Som ein viktig del av Bondelaget si satsing på tillitsvalde på alle plan i organisasjonen, var heile styret i lokallaga invitert til ein eller to dagar etter ønskje til leiarmøtet på Rica Seilet Hotell i Molde.
Leiarmøtet starta fredag med at to bønder presenterte sin gard, bygd og matproduksjonen, og såg også dette i samanheng med kommunikasjon og omdømme.
Opdøl gard og Renndølsetra
Eystein Opdøl driv heimgarden Opdøl gard i Sunndal. Mjølkekvote på 33 tonn og 130 vinterfora sau. Det er store utmarksareal knytt til eigedomen. Eystein Opdøl driv også Renndølsetra, som ligg i Innerdalen to mil unna heimgarden. Her tilbyr han turistane 25 sengeplassar og full pensjon, ”kafe” på dagtid, og har tre-seks tilsette. Opdøl driv aktiv setring i tillegg til turisme, sesongen er frå St. Hans til skulestart og helgane i september
- All mjølka blir foredla på setra om sommaren. Setermjølka går ikkje inn i kvoten. Vi lagar yoghurt, rømme, smør, iskrem, og tener mellom fem og ti kroner per liter. Renndølsetra har vorte ei svært viktig inntektskjelde, sa Eystein Opdøl.
Eystein Opdøl er oppteken av omdømmebygging og har mykje merksemd om drifta si i media, m.a. reportasjar i utanlandske TV-kanalar.
-- På Renndølsetra kan vi vise folk korleis vi mjølker ei ku, turistane lærer og får sjå samanhengane og dei får eit forhold til landbruket. Det er viktig at folk får sjå korleis maten blir til. Vi merkar at mange har liten tilgang til ein gard! sa Eystein Opdøl.
På Vestlandet sine premissar
Rune Henning Haram driv Sørengarden på Haramsøya i Haram kommune. Han har eggproduksjon med 7500 høner, mjølkeproduksjon med 50 kyr og produksjon av kastratkjøtt av storfe, som er den siste satsinga på bruket. Produksjonen er no oppe i 25 kastrat pr år dvs ca 6,5 til 7 tonn kjøtt pr år. Dette er ein produksjon som gir eit fint kjøtt med god innmarmorering av feitt og god raudfarge. Dette er i mange land rekna for å vere det aller beste storfekjøttet.
Rune Henning Haram er inne i eit treårig prosjekt med finansiering frå Midt-Norsk Forskningsfond, og har eit nært samarbeid m.a. med Kokkenes Mesterlaug i Møre og Romsdal og Union Hotel i Geiranger. Bonden på Haramsøya presenterte for leiarmøtet sine strategiar for lokal og regional mat:
- Produksjon av mat med ekstra kvalitetar på Vestlandet sine premissar, bygge opp historie rundt produksjon og produkt, det er viktig å ta eigarskap til historiene, vi bruker dette til å skape meirverdiar som vert fordelte gjennom eit verdinettverk, og det gir økonomi, yrkesstoltheit, inspirasjon, motivasjon og framtidstru. Framtida må skapast av oss sjølve som bønder, Vestlandet har det beste utgangspunktet for auka verdiskaping i landbruket, meinte han.
Bonden er på verdas største lag - bondelaget
Frilandsjournalist og forfattar Svein Sæter frå Stangvik i Surnadal tok leiarmøtet med i eit skråblikk på landbruket.
- Lageret for velvilje for landbruket er utømmeleg. Det er typisk norsk å vere fri bonde med eigen jord og drive med andre ting attåt, mangesysleri. Vi har ein historisk grunnkapital, denne kapitalen greier vi ikkje å sette over styr, sjølv om vi framstiller oss så tafatte at folk gløymer landbruket. På same måte som media er også landbruket i endring. Begge har i stadig større grad vorte globale næringar. Før var det bønder i bladet, no er det bønder i breiband, sa han.
Han trakk fram at jord er blitt handelsvare i verda, store mengder jord vert kjøpt opp kvart år.
- Eg trur det for landbruksnæringa og lokalmiljøa er viktig å ha eit dobbelt perspektiv, først ta utgangspunkt i sitt lokalmiljø, men også sjå ut over i den store verda. Det må produserast så og så mykje meir mat i verda om så og så mange år, dette er eit enkelt bodskap som folk vil forstå sjølv om dei ikkje veit korleis ein produserer maten. Det vert meir folk på denne jordkloden, og det er bonden som forvaltar den viktigaste skatten i verda. Bonden er på verdas største lag – Bondelaget, sa Svein Sæter.
Kommunikasjonsstrategi
Frå Norges Bondelag møtte 1. nestleiar Berit Hundåla frå Vefsn i Nordland og seniorrådgjevar Per Harald Agerup. Dei presenterte den nye kommunikasjonsstrategien for Norges Bondelag. Dei trakk fram seks strategiske grep: Bygge ut alliansen med folk flest, snakke på vegne av fleire, bruke potensialet i organisasjonen, landbruket er ein viktig del av næringslivet, bruke handlingsrommet i nye medier og vidareutvikle dagens omdømmebygging.
Leiar i Surnadal Bondelag, Oddvar Mikkelsen, tok føre seg kommunikasjon sett frå eit lokallag. Han trakk fram kven vi kommuniserer med, korleis og kva organisasjonen kommuniserer og vårt viktigaste bodskap.
- Vi må alltid promotere landbrukets ressursar overfor anna næringsliv og sjå på landbruket som ei næring på linje med andre næringar. Våre bodskap må vere at maten ikkje er dyr!, mat og landskap er verdt prisen og vel så det, og at vi er den viktigaste næringa og har den viktigaste og beste jobben og må få betre betalt, sa Oddvar Mikkelsen.
Glede og yrkesstolthet
- Vis glede og yrkesstoltheit, oppfordra frilandsjournalist Svein Sæter. Men kva er kjærleik til norsk mat når ein stadig finnmange stridsspørsmål som media kan gripe fatt i. Skal ein satse på mest mulig media, eller best mulig media? Fyll det med innhald, dei gode historiene frå landbruket er salsvare overfor media. Dyrk dei gode historiene, var rådet frå Svein Sæter.
Priorterte næringspolitiske saker
Leiarmøtet vart fredag avslutta med presentasjon av Norges Bondelag sine prioriterte næringspolitiske saker 2011-2012. Etter innleiingane til nestleiar Berit Hundåla frå Vefsn i Nordland og seniorrådgjevar Per Harald Agerup, var det gruppearbeid og framlegging i plenum med spørsmål og diskusjon.
Den internasjonale landbruksverda
Nestleiar Berit Hundåla starta leiarmøtet laurdag med å orientere om norsk landbruk i den internasjonale landbruksverda. Ho er nyvald europeisk representant i styret i den nye verdsorganisasjonen for bønder og samvirke - WFO/World Farmers Organisation. Organisasjonen vart stifta mars 2011 og er ein oppfølgar av IFAP. Ho fortalde at den nye organisasjonen skal skape politikk og jobbe for betre vilkår for bøndene, deira familiar og lokalsamfunn.
- Grunnen til at Norge vart valt og fekk støtte frå mange land i Europa til å representere dei europeiske bøndene i WFO/World Farmers Organisation, er at vi har ein unik posisjon i nasjonal samanheng med omsyn til landbrukspolitikken. Vi har forhandlingsrett med staten, og kan oppnå noko i forhandlingar i motsetnad til m.a. andre nordiske land som får mykje av sin landbrukspolitikk styrt frå Brussel, meinte Hundåla.
- Kontakten med bønder i andre land er viktig. Når det oppstår situasjonar, har vi eit nettverk og det er ein solidaritetsfølelse blant bønder. Internasjonale reglar påverkar også oss, så som WTO og EØS. Vi har alle felles utfordringar på det som gjeld handel, matmakt og klima.
Strukturpolitikk
Seniorrådgjevar i Norges Bondelag, Per Harald Agerup, innleia til debatt om strukturpolitikken. Han kom inn på mange moment som påverkar strukturutviklinga.
- Vi har ei samfunnsutvikling og også bønder er ein del av samfunnet, og landbruket er ei næring på line med andre næringar. Vi har ei befolkningsutvikling der vi må produsere meir mat. Velferdsutviklinga har ført til at vi spis meir og kastar meir mat. Vidare kan vi nemne den teknologisk utviklinga, vi opplever stadig at areal vert teke i bruk til andre føremål, effektivitet og inntekt påverkar strukturpolitikken, og ikkje minst klimaet. Sjå berre på sommaren vi har bak oss. Større og tyngre maskinar påverkar korleis ein kjem seg utpå markane, vi har gardbruk som leiger utstyr, areal er bortleid, bruk baserer seg på stort tungt utstyr og areal er ikkje grøfta. Dette viser noko om utviklinga, og kor sårbare vi er, sa Agerup.
Verknader av strukturendringar
Organisasjonssjef i M&R Bondelag, Arnar Lyche, presenterte verknader av strukturendringar i landbruket i Møre og Romsdal, med fokus på bønders erfaringar med mjølkerobot og innandørsmekanisering.
I dag vert kvar femte ku mjølka av robotar, nesten alle nye fjøs blir levert med robot, og antalet er meir enn tredobla dei fem siste åra. Enkelte hevdar at mjølkeroboten er den største tekniske nyvinninga i mjølkeproduksjonen sidan mjølkemaskina kom i bruk, og at det er eit tidsspørsmål før den overtek all mjølking her i landet. Andre er meir skeptiske og nokre meiner den gjer bonden til slave av teknologien.
Arnar Lyche besøkte og intervjua i sin tidlegare jobb i Landbruk Nordvest fem bønder på Nordmøre og i Romsdal. Han la på leiarmøtet fram deira erfaringar med mjølkerobot og innandørsmekanisering.
Ulik satsing
To bønder som har satsa og investert ulikt delte også sine erfaringar med forsamlinga. Fylkesleiar Inge Martin Karslvik frå Eide bygdenytt fjøs vinteren 2007/2008 og gjekk frå ei kvote på 128 tonn til idag 425 tonn totalt. Han var glad for valet han tok med å installere mjølkerobot, og oppsummerte med at han sparer 2,5 timer pr dag, er blitt meir fleksibel men samtidig bunde, kostnader til drift er akseptable, men anlegget er sårbart for feil.
Bente Bjerkeset Solenes frå Gjemnes driv mjølkebruk med 150 tonn. Ho overtok garden i 2005, som var eit tradisjonelt båsfjøs frå 1975 og som var ombygd i 1995 til lausdriftsfjøs. I seinare tid har det vore ombygging av mjølkestall og forbrett, og gjødselskjellaren er støtta opp. Sjølv om ho kanskje om nokre år kan kome opp i 200 tonn, vil ho sikkert framleis føle å ligge under gjennomsnittet.
- Kva gjer eg da? Det veit eg ikkje. Nokre dagar føler eg å ha ramla av lasset. Men har ikkje mista toget, sjølv om eg ser nokre robotar og samdriftsbønder suse forbi. Eg ville ikkje ha bytta og gjort ting annleis. Med det eg veit i dag, så hadde eg gjort det same valet no som det eg gjorde for fem år sidan, sa Bente Bjerkeset Solenes.
Nytt frå Fylkesmannen
Fylkesskogsjef Harald Nymoen presenterte aktuelle saker frå Fylkesmannens landbruksavdeling i Møre og Romsdal. Hovudområda er m.a. tilskotsforvaltning, sakshandsaming og rådgjeving, arealforvaltning. næringsutvikling og kontroll!
Open Post
Leiarmøtet vart avslutta med open post og lokallaga sin time. Her var det mange engasjerte innlegg på ulike tema, og som nestleiar Berit Hundåla og seniorrådgjevar Per Harald Agerup kunne ta med seg tilbake til styrebordet og sekretariatet i Norges Bondelag.






