Søk

Du er her:

Kontakt Møre og Romsdag Bondelag på tlf. 71202890 / more.romsdal@bondelaget.no

Fylkesstyret i Bondelaget besøkte Tingvoll

Publisert 08.12.2011

Besøk ved Tingvollost i Torjulvågen og Bioforsk økologisk på Tingvoll gard sto på programmet for fylkesstyret i Møre og Romsdal Bondelag denne veka, som hadde styremøte og utferd i Tingvoll 6. og 7. desember. Besøket på Tingvoll vart avslutta med ordinært fylkesstyremøte, som var lagt til Tingvoll Fjordhotell.

Tre generasjonar Waagen ved Tingvollost. Ståande frå venstre: Egil Smith Meyer, Solvor Waagen, Gunnar Waagen og Kristin Waagen (Foto: Arild Erlien).Første stopp var hos familien Waagen og Tingvollost i Torjulvågen. Her vart styret møtt av Solvor og M&R Bondelags æresmedlem Gunnar Waagen, dotter Kristin Waagen og ektemann Egil Smith Meyer. Dei fortalte og orienterte om osteproduksjonen og gardsdrifta. Seinast i forrige veke var det store mediaoppslag om Tingvollost, då båmuggosten ”Kraftkar” tok gull i oste-VM. Klikk her for omtale.

Solvor og Gunnar Waagen fekk i september Bygdeutviklingsprisen 2011 for Møre og Romsdal. Dei fekk prisen for å ha bygd ut bruket Saghaug Gard til eit mønsterbruk og for å ha etablert ysteri basert på eigen mjølkeproduksjon. Klikk her for omtale

Ystingen starta i 2003 med eit enkelt ystekar på eit ledig bad etter oppussing av bustad. Sidan etableringa, som starta i det små med utvikling av ostetypar, har verksemda vakse. Nytt gardsysteri sto ferdig i 2006. Ny driftsbygning vart tatt i bruk våren 2009. Det er til saman sysselsett ni personar, fordelt på fire generasjonar. Seks personar har full tids engasjement i den totale drifta. Av dei ni, er fire kvinner og fem under 35 år.

Frå v: nestleiar Birgit Oline Kjerstad, Anne Turid Myrbostad, Anne Katrine Jensen, fylkesleiar Inge Martin Karlsvik, Hans Frafjord, Gunnar Waagen og Arne Rekkedal. Nyfjøset er bygd bakom ysteriet og gardsbutikken (Foto: Arild Erlien).Garden har rundt 200 storfe, av desse 60 mjølkekyr som leverer årlig 430 tonn mjølk til Tine og 140 tonn mjøk til eiga foredling. Ved sidan av mjølkeproduksjon er kjøttproduksjon på okser og livdyrsal av kalveferdige kviger ein viktig del av drifta. Total omsetning for verksemdene på garden var 8,4 mill. kr. Av desse står ysteriet for 3 mill. kr og primærproduksjonen for 5,4 mill. kr. Årsresultatet etter avskriving og finanskostnader er samla på 1,1 mill. kr, med 1/3 del på ysteriet og 2/3 på landbruksdrifta.

Årsproduksjonen var på 10 tonn ost i 2010. I 2011 er det montert nytt ystekar slik at ein forventar 50 -75 prosent auke i produksjonen for inneverande år. Osten vert distribuert til butikkar via Tine sitt distribusjonsnett i tillegg til at dei har eigen gardsbutikk som er godt besøkt i sommarsesongen. Tingvollost har motteke om lag 20 nasjonale utmerkingar for ostane sine og har også delteke fleire gonger på Grüne Woche i Berlin.

Bioforsk Økologisk

Kristiin Sørheim (ståande t.v.) og Turid Strøm orienterte om Bioforsk økologisk (Foto: Arild Erlien)Ved Bioforsk økologisk fortalde Kristin Sørheim, Turid Strøm og Kjetil Valde om NORSØK og Bioforsk si historie, og om aktivitetane og kompetansemiljøet som er samla på Tingvoll gard. Vidare fekk styret ein presentasjon av planane for Tingvoll Økopark, og dei fekk omvisning i fjøset, biogassanlegget og Sol- og Bioenergisenteret. Besøket vart avslutta med samtaler om korleis Møre og Romsdal Bondelag, Bioforsk Økologisk og dei øvrige kunnskapsmiljøa på Tingvoll gard kan samarbeide vidare framover.

Forskingssenteret Bioforsk Økologisk er eit nasjonalt kompetansesenter for økologisk landbruk. Dei arbeider med heile verdikjeda frå jord til bord. I tilknyting til senteret fins det eit økologisk gardsbruk, økologisk hage, laboratorium, klimarom, bibliotek og komposthus. Bioforsk Økologisk har 39 tilsette. I tillegg er rundt 20 fagpersonar ved andre Bioforsk-avdelingar knytte til fagområdet Økologisk mat og landbruk. Administrasjonsbygninga ligg på Tingvoll gard. Faktaark om Bioforsk økologisk Tingvoll – klikk her

Nyfjøset på Tingvoll gard vart teke i bruk i mars 2011. Til høgre biogassanlegget (Foto: Arild Erlien)Tingvoll gard er eit økologisk mjølkeproduksjonsbruk. Garden er eigd av Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK), og vart ferdig omlagt til økologisk drift i 1995. Tingvoll gard  vert dreven som eit familiebruk av forpaktarane Erik Lindhardt og Anne de Boer. Forskningsinstitusjonen Bioforsk økologisk bruker garden til demonstrasjon og forsking.

Det er inngått samdrift med nabogarden. Forpaktarane driv i dag 274 dekar fulldyrka jord og 69 dekar beite. Mjølkekvota er på 148 tonn. Buskapen vart i mars 2011 flytta til nytt fjøs, som har plass til 30 årskyr. Faktaark om gardsdrifta på Tingvoll gard – klikk her.

Biogassanlegg

Det er mange ulike aktivitetane og anlegg som er knytt til Tingvoll gard. Norsøk har bygd fullskala biogassanlegg ved sida av det nye fjøset på garden. Energileveranser vil kome i gang våren 2012. Vidare vart det orientert om Tingvoll Biovarme AS som er under bygging og eigd av NEAS og Tingvoll kommune. Dei baserer produksjonen på flis, og leveranser til institusjonar og bygningar i bygda.

Sol- og bioenergisenter

Kjetil Valde og Kristin Sørheim orienterer om sol- og bioenergisenteret.Tingvoll Sol og Bioenergisenter er lokalisert på Tingvoll gard, og er eit regionalt kompetansesenter som arbeider for å auke interessa for og kunnskapen om sol- og bioenergi, og bidra til ein bærekraftig energibruk. Senteret er eitt av tre senter for fornybar energi som Møre og Romsdal fylkeskommune har satsa på. Dei to andre sentra er på Smøla (vindenergi) og Runde (havenergi).

Stjernehagen - økologisk hage

Demonstrasjonshagen ved Bioforsk Økologisk på Tingvoll vert brukt som skulehage, kjent frå programmet Grønn glede i NRK. I vekstsesongen er det faste arrangement i hagen.

Laboratorium og bibliotek

Senteret har laboratorium og klimarom. I administrasjonsbygningen er det 35 kontorplassar som Bioforsk Økologisk disponerer, og fem kontorplassar som er leigd ut til andre. M.a. har Tingvoll næringshage og Landbruk Nordvest kontorplassar på Tingvoll gard.

Kulturminne

Nyfjøset på Tingvoll gardTingvoll gard var tidlegare prestegard. Her finst det mange kulturminne og flotte turområde. Garden ligger midt mellom det aktive bygdemuséet og steinkyrkja i romansk stil frå ca. 1180. Dette er grunnen til at kommunen satsar på eit opplevingssenter bygd på kultur, historie, miljø og økologi. Før låg det eit stjerneobservatorium der hagen ligger no. Derfor kallar ein den for Stjernehagen. Eit nytt hus med stjernekikkert er no på plass. Her kombinerer vi altså historie, astronomi og agronomi.

Tingvoll Økopark

Det er no under etablering eit kunnskapssenter som skal kunne tilby kunnskap og opplevingar innan dyrevelferd, gardsdrift, hagebruk, sol- og bioenergi, mat m.m. Det er den gamle fjøsbygninga på garden som skal ombyggast til ein slik økopark.

Turid Strøm (t.v.) orienterer om nyfjøset.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Handlelystne styremedlemmer i gardsbutikken til Tingvollost. F.v. Arne Rekkedal, Erik Olufsen, Hans Frafjord, Birigit Oline Kjerstad og Egil Smith Meyer (Foto: Arild Erlien).

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

F.v: Gunnar Waagen, Solvor Waagen, Kristin Waagen og bakom disken Egil Smith Meyer (Foto: Arild Erlien).

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fylkesleiar i Bondelaget, Inge Martin Karlsvik og bonde Kristin Waagen i nyfjøset på Saghaug gard (Foto: Arild Erlien).

Av: Arild Erlien

CorePublish publiseringsløsning