Landbrukskonferansen vil sette trykk på arbeid med rekruttering til landbruksnæringa i fylket.
Mange har ansvar for å medvirke til rekruttering: Den einskilde bondefamilie, organisasjonane, Møre og Romsdal fylkeskommune, skulen, landbruksstyresmaktene og Departementet.
Takk vere Rauma Bondelag og deira utrettelege forkjempar for å få rekruttering opp på dagsorden, leiaren Anders Øverbø, vil dette også bli eit tema for fylkesbondelaget vidare i arbeidsåret.
Program fredag 12. mars 2010
Rekruttering til landbruket i fylket I:
Inn i nytt tiår med ny stortingsmelding om landbruks- og matpolitikken
10.00 Frammøte – registrering – matbit
10.45 Møtestart. Møteleiarar: Arne Magnus Aasen og Inge Martin Karlsvik
Opning. Fylkesmann Lodve Solholm: Mulegheiter i landets fremste matfylke.
Musikk. Åshild Melkeraaen, klaver og Kari Bjørnøy, fløyte
11.15 Næringsutvikling i kommunen ved jordbrukssjef Rose Bergslid, Tingvoll.
Byggtekniske løysingar og økonomi. Master i husdyrbygg UMB Øyvind Bolsø, FKNR
Møre og Romsdal – mjølk og mykje meir. Landbruksdirektør Anne Berit Løset.
11.45 Pause
12.00 Landbruksutdanninga i fylket. Rektor Aadne Haarr, Gjermundnes VGS
Norges Bondelags tiltak for rekruttering og utdanning. Styremedlem Svein Guldal.
12.45 Lunsj
13.45 Musikk. Åshild Melkeraaen, klaver og Kari Bjørnøy, fløyte
14.00 To yngre bønder med tru på framtida i landbruksnæringa :
Tore Simonset, leiar Rindal Bondelag
Oddvar Mikkelsen, leiar Surnadal Bondelag
14.30 Pause
15.00 ”Spørjetime” - Møteleiinga samtaler med -
Stortingsrepresentant Tove-Lise Torve, Ap
Fylkesvaraordfører Svein Atle Roseth, KrF
LO-sekretær Rune Solenes Opstad
15.45 Pause – Matbit – Ost frå Othild og Asbjørn Tjugen, Derinngarden, Eide
16.15 Rekruttering II: Faglege utfordringar for landbruksnæringa i fylket
Utfordringar for rekruttering til næringa lokalt ved Anders Øverbø, leiar i Rauma Bondelag som har teke opp rekruttering som sak til årsmøtet i M&R Bondelag.
Fagleg opplæring, rettleiing og avløysing. Ivar Bakken, Landbruk Nordvest.
Frå kalv til ku – fadderordning skule og fjøs i Midsund. Odd Helge Gangstad, Midsund BL.
16.15 Landbruk Nordvest parallelle miniseminar for påmelde
18.30 Pause før middag.
19.30 Middag. Vertar: Birgit Kjerstad og Per Kristian Gjerde.
Laurdag 13. mars kl 08.30 held årsmøtet i Møre og Romsdal fram med årsmøtesaker, årsmøteforedrag og generaldebatt.
Leiarskifte
Årsmeldinga som Møre og Romsdal Bondelag legg fram for årsmøtet viser at laget i fjor fekk heile 171 nye medlemmer. Medlemstalet var ved årsskiftet 3.431 i tilsaman 50 lokale bondelag.
Inge Martin Karlsvik, Eide, er valnemnda sin kandidat til leiarvervet i Møre og Romsdal Bondelag. Arne Magnus Aasen, Tingvoll, har sagt frå seg attval etter seks år som fylkesleiar. Birgit Oline Kjerstad, Haram, er foreslått til ny nestleiar etter Inge Marin Karlsvik.
I tillegg til Arne Magnus Aasen har også Per Kristian Gjerde, Stranda, sagt frå seg attval. Som nye fylkesstyremedlemmer er foreslått Hans Frafjord, Vestnes og Audun Skjervøy, Norddal. Styremedlem Anne Katrine Jensen, Gjemnes, er ikkje på val til styret i år.
Som nye varamedlemer til styret i Møre og Romsdal Bondelag er foreslått Arne Rekkedal, Ørsta, Janne Mork, Averøy og Petter Melchior, Norddal.
