Framtidsutdanning i naturbruk på Gjermundnes VGS
Elevane i ungdomsskulen står framfor eit spennande val av vidaregåande utdanning innan 1. mars. Som tidlegare elev, og som medlem av Skuleutvalet og mor til elev, vil vi presentere deg for spennande mulegheiter på ein flott skulestad som Gjermundnes vidaregåande skule i Vestnes. Skulen tilbyr både naturbruk og industriell produksjon. Den er eit topp tilbod for deg som liker naturfaga eller vil drive med dyr og landbruk.
Gjermundnes tilbyr studiekompetanse i naturbruk, har utdanning i landbruk, hestefaget, anleggsgartnar, forutan teknikk og industriell produksjon. Skulen har internat for dei som ønskjer det. Det har bra søking til skulen. Elevane som vi har snakka med ”trivst veldig godt” og er ”kjempefornøgd”. Vi kan difor tilrå alle som ønskjer å drive gard eller er interessert i naturfaga om å ta eit av utdanningstilboda som Gjermundnes har.
Møre og Romsdal fylke har ein flott skule med fantastisk plassering på Gjermundnes. Fylket skal ha honnør for å investere stort i fornying av skulen. Mellom store trær ligg skule og internat, driftsbygg med dyr og plantar, park og museum. Her er jord og skog, sjø og fjell i nærleiken. Kort veg til buss og hurtigbåt. Her er plass for hestar, gutar og jenter til å utvikle seg.
Landbruksnæringa skal framover rekruttere mange nye bønder, men også fagfolk og forskarar som tenker seg vidare studiar. Vi som har satsa sterkt på landbruket ser at næringa fordrar brei fagleg bakgrunn. Vi er sikre på at matproduksjon og dyrehald er eit godt og framtidsretta yrkesval.
Møre og Romsdal Bondelag
Inge Martin Karlsvik
Anne Katrine Jensen
