Søk

Du er her:

Verktøylinje

Kontakt Møre og Romsdag Bondelag på tlf. 71202890 / more.romsdal@bondelaget.no

Fornybar energi: Småkraft og el-bilar

- Hugs at det er eit stort potensiale for produksjon av meir miljøvennleg, fornybar energi frå småkraftnæringa i fylket, peika prosjektleiar Terje Engvik frå Bondelaget sitt småkraftprosjekt på i eit innlegg under paneldebatten på fornybar-konferansen i Ålesund tidlegare i månaden. Innlegget kom som ein reaksjon på eit innspel om korfor ein skulle satse på el-bilar så lenge Midt-Norge var underskottsområde for straum. Konferansen "berekraftig energiframtid" i regi av Energiregion Møre og Nordea hadde el-bilar og andre tema om energi til transport i fokus på konferansen i år.

- Think-bilen kjem no på marknaden frå ny produksjonsstad hjå Valmet i FinlandAuka satsing på el-basert transport er eit av tiltaka som vil redusere CO2-utsleppa og auke etterspunaden etter fornybar el-kraft frå småkraftnæringa, heldt Terje Engvik fram, samstundes som han oppmoda fylkes- og kommunepolitikarane som deltok i paneldebatten om å fokusere sterkare på småkraftnæringa, som både gir rein energi utan for store naturinngrep og verdiskaping som vil styrke busettinga i lokalsamfunna. -Det er viktig å arbeide for gode rammevilkår for næringa, peika Engvik på. -Nettkapasiteten må opprustast slik at krafta kan finne veg til marknadene, og tida for konsesjonshandsaming må ned til eit akseptabelt nivå.

Konferansedeltakarane fekk ein gjennomgang av status for produksjon av ulike typar biodrivstoff og eit oversyn over utviklinga på el-bil-marknaden og infrastrukturen som må byggjast opp viss el-bil-transporten skal få ein sterkare posisjon i marknaden. Det er ikkje minst i bymessige strok at el-bilane kan ta over ein god del av transportvolumet. Køyretida for eit opplada batteri har stadig blitt lengre, og ein kombinasjon av reine plug-in-bilar og hybridbilar vil komme på marknaden.

Frå konferansen berekraftig energiframtid i ÅlesundEtter fyrste konferansedagen var det ei mini-utstilling av nokre av dei mest aktuelle el-bil-typane på den norske marknaden - både plug-in-bilar og hybridbilar. Bilane kunne også prøvekøyrast i bytrafikken. Ei utfordring på el-bil-marknaden så langt er eit relativ høgt prisnivå samanlikna med ordinære bilar. Til tross for dette er det ventelister på levering av fleire modellar.

Konferansen tok ellers føre seg mange aktuelle, transportrelaterte energispørsmål, som transportmålet i EU sitt fornybardirektiv, transport i fylkesvise energi- og klimaplanar og overgang til meir berekraftig sjøtransport.

Nærmare omtale av konferansen og innlegga frå innleiarane finn ein på nettsida til Energiregion Møre. Kontaktperson i Bondelaget sitt småkraftprosjekt er prosjektleiar Terje Engvik.

CorePublish publiseringsløsning