Fylkesstyret drøfta på siste møte rovdyrforvaltninga. Sauebøndene som beiter til i m.a. Trollheimen ser ut til å få store tap til jerv i år igjen.
Til møtet i rovviltutvalet i neste veke sendte Møre og Romsdal Bondelag dette brevet:
Møre og Romsdal Bondelag vil med bakgrunn i rovdyrtapa i år be om at Rovviltutvalet for region 6 på første møte tek opp att forvaltninga av jerv slik at vi kan få ein sterk auke i talet på fellingsløyver innanfor ynglingsområda i fylket.
Vi vil igjen peike på at med så stor yngleaktivitet i vårt fylke må resten av Trollheimen bli teke ut av yngleområdet saman med Oppdal og Rennebu.
Jervbestanden i Møre og Romsdal har vore aukande i fleire år.
Under lisensjakta 2007-2008 vart det felt 5 jervar i fylket. I tilegg vart det felt 2 under helikopterjakt i mars. Dette er det største talet av felte jerv på eit år i vårt fylke.
Til tross for det vart det påvist 6 ynglingar av jerv i 2008. Alle innafor det såkalla yngleområdet. Målet er 3 ynglingar i Møre og Romsdal.
I heile region 6 vart det registrert 12 ynglingar. Altså var halve av ynglingane i region 6 i vårt fylke. Det vart likevel ikkje teke ut nokon av desse hia. Dette er Direktoratet for Naturforvaltning sitt ansvar. D.N. gjorde vedtak om at hiet i Rindal skulle takast ut, men det var så seint som 20. mai, og ungane hadde forlate hiet. Berre ein unge vart felt og tispa og dei to andre ungane kom seg unna.
Med bakgrunn i det som er nemnt er det både uhaldbart og uforståeleg at rovviltutvalet har gjeve løyve til lisensfelling av berre 3 dyr i yngleområdet i Møre og Romsdal når det samla kan fellast 35 dyr i region 6. Jervbestanden i vårt fylke er frå før for stor. Med felling av berre 3 dyr innanfor ynglingsområdet vil bestanden bli enda større.
Talet på sauebuskapar i Møre og Romsdal er i sterk nedgang. Det store rovdyrpresset er med og reduserer talet på sau i stadig fleire bygder.
Vi er og redde for at Mattilsynet kan gripe inn og nekta slepping i somme område. Det kan føre til at svært gode beiteområde ikkje lenger blir nytta til sau.
