Møre og Romsdal Bondelag utfordrar besøkande på sin stand til å delta i ei konkurranse om mat og landbruk. På standen gjer vi det vi kan for å prente inn riktige svar i publikum før dei går.
I finveret under Matfestivalen var det mange som fylte ut spørjeskjemaet. Det var berre hyggeleg prat og gode tilbakemeldingar om mat og landbruk.
Overraskande mange har aldri sett på kvitteringa frå daglegvarebutikken. Der står det 14 prosent moms på mat, og 25 prosent moms på vaskepulver osv.
– Vi fortalte at det også burde stått på kvitteringa at det er Norges Bondelag som har kjempa for lågare matmoms.
Nokre kvinner har tendens til å tippe at det er 39 prosent fett i heilmjølk slik den kjem frå kua. Rett er 3,9 prosent.
Dei fleste synest maten er rimeleg i Norge, men ein god del trur likevel ikkje at mat og drikke berre utgjer 10 prosent av inntekta når det er 12 prosent i Sverige og 14 prosent i Italia.
Nokre få trur også at det blir brukt hormonar eller antibiotika i dyrefôret slik det er i oppdrettsnæringa. Nokre trur også at bonden får 1 krone for mjølkeliteren i staden for vel 4 krosent, men ingen tippar 10 kroner.
Mange kommenterte også matkorga med kva bonden får og kva forbrukar betaler for maten.

