Søk

Du er her:

Kontakt Møre og Romsdag Bondelag på tlf. 71202890 / more.romsdal@bondelaget.no

Forbod mot nydyrking av myr er fagleg svakt

Publisert 07.04.2010

Møre og Romsdal Bondelag går sterkt mot forslaget frå Landbruks- og matdepartementet om forbod mot dyrking av myr som er djupare enn 30 cm. Framlegget må utsettast til det er grundigare utgreidd konsekvensar og mulegheiter både fagleg og politisk. Det vil få spesielt store konsekvensar for vidare utvikling av matproduksjonen kyst-Norge. Forbod mot dyrking av myr djupare enn 30 cm seier lite om arealet sitt dyrkingspotensiale eller klimaeffekt.

Vest-Norge har spesielt mykje dyrkbar myr som er ein viktig ressurs for framtidig matproduksjon, meiner Møre og Romsdal Bondelag. Her frå Smøla, på biletet fylkesagronom Anders Hovde (t.v.) og bonde Ole Sigbjørn Iversen (Foto: Gunnar Wentzel). Det seier Møre og Romsdal Bondelag i ei pressemelding omLandbruks- og matdepartementet sitt framlegg om forbod mot dyrking av myr som er djupare enn 30 cm. Her er pressemeldinga som er sendt ut:

Forbod mot nydyrking av myr fagleg svakt 

Møre og Romsdal Bondelag går sterkt mot forslaget frå Landbruks- og matdepartementet om forbod mot dyrking av myr som er djupare enn 30 cm. Framlegget må utsettast til det er grundigare utgreidd konsekvensar og mulegheiter både fagleg og politisk. Det vil få spesielt store konsekvensar for vidare utvikling av matproduksjonen kyst-Norge. Forbod mot dyrking av myr djupare enn 30 cm seier lite om arealet sitt dyrkingspotensiale eller klimaeffekt.

- Dersom vi skal halde oppe norsk matproduksjon er det nødvendig med nydyrking, meiner Bondelaget i Møre og Romsdal. Ulike typar myr utgjer ein viktig del av dyrkbart areal i mange delar av landet.  Regjeringa har ikkje nådd sine mål for å stoppe nedbygging av matjord. Folketalet i Norge vil auke med ein million innan 20 år. Framlegget vil få konsekvensar for heile folket sin framtidige tilgong til norske landbruksvarer.

Forslaget tek ikkje med fleire moment som bør vere med i CO2-rekneskapet. Produksjonen på oppdyrka areal vil til ein viss grad binde CO2. Den matproduksjonen som ikkje skjer på nydyrka areal må gjerast ein annan stad, i mange tilfelle utafor Noreg.  Transporten av mat verda rundt bør bli vurdert i karbonrekneskapet.

Det er tillatt å fly fisk til Kina for filetering. Alternativet til nydyrking kan vere å importere soya og storfekjøt basert på nedbrent regnskog på andre sida av jordkloden i Brasil. Samtidig blir det vurdert nye felt på Møreblokken midt i gytefeltet til silda, i Lofoten og i Barentshavet for å produsere meir fossilt drivstoff.

Dyrkbar myr er ein stor økonomisk ressurs som blir bandlagt. Vi ser ingen prinsipiell skilnad mellom å verne barskog og verne dyrkbar myr med omsyn til erstatning for vern. Forslaget vil få store konsekvensar for torvindustrien og folk flest sitt behov for veksttorv i hage. Forslaget manglar ein samla miljøvurdering når norsk matproduksjon skal bere børa for CO2-kutt. Det er kjent for alle som har vandra på myr i naturtilstand at der produserast mykje av den tunge klimagassen metan.

Dagens dyrkingsmetode med omgraving vil i stor grad bevare humuslaget, men nede i djupare jordlag der omdanninga er lita. Dyrking på myr kan vere gunstig, som gulrot- og kålrotdyrking på Smøla med særleg god kvalitet og smak. Møre og Romsdal Bondelag meiner forslaget om å ta inn klima som eigen faktor i forskrifta for nydyrking opnar for svært ulik skjønspraksis da fagleg vurdering kan endre seg raskt.

Kontaktperson: Leiar Inge Martin Karlsvik 95 26 49 79

Av: Arild Erlien

CorePublish publiseringsløsning