Søk

Du er her:

Kontakt Møre og Romsdag Bondelag på tlf. 71202890 / more.romsdal@bondelaget.no

Bratt Areal er igjen grunnlag for søknad RMP – frist 20. august

Publisert 11.08.2010

Gjennom jordbruksavtala som Norges Bondelag har forhandla fram i år vart igjen Bratt areal teke inn som grunnlag for å søkje på Regionalt Miljøprogram (RMP). Samstundes fell den relativt nye ordninga med tilskot til verdifulle kulturlandskap prioritert av kommunane bort. Det ikkje er midlar nok til begge tiltaka.

Andre ordningar er: Seter med mjølk. Utsatt jordarbeiding i korn. Utvalde soner med særleg verdfullt kulturlandskap. Skjøtsel av artsrike slåtteenger. Skjøtsel av freda kulturminne på innmark. Beiting av kystlynghei. Beitelag innan 1. november.

Møre og Romsdal Bondelag har meint at midlane til det regionale miljøprogrammet på 17,7 mill kr til vårt fylke skal oppfylle dei miljømåla som fylkestinget har peika på for landbruket, og samstundes kompensere for driftsulempe og dei ekstra kostnader dette fører med seg. Bratt areal skal vere minst 10 dekar dyrka med helling 1:5, og areal som berre vert beita skal om naudsynt pussast for å fjerne tuegras, høge urter eller kratt.

Bondelaget i Møre og Romsdal har kravd at  Bratt areal skulle med i dei nasjonale føringane for miljøprogrammet. For einskilde bønder har tapet av midlar for bratt areal utgjort over 30.000 kroner.  Drift av bratt areal er gjerne det første som går ut, det representerer viktige miljøkvalitetar, og er gjerne godt synleg i landskapet.  

Gardsbruk som kan søkje må oppfylle krava til produksjonstillegg. Nokre tiltak har krav til miljøplan I og nokre også miljøplan II. Søknad sendast inn på papirskjema til kommunen før 20. august.

Meir informasjon og relaterte dokument om tilskot gjennom Regionalt miljøprogram for Møre og Romsdal 2010, finn du ved å kikke her 

CorePublish publiseringsløsning