Søk

Du er her:

Kontakt Møre og Romsdag Bondelag på tlf. 71202890 / more.romsdal@bondelaget.no

Bondelaget på Dyregod-dagane

Publisert 08.09.2009

Møre og Romsdal Bondelag stilte med stand på Dyregod-dagane på Batnfjordsøra i helga, der fylkesstyremedlemmer og tilsette ved kontoret fekk ein god prat med mange av dei besøkande. Konkurransen med fem enkle spørsmål om kva ein veit om mat og landbruk ga god kontakt med forbrukarane.

Frå venstre: Atle Frantzen (Bondelaget), Kristen Skogset, Aure og bondelagsleiar Arne Magnus Aasen, Tingvoll (Foto: Arild Erlien).Nokre av reaksjonane var: - Er det så lite fett i heilmjølk frå kua ? Mat-momsen på kassalappen – nei aldri sett at der står 14%. – Jo, det har Norges Bondelag kjempa fram!

Mange kommenterte også matkurven med kva bonden får og kva forbrukar betaler for maten.

Der var vist bilete frå arbeidsdagane i Silset samdrift i Gjemnes og ein serie om landbruket i fylket.

Dyregod-dagane på Batnfjordsøra i Gjemnes frå fredag 4. til søndag 6. september er ei nyskaping i regionen. Messa for landbruk og bygdenæringar i Midt-Norge vart ein suksess med mange utstillarar og fleire tusen besøkande de tre dagane. Arrangørane hadde som mål 8.000 besøkande, og dei siste tala viser at dei er nær målet.

Fredag var mellom anna vel 800 tiande-klassingar frå ungdomsskolar på Nordmøre og Romsdal innom messa og fekk ein annleis skuledag enn det dei har til vanleg. På sju ulike postar rundt om på messeområdet var det lagt opp til eige undervisningsopplegg. Laurdag var over 3.000 besøkande innom messeportane.

For M&R Bondelag deltok Atle Frantzen og Arild Erlien på stand fredag, nestleiar Inge Martin Karlsvik og Anne Turid Myrbostad på laurdag, og fylkesleiar Arne Magnus Aasen og Gunnar Wentzel på søndag.

Frå venstre: Sivert Skålholt, Nortura, Aksel Døving, Valldal og Bioforsk, fylkesbondelagsleiar Arne Magnus Aasen, Tingvoll og bonde Trond Malmedal, Fræna (Foto: Gunnar Wentzel). 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Klikk her for heimesida til Dyregod-dagane

 

Klikk her for omtale i Romsdals Budstikke

 

Klikk her for omtale i Tidens Krav

 

Av: Arild Erlien

CorePublish publiseringsløsning