Søk

Du er her:

Kontakt Møre og Romsdag Bondelag på tlf. 71202890 / more.romsdal@bondelaget.no

Arbeidarpartiet på Møre krev inntektsløft og omsyn til Vestlandslandbruket

Publisert 04.03.2011

Årsmøtet i Møre og Romsdal Arbeidarparti krev eit løft i inntektene i tråd med lønsutviklinga i Norge og der det særleg vert teke omsyn til Vestlandsjordbruket. Stortinget må redusere måltala for yngling av både bjørn, jerv og gaupe, og Trollheimen må bli tatt bort som yngleområde for jerv. Tiltaksordninga for aktivt landbruk i vestnorsk fjord¬landskap må vidareførast på permanent basis. Oppdrettsnæringa må tilpasse seg ein miljømessig berekraftig drift for å sikre at villaksen overlever. Omsøkte småkraftverk må få raskare sakshandsaming og dei som var lova må kome inn under Grøne sertifikat. Dette vedtok Arbeidarpartiet sitt årsmøte sist helg.

Landbruksinntektene. Vi opplever stagnasjon i innteksutviklinga i landbruket. Dette må takast på alvor. Årsmøtet i Møre og Romsdal Ap viser til uttale frå Årsmøtet 2010 og krev eit løft i inntektene og der det særleg vert teke omsyn til Vestlandsjordbruket. Vi krev at inntektsutviklinga i landbruket skjer i tråd med den generelle lønsutviklinga i Norge. 


Ordførar i Norddal Bjørn Inge Ruset, vart valt til ny fylkesleiar. Stortingsrepresentant og medlem av Næringskomitten, (Bilete t.h.)

 Else-May Botten, vart attvald som nestleiar. (Bilete til v. i samtale med Inge Martin Karlsvik på Stortinget.) Elles har nok  Toril Melheim Strand som leier Rovviltuvalet i regionen medverka med sin fagkunnskap.   

 

Beitebruk og rovdyr. Beitebruk er særs viktig for å halde opne kulturlandskap og busetting i alle deler av landet. Rovdyrtrykket må difor ikkje bli større enn at sau og geit framleis kan sendast på utmarksbeite. Møre og Romsdal Arbeiderparti meiner at Stortinget må redusere måltala for yngling av både bjørn, jerv og gaupe. Trollheimen må bli tatt bort som yngleområde for jerv.

Landbruk og verdsarvområda. Møre og Romsdal Arbeidarparti vil arbeide for å etablere ein nasjonal politikk for verdsarvforvaltninga i Noreg, vidareføre tiltaksordninga for aktivt landbruk i vestnorsk fjord¬landskap på permanent basis, og i tillegg auke midlane til naudsynte investeringar i kulturlandskapet i Vestnorsk fjordlandskap med 3 mill. frå og med 2011 og 5 år framover.

Villaksen. Møre og Romsdal Arbeiderparti krever at oppdrettsnæringen tilpasser seg en miljømessig bærekraftig drift for å sikre at villaksen overlever. Møre og Romsdal Arbeiderparti ber om en styrkning av forskningsmidler til næringen.

Småkraftverk og grøne sertifikat. Omsøkte småkraftverk må få raskare sakshandsaming og dei som var lova å kome inn under ordninga med Grøne sertifikat må få det i tråd med dei lovnader som var gitt før investeringane fann stad, heiter det i uttalene frå årsmøtet i Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal.

 

Av: Gunnar Wentzel

CorePublish publiseringsløsning