Her er heile brevet som Hjørundfjord Bondelag har sendt kommunen:
Ørsta kommune
v/landbrukssjef Liv Bente Viddal
UTSETT FRIST FOR GJØDSEL-/SILOVÆSKESPREIING
Hjørundfjord bondelag har med glede registrert at Landbrukskontoret i Ørsta har gjeve utsett frist for gjødsel-/silovæskepreiing til dei som har søkt. Likevel undrar det oss at landbrukskontoret berre har lengd fristen med 14 dagar.
Utan tvil kan vi bruke sterke ord om det vêret vi har hatt i sommar og til no i haust. Det er ikkje for sterkt å seie at det har vore ekstremt mange dagar med regn. Og det er frykteleg vått/blautt på markane. Det seier seg sjølv at vi må ha nokre dagar med opphaldsvêr før vi kan køyre utpå markane med traktor og gjødselvogn. Underteikna såg sjølv ein bonde som tydelegis kjende seg tvungen til å køyre utpå ei attlege i Åmdalen sist laurdag. Det var svært trist å sjå resultatet.
Vi som er gardbrukarar og fagfolk på landbruk kjenner sjølvsagt til både mineralgjødselprisar, og kva som er mest lageleg tidspunkt for naturgjødselspreiing, men vi vil kort og godt ikkje øydelegge attlegene våre no noko vi vil gjere ved å spreie t.d. 100 m3 gjødsel – mange har større mengder – før 1. oktober.
Hjørundfjord bondelag oppmodar difor med dette at landbrukskontoret no straks utset fristen for gjødsel-/silovæskespreiing for alle til 15. oktober. Har ikkje vêret vorte lagleg innan den tid, ber vi om at landbrukskontoret utset fristen automatisk til 1. november. Det er viktig å ha med seg at det er gardbrukarar som først har vorte ferdig med håslotten i løpet av dei siste dagane.
Vi vonar på eit snarleg positiv svar og oppmodar i så fall om at vedtaket vert kunngjort i lokalpressa.
Med helsing Hjørundfjord bondelag
Knut Hustad/leiar

