Dette viser ei undersøking som Norsk Institutt for Landbruksøkonomisk Forsking (NILF) har gjort blant bønder som har utvida produksjonen i åra 2002 til 2007.
Fleire og fleire av desse nyfjøsane har plass til meir enn femti kyr, og kostnadane har ikkje sjeldan kome over 10 millionar kroner. Denne utviklinga har gått fort, og mange har følt på at erfaringsmaterialet for å gjere slike investeringar har vore svakt.
Kan drifta forsvare investeringane? Kva konsekvensar har investeringa hatt for trivsel og sosiale forhold på gardsbruket, og korleis har inntektene utvikla seg?
Fylkesmennene og Innovasjon Norge i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har i fellesskap engasjert Norsk Institutt for Landbruksøkonomisk Forsking (NILF) for å gi svar på desse spørsmåla. NILF har gjort ein studie av mjølkeproduksjonsbruk som har gjort store investeringar dei siste åra. I utvalet er det 11 frå Møre og Romsdal, av desse er 6 samdrifter.
Studien viser at driftsresultatet har blitt like godt eller betre enn det som var forventa, men at årsaka til dette er at produksjonen ligg langt over (40%) det som var planlagt. Investeringane vart litt høgare (5%) enn kva driftsplanane viste. I gjennomsnitt ligg nivået på driftsresultatet om lag som for andre mjølkeprodusentar i regionen. Jordbruksinntektene, målt i vederlag til alt arbeid og eigenkapital per årsverk, var kr 204 200 i middel for dei 19 produsentane. Det var betre resultat på samdriftene (13 stk.) samanlikna med enkeltprodusentar (6 stk.). Robotfjøsa (5 stk.) hadde som gjennomsnitt litt svakare økonomisk resultat enn dei andre gruppene.
Spørjeundersøkinga viste at produsentane var nøgde med utbygginga. Arbeidsforhold og trivsel var god, og ingen angra på investeringa.
NILF-rapporten kan du lese som vedlegg – klikk her
