BILETGLIMT FRÅ ÅRSMØTET ER LAGT UT HER
Hans Frafjord, Vestnes og Audun Skjervøy, Norddal, vart nye styremedlemer, medan Anne Katrine Jensen, Gjemnes, attvalt til styret.
Varamedlemmer er Arne Rekkedal, Ørsta (ny), Janne Mork, Averøy (ny) og Petter Melchior, Norddal (ny).
I tillegg til Aasen gjekk også Per Kristian Gjerde, Stranda, ut av styret.
Anne Saltrø Polden, Surnadal, tek over etter John Helde, Nesset, som årsmøteordstyrar.
Den nye fylkesleiaren i Bondelaget er 35 år, og driv med mjølkeproduksjon i nybygd fjøs på heimgarden i Eide. Inge Martin Karlsvik er tidlegare mangeårig leiar i Eide Bondelag, og har vore styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag i fem år, dei to siste åra som nestleiar.
Fokus på rekruttering
I framkant av årsmøtet vart det fredag i lag med Landbruk Nordvest og landbruksavdelinga i fylket halde ei konferanse med over 90 deltakarar om rekruttering og utfordringar for landbruksnæringa i fylket. På konferansen orienterte rektor ved Gjermundnes landbruksskule, Aadne Haarr, om landbruksutdanninga. Styremedlem i Norges Bondelag, Svein Guldal, redegjorde for Bondelaget tiltak for rekruttering og utdanning.
Ellers var det innlegg ved landbruksdirektør Anne Berit Løset, stortingsrepresentant Tove-Lise Torve (Ap), Sunndal, fylkesvaraordførar Svein A. Roseth (KrF) og LO-sekretær Rune Solenes Opstad. Fylkesmann Lodve Solholm opna konferansen.
Jordbrukssjef Rose Bergslid i Tingvoll snakka om næringsutvikling i kommunen, byggtekniske løysingar og økonomi vart teke opp av planleggar Øyvind Bolsø frå Felleskjøpet Nordmøre og Romsdal, medan landbruksdirektør Anne Berit Løset fokuserte på at mjølk og mykje meir i Møre og Romsdal.
Bøndene Tore Simonset, leiar Rindal Bondelag og Oddvar Mikkelsen, leiar i Surnadal Bondelag, snakka om tru på framtida i landbruksnæringa. Leiar i Rauma Bondelag, Anders Øverbø, såg på utfordringar for rekruttering til næringa lokalt. Fagleg opplæring, rettleiing og avløysing vart teke opp av Ivar Bakken i Landbruk Nordvest, og leiar i Midsund Bondelag, Odd Helge Gangstad, orienterte om prosjektet frå kalv til ku – fadderordning skule og fjøs i Midsund.
Rekruttering var teke opp som innkomen sak frå Rauma Bondelag. Årsmøtet sa i vedtak seg svært glad for initiativet frå Rauma Bondelag om å arbeide meir aktivt med rekruttering på bredt grunnlag i vårt fylke, og slutta seg til framlegget frå styret til tiltak på rekruttering, likestilling og kompetanse.
Vil ha eigen Vestlandspakke
I ei utttale påpeiker årsmøtet at mat og miljø er blant dei største politiske utfordringane for alle land i framtida. Møre og Romsdal Bondelag vil utfordre dei politiske partia til å vere med på ein nasjonal dugnad slik eit bredt politisk fleirtal fikk til rundt 1975. Dette for å sikre framtidig rekruttering og investering i norsk matproduksjon og matforedling. Dei som skal leve av næringa kan ikkje vente på neste val og den varsla stortingsmeldinga om landbruks- og matpolitikken. Det er ikkje arbeidsmessig muleg å doble produksjonen enda ein gong i håp om å betre lønsemda i det neste tiåret.
Gjennomsnittleg årsinntekt i landbruket er under 200.000 kroner og Vestlandsbonden ligg enno lågare. Årsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag ber om at det blir oppretta ein eigen Vestlands-pakke for å sikre landbruket der næringa betyr så mykje for mat, kultur, landskap og turisme. Ei slik tiltakspakke må vere geografisk målretta og fremme det arbeidskrevjande grovfôrbaserte husdyrhaldet på Vestlandet. Spesielt i mjølkeproduksjonen trengs det sterke distriktstiltak for å betre den katastrofalt dårlege økonomien.
- For å møte utfordringane trengst kraftig auke av løyvinga over statsbudsjettet. I dag utgjer løyvinga til norsk matforsyning eit tredels forsvarsbudsjett, eller halvparten av den norske spillmarknaden på 24 mrd kr. Det er kjøpekraft i befolkninga til å heve prisane på mjølk og kjøt. Prisen på mjølk til produsent må opp ein krone literen, under føresetnad av endring til prosenttoll for mjølk.
Regjeringa sine gode forsøk på å løfte priser og tiltak i landbruket er ete opp av kostnadseksplosjonen i samfunnet dei siste fire åra. Rammevilkåra med investeringsmidlar, skatt og avgift, sosiale ordningar og kostnadsdrivande regelverk er ikkje gode nok for dei som vil satse som sjølvstendig næringsdrivande. Årsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag vil likevel utfordre dei unge til å satse på landbruksutdanning, bu i bygda og drive næring på alle sine ressursar, og å krevje sin rett.
Maktkampen om maten vår
I den andre vedtekne uttalen spør årsmøtet kva norsk landbrukssamvirke kan gjere for meg som forbrukar. Spørsmålet er høgaktuelt. Både regjeringa og EU vil granske maktforholda i matvarebransjen. I Norge er makta til daglegvarekjedene total. Fire store kjeder har 99% av salet. Dei store og dels internasjonalt eigde kjedene ønskjer å skaffe seg enno meir makt og forteneste ved å få kontroll med større del av matforedlinga.
Ut av handlelappen kan du lese meir enn at det er 14% matskatt her i landet. Med usynleg blekk står skreve at du også har valt mat frå gardsbruk som leverer landskap, kultur og miljø over heile landet. Bak Tine, Gilde og Prior står fleire tusen norske bønder og garanterer norske produkt. Dei leverer også traktorbrøyting, turisme og omsorg. Og så lenge her er norske råvarer å foredle får du med på kjøpet landets nest største industrigrein, næringsmiddelindustrien med 40.000 arbeidsplassar. Q-meieria leverer også norske mjølkeprodukt, men bak står internasjonal storkapital og utvalde sentrale mjølkeprodusentar.
Møre og Romsdal Bondelag meiner det kan vere ei farleg utvikling om daglegvarekjedene får enno meir makt ved å gå nedover i næringskjeda. Kjeder med mål om 1000 billige varer gir ikkje større vareutval eller garantiar om eit landbruk i heile landet.
Kva gjer landbrukssamvirket for deg som er bonde. Det viktigaste er at dei pliktar å hente mjølk, slaktedyr og egg på øyar og opp mot fjellet over heile landet og betaler avtalt pris. Samvirket har ansvar for å regulere marknaden slik at det alltid er matvarer i butikk eller på lager etter behov. Samvirke må effektivisere og redusere kostnader. For å greie ei effektiv drift og å regulere marknaden på ein god måte er samvirke avhengig av at flest mogleg av bøndene leverer slaktedyr og mjølk. På denne måten kan bøndene sjølv vere med å sikre grunnlaget for framtidig produksjon, som ved å ta kraftfôr frå eigne fabrikkar i Vest-Norge. Møre og Romsdal Bondelag meiner at både bonden og forbrukaren kan få litt meir makt ved å gjere dei rette bevisste vala.


