Presentasjon av boka på hjemmesida i august 2009:
Endeleg er det mogleg å få fatt i Bygdekvinnelaget si kokebok ”Den gode smaken” att, i ei noko utvida utgåve. Den første boka kom for fire-fem år sidan, og opplaget på 4000 eksemplar forsvann fort. Oppskriftene er dei same som før, til stor glede for dei mange som ikkje fekk tak i forrige utgåve. Den store og fine boka vart lansert på Matfestivalen i Ålesund i forrige veke. Boka er tilsals m.a. på Bondelags-kontoret i Molde.
I boka på halvannan kilo med oppskrifter finn du dei gamle, gode og tradisjonsrike oppskriftene frå Møre og Romsdal. Frå kyststroka, «der havet bryt ved fall og flu», som det heiter i Herøysongen, til dei skjerma stroka «langs fjordane lange», som dei syng i Tingvollsongen. Frå grensa mot Stadlandet i sør, der dei et med stor skei og brei sunnmørsdialekt, forbi Romsdal, der bratte fjell rundar av mot meir avslipt landskap, til eit Nordmøre som strekkjer seg langt inn i trøndermålet, der bondekona ser til at gjest og skuldfolk fer sitt: «de må ita retteleg godt no!». Men boka er ikkje berre oppskrifter. Den er rikt illustrert med fotografier, og vi har òg tatt med nokre tilbakeblikk og gode historier om mat og tradisjonar.
Like variert som fylket er, er matrettane som har fått plass mellom permane i denne boka. Fiskerettar frå kyst- og fjordstrok, av både fersk fisk, og salta og tørka fisk. Gode viltrettar kjem frå strok med god tilgang på hjort og kanskje òg elg. Gjærbakst og kaker høyrer med til kvardags og fest. Men kanskje tydelegast er skilnaden i grautoppskrifter – i søre luten er graut graut, medan dei nord i fylket har kvite og brune grautar, grautar til kvardags, og grautar til høgtid og fest.
At det snik seg inn ein paprika her og ein dæsj tomatpuré der, og kanskje òg nokre sprutar sitronsaft frå ei plastflaske, er ikkje anna enn framsteget – skiftande tider har alltid prega kjøkkenet. Slik det var den gongen den elektriske komfyren gjorde sitt inntog i mest kvar ein heim tidleg i førre århundre, og noko seinare kjøleskapet og fryseboksen. Kva skulle vi gjort utan desse i våre dagar?
Denne boka har ikkje kome i stand av seg sjølv, eller takka vere nokre få. Dette er eit glimrande døme på kva ein kan få i stand takka vere felles dugnad og gode innspel frå personar busett over heile fylket. Gjennom fleire tiår har bygdekvinnelaga i Møre og Romsdal samla oppskrifter frå eige fylke, med rettar som har sitt utspring i det som havet og dei små jordlappane ga. Desse oppskriftene blei tidlegare samla i små, enklehefte. Etter kvart som bunkane med spennande, interessante og gode oppskrifter har vakse fram, har tankane om ei bok òg vakse fram. For fire-fem år sidan vart det meir enn ein tanke, då den fyrste utgåva kom. Og no er altså den nye utgåva klar, med nærare 350 sider og vekt rundt ein halvannan kilo!
Utgjevar: Møre og Romsdal Bygdekvinnelag, i samarbeid med Abrakadabra forlag, Tingvoll.
Pris: Kr. 428,-
Kontaktperson for Møre og Romsdal Bygdekvinnelag: Solveig Linge Stakkestad e-post: solveig@linge.bz Telefon:70257597 og 958 56 643
