaret for økologisk landbruk liggje til Norsk Landbruksrådgiving.
Gratis førsteråd bør halde fram.
Vidare prioritere midlane slik at dei fremmer produksjon og praktisk rettleiing framfor ulike prosjekt.
Tillegg for økologiske produkt må bli finansiert over marknadsprisen og statsbudsjettet, og ikkje gå på kostnad av omsettingsorganisasjonane sin pris.
Bruk av felles ressursar for å fremme økomat på offentlege institusjonar er feil.
5.8 Råvarekompensasjonsordninga (RÅK)
Bør løyve dei midlar til prisnedskriving som trengst slik at norske råvarer kan gi konkurransedyktig norsk næringsmiddelindustri. Tilskotet på 195 mill kr over jordbruksavtala er viktig for verksemder som pizzaproduksjonen på Stranda.
6 Velferdsordningane
Avløysing ved ferie og fritid – må bli utbetalt to gonger årleg, t.d. som ei refusjon etter dokumentasjon for første halvår med inntil 50% av tilskotet. Alternativt at næringa sjølv tek ansvar for dokumentasjon og utbetaling liksom for sjukdomsavløysinga.
Samdrifter og ansvarlege selskap har ikkje dokumentasjonsplikt.
Vi vil likevel framleis prioritere direkte inntektshevande tiltak framfor refusjonsordning for utgifter som midlar til avløysing så lenge det er avgrensa med budsjettmidlar.
Avløysing under sjukdom – Lokallaga har ulike syn på å prioritere auka dagsats framfor generelle inntektshevande tiltak.
Bør kunne nytte andre familiemedlemer til avløysing ved sjukdom inn under ordninga.
Tidlegpensjonsordninga – bli lik minstepensjon og utbetalt kvar månad.
Etter at tidlegpensjon er blitt ei generell ordning bør ein fjerne krav om sal av garden. Dette var sett på som eit rekrutteringstiltak. I mange tilfelle er det ikkje nokon til å ta over, og alternative husvære kan vere dyrare enn salsverdien for garden.
Trygdeordningane for bøndene - bør bli gjennomgått samla.
7 Næringsutvikling og miljøtiltak - Rammevilkåra for sjølvstendig næringsdrivande og politiske pålagde kostnader
7.1 Næringsutviklingspakke: Regjeringa bør som ein del av sin næringsstrategi for landbruket med tilleggsnæringar gå gjennom alle kostnadsdrivande tiltak, avgiftar på kjøtkontroll, kraftfôr, drivstoff, el-kraft, skattar, andre avgifter og regelverk.
Skattefri fondsavsetnad for reinvestering i garden bør bli innført m.a. ved sal av delar av næringseigedom og ved sal av mjølkekvote. Jfr også skogfondsystemet.
Avskrivingssatsen for næringsbygg i distrikta må opp frå 4 til 8%.
7.2 Rekruttering og generasjonsskifte
Det beste og mest effektive rekrutteringstiltak er konkurransedyktig økonomi. Det bør bli arbeid med eit sett av virkemiddel for dei som skal inn i næringa, inkl skatt, avgift, lovar og enklare reglar. Investeringsfondsordning for unge som ei ”BSU-ordning” må kome.
Vi ser behov for tiltak som medverkar til at fleire bruk kjem på sal slik at unge som er interessert kan få kjøpe og drive gard. Det må vere lønsamt å selje gardsbruk i drift framfor å slakte garden. Skattelegginga stimulerer ikkje sal av garden ut av familien.
Ved eigarskifte for unge under 35 år er det ei god ordning i jordbruksavtala med etableringstilskot til ulike miljøtiltak med 40% tilskot inntil ei kostnad på 750.000 kr (gjeldande for 2010 i Møre og Romsdal).
7.3 Rentestøtteordninga til bruksutbygging - under jordbruksavtala forvalta av Innovasjon Norge bør bli prioritert. Mange av dei som har bygd nye fjøs og har møtt kostnadsnivået dei siste åra kan ha behov for ekstraordinære tiltak, spesielt ved aukande rente.
Vi trur ikkje det er klokt å differensiere investeringsmidlar etter alder på gardbrukar (evt ut over dagens etableringstilskot ved generasjonsskifte) sidan det ganske ofte er den eldre generasjon som tek eit løft før overdraging.
Under Landbrukets Utbyggingsfond blir berre 418 mill kr brukt til dei fylkesvise investeringsmidlane av ei ramme på over 1,1 milliard kr.
Fylkesbondelaget har brukbar innverknad på investeringsmidlane når det gjeld å trekkje opp næringsstrategien for fylket. Men meir avgrensa påverknad på dei ”frie” midlane som FMLA disponerer til generelle bygdeutviklingstiltak, samt økologisk, m.v.
7.4 Regionalt Miljøprogram og Spesielle Miljøtiltak (SMIL)
vil lokallaga og fylkeslaget ikkje prioritere å auke ut over øyremerka midlar til Vestlandet.
Beitesamarbeid – er det viktig blir stimulert.
Tilskot til hydrotekniske tiltak, drenering og profilering – bør bli innført igjen for heile landet. Det er spesielt viktig både av omsyn til miljø og for å halde vedlike leigejord. Ordninga med høve til rentestøtte til grøfting finner vi ikkje brukbar i praksis.
Miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel – forsøksordninga bør gjelde heile landet. Men føresetnaden er friske midlar til eit klimatiltak som ikkje går på kostnad av andre tiltak.
7.5 Utviklingsprogrammet for grønt reiseliv: Det kan virke som mangeårig satsing på ulike tiltak diverre har gjeve avgrensa næringsutvikling hos våre medlemer på landsbasis.
I Møre og Romsdal har vi likevel dels gode resultat. Det kan vere at prosjekt organisert i Norges Bondelag saman med samarbeidspartnarar hadde gjeve betre effekt.
7.6 Verdiskapingsprogrammet for mat - Aktuelt at midlane går inn i ramma for BU-midlar øyremerka berre bedriftsretta tiltak og ikkje til programsatsing eller prosjektstøtte. Det bør vidareutviklast eit godt organisasjonsapparat som bistår gardsmatprodusentar.
7.7 Inn på tunet - I mange fylke har Landbruksavdelingane hos fylkesmannen teke ansvar for organiseringa. Dette har den fordel at dei har kontaktar innan helsesektoren i fylke og kommune. Ulempa er næringskontakten, slik at det beste på sikt kan vere eit sterkt fagorgan som vi har for Hanen (Norsk Bygdeturisme og Gardsmat) og for Norske Lakseelvar med sekretariatstenester lagt til Norges Bondelag.
7.8 Bioenergi-programmet - Tiltak i landbruket bør hovudsakleg finansierast og prioriterast av dei store løyvingane som er stilt til rådvelde gjennom m.a. Enova. Rammevilkåra her er ganske skiftande. Dette er langsiktige samfunnstiltak med lita direkte inntektsverknad i året. Det bør bli arbeid med å utvikle tiltak som kan gjere garden meir sjølvberga med energi, som rimelege småskala anlegg for bioenergi, solfangarar, el-forsyning frå vatn, vind, gjødselgass, solceller, osb. Det er lite samordna erfaringsgrunnlag og tiltak for energisparing og -gjenvinning i driftsbygg, ventilasjon, mjølketankar, m.m.
7.9 Skogbruk - Over Landbrukets Utbyggingsfond er løyvinga til bioenergi og skogbruk 218 mill kr. Allskog peiker på at utført ungskogpleie føl tilgong på tilskot slik at ein ser godt at aktiv skogpolitikk verkar. Kystskogbruket vil utløyse store ressursar dei komande åra med behov for ei rekkje verkemiddel.
7.10 Klimatiltak under jordbruksavtala - Må vere gardsretta og ha inntektsverknad.
7.11 Småkraftverk - Skal vere bedriftsøkonomisk lønsamt slik at evt finansiering frå avtalemidlar må vere t.d. til felles utgreiing av satsing i eit område, eller vidareføre Bondelaget sitt prosjekt. Største utfordringane er tryggleik for lønsam pris og kapasitet ved tilknyting til el-nettet. Naturvernområde og verna vassdrag er eit hinder for lønsam plassering av inntak av vatn til småkraftverk, og vi må sjå på om det er mulege tiltak her.
Grøne sertifikat: Det er mange småkraftverk som fell utanom ordninga i motsetnad til det som var lova frå politisk hald tidlegare. Dei kraftverka som vart bygd frå 2004 må bli med i ordninga for grøne sertifikat.
8 Andre felles oppgåver og tiltak over statsbudsjettet utanom avtala
8.1 Verdikjeda for mat:
Vi er tilfreds med at også styresmaktene set fokus på maktforholda i matvareforsyninga.
8.2 Beredskapslager for korn – bør bli innført igjen, som for kornsiloane i Vestnes.
8.3 Plantevernmiddel – det er krav om sertifikat og noteringar så avgifta bør bli teke bort.
9 Informasjons- og aksjonstiltak
Mediestrategi: Medlemene ønskjer at fokuset skal vere på bøndene som stolte produsentar av kvalitetsmat, ikkje at det er synd på næringa og distrikta.
Forbrukarorientering: Bondelaget bør satse vidare på å nytte mat og matkultur som kontaktskapande verkemiddel i opinionsdanninga.
Informasjonsaksjon før kravet: Vi vil tilrå at vi legg mest vekt på tiltak i god tid før kravet blir framlagd – når kravet er lagt fram har staten også fastsett forhandlingsmandatet.
Det kan også vere ved demonstrasjon i Oslo med eit tilstrekkjeleg tal aksjonistar i forkant av kravet dersom ein vurderer situasjonen slik at dette kan få støtte i opinionen, og gjerne trekkje med samarbeidspartnarar for norsk mat. Evt supplert med at bøndene i samband med demonstrasjonen er fordelt rundt i sentrale bydelar med materiell, slik vi har gjort før.
Aksjon ved brot: Aksjonar med snert og humor som frir til opinionen er det vi ønskjer. Stoppe trafikken med traktor, dele ut løpesetlar og så sleppe fram trafikken. Demonstrasjonstog i Oslo.
I tillegg andre spontane markeringar i fylke og kommunar for medieoppslag.
10 Om handsaming av uttalen i Bondelaget i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal Bondelag har som vanleg handsama endeleg uttale i utvida styremøte med representantar for samarbeidande organisasjonar den 4. mars. Fylkeslaget baserer sin uttale på 32 innsende skriv eller svar på spørjeskjema frå lokale Bondelag samt 7 andre organisasjonar. Styret har drøfta prioriterte saker i jordbruksavtala ved fleire høve tidlegare: Utkast send lokallaga før jul. Innspel til Møre og Romsdal fylke i januar. Innspel til ny stortingsmelding til Norges Bondelag. Felles prioriteringar i lag med styra for Bondelaget i Hordaland og Sogn og Fjordane i februar.
Vi ønskjer våre forhandlarar lukke til!
Med vennlig helsing Arne Magnus Aasen
Gunnar K. Wentzel
Vedlegg i særskild sending uttale frå desse 32 lokale Bondelag (Svarskjema-S):
Ålvundeid. Rauma. Austefjorden. Liabygda-S. Surnadal+S. Harøy og Fjørtoft. Vestnes. Averøy-S. Hustad+S. Ørskog. Rovde. Ytre Haram+S. Tingvoll-S. Eidsdal og Norddal. Vestre Sunnmøre-S. Aure-S. Gjemnes. Fræna. Stranda-S. Giske. Straumsnes+S. Eide. Ørsta-S. Sunndal+S. Hjørundfjord. Volda og Dalsfjord. Todalen. Skodje-S. Skjåstaddalen-S. Rindal-S. Halsa+S. Sunnylven-S. Samarbeidsorganisasjonar: Allskog. Tine Meieriet Vest. Tine Midt-Norge. Tyr. Norges Pelsdyralslag. Norsk Hjorteavlsforening.
