Gunnar Waagen er tidlegare fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag og styremedlem i Norges Bondelag på 1990-talet, og vart på årsmøtet i 2007 utnemnt til æresmedlem i Møre og Romsdal Bondelag. Det fortel ein viktig del av historia om mangeårig innsats frå han og heile familien for organisasjonane lokalt, i fylket og på landsplan. Prisvinnarane var m.a. nominert av M&R Bondelag til å få prisen.
Prisvinnaren går vidare som Møre og Romsdal sin kandidat i den nasjonale kåringa.
Kulturlandskapsprisen
På landbrukskonferansen i Geiranger vart kulturlandskapsprisen for 2011 tildelt Aina og Olav Krakset på Hakallegarden i Vanylven. Paret får prisen for arbeidet sitt med å gjere bruket sitt om til ein opplevingsgard. Hakallegarden er blitt ein ettertrakta besøksstad både for born og vaksne.
Her er grunngjevinga som vart lese opp under prisutdelinga til Solvor og Gunnar Waagen:
Bygdeutviklingsprisen til Solvor og Gunnar Waagen
Bygdeutviklingsprisen for 2011 er tildelt Solvor og Gunnar Waagen frå Tingvoll. Paret får prisen for å ha bygd ut garden sitt til eit mønsterbruk og for å ha etablert ysteri basert på eigen mjølkeproduksjon.
Prisen er ein bedrifts- og næringsutviklingspris for dei som har etablert ei vellukka bedrift eller næring med basis i bygdenes og landbrukets ressursar. Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50.000 kroner. Denne vinnaren deltek i konkurransen om den nasjonale prisen.
Ystingen starta i 2003 med eit enkelt ystekar på eit ledig bad etter oppussing av bustad. Sidan etableringa, som starta i det små med utvikling av ostetypar, har verksemda vakse. Nytt gardsysteri sto ferdig i 2006. Ny driftsbygning vart tatt i bruk våren 2009. Det er til saman sysselsett ni personar, fordelt på fire generasjonar. Seks personar har full tids engasjement i den totale drifta. Av dei ni, er fire kvinner og fem under 35 år.
Garden har rundt 200 storfe, av desse 60 mjølkekyr som leverer årlig 430 tonn mjølk til Tine og 140 tonn mjøk til eiga foredling. Ved sidan av mjølkeproduksjon er kjøttproduksjon på okser og livdyrsal av kalveferdige kviger ein viktig del av drifta. Total omsetning for verksemdene på garden var 8,4 mill. kr. Av desse står ysteriet for 3 mill. kr og primærproduksjonen for 5,4 mill. kr. Årsresultatet etter avskriving og finanskostnader er samla på 1,1 mill. kr, med 1/3 del på ysteriet og 2/3 på landbruksdrifta.
Årsproduksjonen var på 10 tonn ost i 2010. I 2011 er det montert nytt ystekar slik at ein forventar 50 -75 % auke i produksjonen for inneverande år. Osten vert distribuert til butikkar via Tine sitt distribusjonsnett i tillegg til at dei har eigen gardsbutikk som er godt besøkt i sommarsesongen. Tingvollost har motteke om lag 20 nasjonale utmerkingar for ostane sine og har også delteke fleire gonger på Grüne Woche i Berlin.
Styret for Innovasjon Norge Møre og Romsdal har blant anna lagt følgande til grunn i vurderinga av prisvinnaren: "Hos prisvinneren er det den totale aktiviteten på bruket Saghaug Gard som blir vektlagt.
De har arbeidet målbevisst og bygget stein på stein. Den tradisjonelle drifta er bygget opp sytematisk med fokus på avl og god plantekultur noe avdråtten vitner om. Osteproduksjonen er basert på systematisk produktutvikling. Det har blitt en betydelig arbeidsplass i Torjulvågen i tillegg til at virksomheten profilerer hele kommunen i navnet på ysteriet. Prisvinneren tilfredsstiller de kriteriene som skal vektlegges. Brukets totale ressurser utnyttes. Nyskapingselementet ivaretas gjennom utvikling av nye produkter hele tiden og selektiv avl. Virksomheten er også kvinnerettet. Økonomiske resultater er tilfredstillende og gir rom for nyutvikling og nye investeringer. "
Fleire opplysningar på nettsida til Tingvollost.

