Søk

Du er her:

Kontakt Møre og Romsdag Bondelag på tlf. 71202890 / more.romsdal@bondelaget.no

Framtidsretta fylke for matproduksjon

Publisert 26.08.2011

- Landbruket i vestlandsfylka har spesiell verdi for vår nasjonale identitet. Landbruket gir garantert busetting, næringsverksemd og naturforvalting. Næringa skal kombinere matproduksjon med å føre vidare miljøkvalitetar og kulturarv i mattradisjonar og landskapet. Men slik er også landbruksnæringa lokalt ein del av løysinga på dei store utfordringane for verdssamfunnet: Nok trygg mat og fornybar energi frå eit godt miljø, skriv fylkesleiar i Bondelaget, Inge Martin Karlsvik, i eit lesarinnlegg om landbruksnæringa framfor valet.

Her er heile kronikken som er sendt media:

Framtidsretta fylke for matproduksjon

Landbruket i vestlandsfylka har spesiell verdi for vår nasjonale identitet. Landbruket gir garantert busetting, næringsverksemd og naturforvalting. Næringa skal kombinere matproduksjon med å føre vidare miljøkvalitetar og kulturarv i mattradisjonar og landskapet. Men slik er også landbruksnæringa lokalt ein del av løysinga på dei store utfordringane for verdssamfunnet: Nok trygg mat og fornybar energi frå eit godt miljø.

Landbruket i Møre og Romsdal står for ein tidel av landets grasbaserte produksjon av mjølk frå ku og geit, og kjøt av storfé og sau. Fylket har verdfulle utmarksområde og sterkt veksande skogressursar. I 20 av våre 36 kommunar utgjer bøndene samla ei stor bedrift på mellom 100 og 350 arbeidsplassar. Næringa står for meir enn ein tidel av sysselsettinga i 7 av våre 36 kommunar. Eit årsverk i landbruket sysselsetter ein til to personar i andre næringar som transport, foredlingsindustri, bygg, verkstad, rettleiing og handel.

Landbruket er på dagsorden lokalt, nasjonalt og internasjonalt. FAO meiner matproduksjonen må bli dobla frå 2000 til 2050. Vi blir ein million fleire nordmenn allereie i 2030. Berre for å oppretthalde dagens sjølvforsyning må matproduksjonen i landet opp 20% innan 20 år. Ein del av denne auken bør og må skje i kvar einaste av våre kommunar.

Vi er takksame for alle som våger å stille til val i vårt lokale demokrati. Landbruket i Norge er som i mange andre land ei politisk næring som treng politisk merksemd. Mat er politikk. Mat er internasjonalt forhandlingstema som etterkvartfår verknad for den lille bonden i Vest-Norge. Vassmangel, klima, biodrivstoff og aukande prisar på jordbruksareal i verda vil bety at mat og fiber vil bli stadig viktigare politisk fokusområde.

Stranda er ein stor matproduksjons-kommune på råvare og foredling, og den største geitekommunen i Sør-Norge. Norddal produserer 50% av industri-jordbæra i landet. Fræna er den største landbrukskommunen mellom Stavanger og Trondheim, mellom dei ti største mjølkekommunane i landet, og produserer Jarlsberg som er det mest kjende norske varemerke i USA. Smøla er spesialist på smakfull Smølagulrot og kålrot på myr. Sunndal er blitt spesialist på potet og pakking av Sunndalspotet. Osb ….

Møre og Romsdal fylkeskommune har i regionreforma fått utvida ansvar for areal og samfunnsplanlegging, for næringsutvikling, og for råd til sentralt hald om landbrukspolitikken. Og ikkje minst for å prioritere tiltak i næringa som også Møre og Romsdal Bondelag arbeider spesielt med: Rekruttering av unge med kompetanse.Dei viktigaste rekrutteringstiltaka er konkurransedyktig inntekt, investeringsmidlar som har garantert rekrutteringseffekt, og positiv omtale av næringa frå familie og opinionsdannarar.

Vi vil utfordre våre unge til å satse på landbruksutdanning, bu i bygda og drive næring på alle garden sine ressursar. Vi treng unge kvinner og menn. I mange bygder og kommunar ser vi at rekrutteringa med å få unge som vil satse på garden går betre. Gjermundnes vidaregåande skule med landbruksutdanning har betre søking. I tillegg treng fylket tilbod om agronomutdanning over eitt år basert på VGS.

Dei samla rammevilkåra med investeringsmidlar, skatt og  avgift, sosiale ordningar og kostnadsdrivande regelverk for dei som driv næring må bli betre. Investeringsbehovet er stort for å ruste opp produksjonen og møte offentlege krav. Investeringsmidlanemed tilskot og rentestøttelån frå jordbruksavtala forvalta av Innovasjon Norge blir kvart år brukt opp her i fylket før mai månad.

Landbruket har store ressursar under utvikling i fylket. Dei varer og tenester næringa kan levere er etterspurde. Det er behov for meir kjøt av storfe og sau, dels mjølk, samt grønsaker, potet, bær, og gardsmat. Storviltjakt og sjøfiske veks som næring. Lakselvane har stort inntektspotensiale. Kommunane kan etterspørje grøn omsorg - Inn på tunet - for  ulike grupper.

Skogen i fylket har gode vekstvilkår og stor verdi for lokalklimaet og for trebasert verksemd i fylket. Det er mykje hogstmoden skog som står framfor fornying og med det behov for god infrastruktur som veger og kaier. Behovet for bioenergi vil krevje omfattande kultiveringsarbeid i skogen. Fylket har stort potensial for ny energiproduksjon basert på småkraftverk, skog og biogass. Småkraftverk blir i mange tilfelle følgd opp med nytt fjøs hos utbyggarane!

Inge Martin Karlsvik

Leiar Møre og Romsdal Bondelag

Av: Arild Erlien

CorePublish publiseringsløsning