Her er uttalen som styret i Møre og Romsdal Bondelag har sendt:
Uttale til Energi- og klimaplan for Møre og Romsdal
Den regionale Energi- og klimaplanen legg vekt på mål og strategiar, og viser potensialet for energisparing og klimatiltak for ulike private og offentlege sektorar i fylket. Planen har som mål å sjå ting i samanheng.
Møre og Romsdal Bondelag meiner det er rett å ha bredt fokus på miljø og fornybare prosessar slik at ein også indirekte oppnår klimatiltak. Det er bra at planen legg vekt på meir miljøriktig innretting på alle område og ikkje berre har fokus på avbøtande tiltak. Planen har omfattande drøfting av jord- og skogbruk.
Landbruket er ein del av løysinga på klimautfordringane. Kombinert med behov for auka matproduksjon også i Norge, blir det arbeidd med å redusere utslepp av klimagassar og auke bindinga i jord og skog. Landbruket er generelt ein stor transportbrukar både i primærdrifta og ved transportbehov mellom gardsbruk og andre verksemder.
Møre og Romsdal har eit godt utgangspunkt for vidare tiltak gjennom godt samarbeid mellom næringa og fylkesstyresmaktene, og i offentlege dokument som:
- St m nr 39 ”Klimautfordringane – landbruket ein del av løysinga”.
- Strategiplan for skogbruket i Møre og Romsdal.
- Kystskogmeldinga som viser potensialet for heile vestkysten i Norge.
- Jordvernplan for Møre og Romsdal vedteke av fylkestinget.
Møre og Romsdal Bondelag vil streke under nokre andre område der fylket bør ha fokus:
Det vil vere rett å få på plass dei tiltak som har størst effekt først.
- Investeringsmidlar: Stimulerer nye miljøløysingar, og redusere den økonomiske risikoen hos private aktørar som satsar på innovative miljøtiltak.
- Skogskjøtsel: Skogreising, skogskjøtsel og hogst er svært konjunkturavhengig og avhengig av internasjonale konjunkturar og nasjonale marknadstilhøve og støttetiltak.
- Skog verknad på lokalklimaet: Direkte effekt ved å gi lé for vind mot sjø og fjell, slik at skogen må vere ein del av arealplanlegginga i klimasamanheng.
- Offentlege bygg: Må gå føre med bruk av fornybar energi, fjernvarme, og nye tekniske løysingar og materialbruk. Det trengst meir kompetanse og demonstrasjonsanlegg for aktørar og publikum i vår region. Det gjeld også satsing på bioenergi, meir bruk av tre i bygg, solvarme og energiattvinning.
- Konkurransedyktig energipris: Innan privat sektor er det føresetnad at anlegg har god margin på lønsemd slik at det er muleg å finansiere.
- Biogass frå husdyrgjødsel: Vi tek til å få mange større gjødselkummar som gjer det meir aktuelt med biogassanlegg. Men det krev truleg samarbeid med offentleg sektor på avsetting og pris.
- Nedmolding av husdyrgjødsel: Det er forsøk i fleire fylke støtta frå jordbruksavtala. I vårt husdyrfylke og med vårt nedbørsmengder vil det vere ønskjeleg å få erfaring med nytt kostbart utstyr. T.d. nyttar nokre alt slangespreiing av gjødsel med nedmolding, evt via store gjødseltankar plassert på fast veg der det er avstand til gjødsellager, og slik unngå noko transport med tungt utstyr på jorda.
- Grøfting og avrenning: Vasstilstanden i jorda for å redusere utslepp av lystgass og metan. Tiltak vil bli vurdert i reglane for investeringsmidlar til næringa i fylket.
- Småkraftverk: Eige prosjekt i Norges Bondelag med vekt på Vest-Norge. Fylkesstyresmaktane bør medverke til å sikre nettilknyting for nye små kraftverk.
