Søk

Du er her:

Kontakt Møre og Romsdag Bondelag på tlf. 71202890 / more.romsdal@bondelaget.no

Bondelaget fekk støtte i rovviltnemnda

Publisert 26.04.2011

Rovviltnemnda i Midt-Norge sitt vedtak torsdag før påske om at heile Trollheimen skal bli prioritert beiteområde for sau, og ikkje yngleområde for jerv, er heilt i tråd med tilrådingane Møre og Romsdal Bondelag har teke til orde for i mange år. – Vi er glad nemnda støttar vårt syn, seier organisasjonssjef i Bondelaget, Gunnar Wentzel.

Møre og Romsdal Bondelag kravde alt da første forvaltningsplan etter det nye rovdyrregimet vart vedteke for åtte år sidan at Trollheimen skulle vere prioritert som beite- og kulturlandskapsområde og fri for ynglande jerv. Møre og Romsdal Bondelag hadde tidlegare lite støtte for sitt syn regionalt og har fått ein del kjeft for det. Også lokale avlslag stod fast på byrde-fordelingsprinsippet om at ein skulle smøre rovdyra tynt utover.

Men dei siste åra har det både på møter og i media kome mange innspel og krav, m.a. frå politikarar og ordførarar, om at Trollheimen skal vere prioritert beiteområde for sau, slik Møre og Romsdal Bondelag har teke til orde for i mange år.

På fylkesstyremøte i desember drøfta styret i Møre og Romsdal Bondelag den vidare strategien i rovdyrarbeidet, og gjentok her sitt syn om at ”Trollheimen meiner vi skal vere utanfor området for ynglande jerv”.

På møtet i rovviltnemnda i region seks torsdag 14. april vart vedtaket gjort med fire mot ei røyst. Fleirtalet gjekk dermed imot tilrådinga frå sekretariat for nemnda som var skeptisk til å erklære Trollheimen som ynglefritt område for jerven, og også imot Fylkesmannen i Møre og Romsdal sitt syn som ba nemnda vente i to år. Fylkesmannen meinte det var uvisst om jervestammen er stor nok til å oppfylle målsettinga om tre årlege ynglingar i resten av Møre og Romsdal.

Forvaltningsplana skal no inn til Direktoratet for naturforvaltning til fagleg gjennomgang, før den skal opp i nemnda til endeleg vedtak 30. mai i år.

Glede blant sauebønder

Nyheita før påske om vedtaket i rovviltnemnda vart teke imot med glede blant sauebøndene i området som soknar til Trollheimen – sjå omtale av saka i TIDENS KRAV og DRIVA.

CorePublish publiseringsløsning