I framkant av fylkesårsmøtet som Møre og Romsdal Bondelag på Alexandra Hotell i Molde fredag 11. og laurdag 12. mars vart det fredag på dagtid halde ei landbrukskonferanse om rekruttering og matpolitikken. Konferansen vart arrangerti lag med Landbruk Nordvest – Norsk Landbruksrådgivning og Fylkesmannen i Møre og Romsdal, og samla over 100 deltakarar frå lokale Bondelag, landbrukskontor, landbruksorganisasjonar og politikarar.
Landbruksdirektør Anne Berit Løset innleia konferansen om kvar og kven bonden er om ti år.
Dotter og far Anette og Søren Johan Øveraas frå Vestnes fortalde forsamlinga om felles satsing på ku og hest.
Styreleiar i Felleskjøpet, Oddveig Gikling-Bjørnå, tok for seg likestilling og kompetanse for å få rekruttering av tillitsvalde, og rådgjevar i Tine, Lasse Krogseth, om bruksutvikling og vegval.
Surnadal-ordførar Mons Otnes (Ap) snakka om kommunane som landbruksutviklar, rådgjevar Oddbjørn Kval-Engstad i Landbruk Nordvest om graslandet, og regionleiar Paul Sindre Vedeld om at Nortura tek utfordringane lokalt og nasjonalt.
Stortingsrepresentantane t.v. Else-May Botten (Ap), Jenny Klinge (Sp) og Rigmor Andersen Eide (KrF), vart utfordra i eigne innlegg og frå forsamlinga på næringspolitikken for landbruket på Nordvestlandet.
Leiar i Norges Bondelag, Nils T. Bjørke, avslutta konferansen med innlegg om landbruks- og matpolitikken framfor nye store utfordringar.
Attval til fylkesstyret
Inge Martin Karlsvik, Eide, vart attvalt som fylkesleiar og Birgit Oline Kjerstad, Haram, som nestleiar. Audun Skjervøy, Norddal, hadde sagt frå seg attval. Nytt styremedlem vart Arne Rekkedal, Ørsta. Styremedlemmene Anne Katrine Jensen, Gjemnes, og Hans Frafjord, Vestnes, var ikkje på val til styret i år.
Som nye varamedlemer til styret i Møre og Romsdal Bondelag vart Erik Olufsen, Aure, Petter Melchior, Norddal og Elling Kvammen, Fræna.
160 nye medlemmer
Årsmeldinga som Møre og Romsdal Bondelag la fram for årsmøtet viser at det er satsa på fleire nye tiltak for å styrke rekruttering og kompetanse i næringa. Laget fekk i fjor heile 160 nye medlemmer, som gir netto medlemsauke andre året på rad. Medlemstalet var ved årsskiftet 3.434 i tilsaman 48 lokale bondelag.
Jordvernversting
I ei uttale påpeiker årsmøtet at Møre og Romsdal er jordvern-versting, og at fylket og kommunar gjer ikkje jobben sin. Her er uttalen:
Fleire og fleire land sikrar seg jord i andre land for framtidig matproduksjon til eige folk. I Norge går vi motsett veg og lèt matjorda fare ved at omdisponeringssaker svært lett går gjennom i mange norske kommunar. Dette er ikkje ein berekraftig politikk.
Møre og Romsdal er eit verstingfylke innafor jordvern. Fylket og kommunar med god hjelp av nokre grunneigarar omdisponerte i fjor 1800 dekar dyrka jord i fylket. Dette er nesten det doble av det Akershus med Oslo byggjer ned. Verken Fylkesmannen eller kommunane gjer jobben sin. Det er lokalval i år, og det gjev oss høve til å velje politikarar som kan vere med på å endre kursen.
Kommunane har ansvaret, og fylket kan i tillegg kome med motsegn i nedbyggingssaker. Det er viktig at dei 3,9 prosentane av arealet i fylket som er matjord, blir sett på som verneverdig. Finn fram den jordvernplanen som fylket vedtok så seint som i 2007. I dag har Norge berre 1,7 dekar dyrka mark per innbyggar. Det er lågare enn gjennomsnittet i verda.
Kommuneplanane må sjå på opne landskap med matjord som ein livsviktig ressurs på lik linje med natur, strandsone og kulturminne. Samanhengande jordbruksområde må vernast mot utbygging med ei ”markagrense”. Det er eit potensial for nydyrking, men mykje av den beste jorda er oppdyrka. Det største presset på areala finn ein rundt dei større byane og tettstadene. Likevel blir mykje jord omdisponert i samband med vegbygging og utbygging i distrikta.
Vårt krav er at vedtak om omdisponering av dyrkamark må flyttast frå kommune til Fylkesmann. Nedbygging må berre gjelde nasjonalt viktige føremål. Ved utbygging må tiltakshavar bidra til å dyrke opp tilsvarande areal.
Må bli meir attraktivt for unge å satse på landbruk
I den andre vedtekne uttalen påpeiker årsmøtet at det må bli meir attraktivt for unge å satse på landbruk. Her er heile uttalen:
Det er svært tøft for dei som er unge og vil satse som sjølvstendig næringsdrivande innanfor landbruk. Regjeringa bør som ein del av sin næringsstrategi for landbruket gå gjennom alle kostnadsdrivande område. Investeringsmidlar er målretta rekrutteringstiltak. Det beste ungdomstiltaket med garantert effekt er likevel konkurransedyktig økonomi på linje med andre grupper.
Etter initiativ frå lokallaget i Rauma har Bondelaget i Møre og Romsdal sett i verk fleire rekrutteringstiltak. Det har verka positivt at rekruttering, likestilling og kompetanse har vore gjennomgåande tema for arbeidet. Møre og Romsdal fylkeskommune har dei same politiske prioriteringane. Årsmøtet i Møre og Romsdal Bondelag ber om at det blir arbeidd vidare med å betre dei samla rammevilkåra for dei som skal satse på gardsdrift.
Fylket vårt har så lite investeringsmidlar at dei er oppbrukt i løpet av mars månad. Det trengst ein målretta investeringspakke for Vestlandet. Etableringstilskot for unge under 35 år og innan 5 år etter eigarskifte er ei god ordning i jordbruksavtala.
Det må etablerast ei investeringsfondsordning for unge, som ei ”BSU-ordning”. Skattefri fondsavsetnad for reinvestering i garden bør innførast. Avskrivingssatsen for næringsbygg må opp frå 4 til 8 prosent. Jordbruksfrådraget bør gjelde for alle som har næringsinntekt frå garden på same måten som minstefrådrag for alle lønstakarar.
Det er også behov for tiltak som medverkar til at fleire bruk blir selde slik at unge som er interesserte, kan få kjøpe og drive gard.
Vi må arbeide for ei haldningsendring blant odelsrettshavarar som ikkje vil drive gard, for å få dei til å selje gardane til ungdom som vil inn i næringa. Det må også gjerast meir lønsamt å selje garden når ein sjølv ikkje lenger ønskjer å drive.



