Søk

Du er her:

Kontakt Møre og Romsdag Bondelag på tlf. 71202890 / more.romsdal@bondelaget.no

Bodstikke-stafetten starta på fylkesårsmøtet

Publisert 14.03.2011

Norges Bondelag sin bodstikke-stafett gjennom Møre og Romsdal starta på fylkesårsmøtet i Molde 12. mars. Då overleverte fylkesleiar Inge Martin Karlsvik kvar si bodstikke til lokallagsleiarane i Rindal Bondelag og Ørsta Bondelag. Bodstikka skal innom alle kommunar i fylket, for så å ende opp i Molde att 11. april. Deretter tek fylkeslaget med dei to bodstikkene til stormønstringa i Oslo 12. april.

Fylkesleiar Inge Martin Karlsvik overleverte bodstikkene til leiar i Ørsta Bondelag, Geir Hole (t.v.) og leiar i Rindal Bondelag, Tore Simonset (t.h.) (Foto: Arild Erlien). For å synleggjere behovet for auka matproduksjon i Norge og kva landbruket bidreg med, arrangerer Norges Bondelag ein bodstikkestafett. Fram til 12. april vil 40 bodstikker gå innom alle dei 430 kommunane og 19 fylka i landet og samle inn visjonar og mål for landbruket frå bondelag og alliansepartnarar i forkant av den nye landbruksmeldinga.

I kvar kommune og kvart fylke inviterer Bondelaget med seg støttespelarar til å skrive under på eit opprop i bodstikka eller skrive sin visjon for landbruket på sin heimplass.

- Vi har mange gode støttesparar ute, både politikarar, næringslivsfolk og andre. Vi ønskjer å få fram kva tankar og visjonar dei har for landbruket dei neste 10-15 åra, sa fylkesleiar Inge Martin Karlsvik då han drog i gang stafetten på fylkesårsmøtet i Molde i helga.

Slagordet er"NOEN MÅ HA BEINA PÅ JORDA - Verdens matfat tømmes".

Møre og Romsdal Bondelag har skreve på følgande visjon for landbruket i Møre og Romsdal: 

  • Landbruksnæringa i det fremste matfylket i landet har som mål å produsere endå meir mjølk, kjøt, egg, potet, grønt, og trevirke av beste kvalitet.
  • Vi vil ta i bruk alle ressursane vi har på garden. Vi vil vidareutvikle næringsverksemda til beste for bygda og samfunnet.
  • Rekruttering: - Ved å bygge på kunnskap og samarbeid skal vi gjere det godt å vere ung kvinne og mann i landbruksnæringa i fylket.  

Start i Rindal og Ørsta

Leiar i Rindal Bondelag, Tore Simonset, og leiar i Ørsta Bondelag, Geir Hole, tok med seg kvar si bodstikke ut til nord og sør i fylket. Deretter vil ho gå innom alle kommunar. Bodskapen er behovet for auka matproduksjon i Norge, rammevilkåra i landbruksnæringa, inntektsutvikling som for andre grupper, og investeringsmidlar.   

Lokale Bondelag i alle kommunar vert oppmoda om å gå saman om eit opplegg, stort eller lite. Det kan vere i samband med overlevering mellom kommunar, eller ved påskrift av eit bodskap på rullen i bodstikka. Det kan vere på eit styremøte, medlemsmøte, på eit gardsbruk, eller anna sentral stad for næringa i kommunen.

Reiseruta for bodstikkene i Møre og Romsdal er:

Bodstikke I:

Kommune

Dato for tiltak i kommunen og overlevering

Ørsta

Man. 14. mars

Volda

Tys. 15. mars

Vanylven

Ons 16. mars

Sande

Tors 17. mars

Herøy

Utsett

Ulstein

Utsett

Hareid

Utsett

Sula

Ons 23. mars

Ålesund

Tors 24. mars

Giske

Man. 28. mars

Haram

Tys. 29. mars

Sandøy

Ons 30. mars

Skodje

Tors 31. mars

Sykkylven

Fre. 1.april

Stranda

Man. 4.april

Norddal

Tys 5.april

Stordal

Ons 6.april

Ørskog

Tors 7.april

Vestnes

Fre 8 april

Molde

Man. 11.april

Bodstikke II:

Kommune

Dato for tiltak i kommunen og overlevering

Rindal

Man. 14. mars

Surnadal

Tys. 15. mars

Sunndal

Ons 16. mars

Tingvoll

Tors 17. mars

Halsa

Man. 21. mars

Aure

Tys. 22. mars

Smøla

Ons 23. mars

Kristiansund

Tors 24. mars

Averøy

Man. 28. mars

Eide

Tys. 29. mars

Gjemnes

Ons 30. mars

Nesset

Tors 31. mars

Rauma

Man. 4.april

Molde

Tys 5.april

Fræna

Ons 6.april

Aukra

Tors 7.april

Midsund

Fre 8 april

Molde

Man. 11.april

CorePublish publiseringsløsning