Søk

Du er her:

Kontakt Møre og Romsdag Bondelag på tlf. 71202890 / more.romsdal@bondelaget.no

Alt for stor bestand av hjortevilt

Publisert 28.01.2011

Bestanden av hjortevilt er framleis alt for stor i dei fleste område. Det er eit stort problem fleire plassar at jaktuttaket er for mykje styrt av jegerar som ønskjer størst muleg bestand framfor samla omsyn, skriv Møre og Romsdal Bondelag i sine synspunkt om fastsetjing av nye jakttider.

Direktoratet for naturforvaltning skal fastsetje nye jakttider for perioden 1.4.2012 – 31.3.2017. Møre og Romsdal Bondelag har i denne samanheng kome med merknader til Norges Bondelag på følgjande:

Forlenging av jakt på elg og hjort til 23.12. i alle kommunar

Fylkeskommunen må framleis kunne forlenge jakt på elg og hjort til 23.12. No er det berre 6 kommunar i Møre og Romsdal som ikkje har slik forlenga jakttid.

Bestanden av hjortevilt er framleis alt for stor i dei fleste område. Dette fører til avlingstap på innmark for over 100.000 kroner for einskilde, skade på rundballar og skog, nedbeiting av skogsmark på overvintringsplassar, og avmagra hjortedyr ikkje minst i tøffe vintrar som dei to siste åra. Det er eit stort problem fleire plassar at jaktuttaket er for mykje styrt av jegerar som ønskjer størst muleg bestand framfor samla omsyn. Nokre plassar er også kommunal forvalting prega av jaktinteressa. Dette trass i at dei fleste område i fylket noe er  organisert i storvald som elles fungerer.

Utvida jakttid for elg, hjort, kanadagås og stripegås

Fylkeskommunen må etter søknad frå kommunen kunne utvide jakttida for elg og hjort til 31. januar i heile eller delar av kommunen der skadegjerande trekkande bestandar av elg og/eller hjort medfører vesentlege beiteskadar.

- Fylkeskommunen må kunne opne for jakt på kanadagås og stripegås inntil 15 dagar i førekant av ordinær jakttid.

- Fylkeskommunen må kunne utvide jakta på kanadagås og stripegås i inntil to månader i etterkant av ordinær jakttid.

Måneskinsjakt viktig for effektiv jakt og minst muleg skadeskyting

Vi har fått sterke tilbakemeldingar frå heile fylket om at det framleis må vere høve til måneskinsjakt på hjortevilt. Statistikk for skadeskyting viser at jakt i måneskin kjem godt ut. Dyr som trekk inn på innmark og beiter i skumringa om kvelden er rolege og det reduserer stress hos  jegerane. Måneskinsjakt er avgjerande for å oppretthalde fellingsprosenten og redusere skade på innmark. I nokre område blir 60% av dyra felt i måneskin. Nattjakt har vore omdiskutert av omsyn til jaktoppsyn og tjuvjakt, og ved behov for ettersøk. Men ved jakt på innmark er det forholdsvis lett å ha kontroll, og jakta skjer ofte frå jakttårn. Undersøking av ettersøk stadfestar at skot ved fullmåne gir færre ettersøk.

Bruk av lys på ettersøksjakt

Vidare bør det bli vurdert om det skal vere enklare å kunne nytte lys ved ettersøksjakt. Det kan vere ved at godkjende ettersøkjarar kan ha høve til å nytte lys slik det er ved søk etter trafikkskadde dyr, eller høve til å få godkjenning på telefon til politi/lensmann i kvart tilfelle.

CorePublish publiseringsløsning