Søk

Du er her:

Smågrisprodusenten på Søyland

Publisert 03.05.2012

Norges Bondelag er den einaste organisasjonen som jobbar for bonden si sak. Me har i realiteten ingen andre alternativ. Bondelaget står på og tek ansvar, seier Kjetil Søyland, smågrisprodusent i Gjesdal i Rogaland.

TEK ANSVAR: Bondelaget står på og tek ansvar, seier Kjetil Søyland, foto: Ådne Aadnesen, Bondebladet.I serien om kvifor bønder står i Bondelaget, har Bondebladet besøkt Kjetil Søyland, som i lag med kona Marianne driv gard på Søyland i Gjesdal kommune i Rogaland. Familien inkluderer også tre barn på 12, 10 og 8 år.

I 1998 tok Kjetil Søyland (41) over grisene på odelsgarden. Då kjøpte han 18 sugger av mora og faren. I dei to påfylgjande åra bygde Kjetil nytt fjøs for 70 sugger som den gong var konsesjonsgrensa. I 2004 bygde han endå eit grisehus, etter den nye konsesjonsgrensa på 150 årssugger i smågrisproduksjonen.

Alle smågrisane på garden vert selde vidare til slaktegrisprodusentar i området, gjennom Nortura sitt system. Kjetil Søyland leverer om lag 3600 griser i året, ved 74 dagars alder. Han sel gris kvar 37. dag i tråd med kvar grising.

Kjetil Søyland overtok heile garden frå 31. desember 2008. Eigedomen består av 170 mål dyrka jord og 2000 mål med beite- og utmarksareal.

Også mjølkekyr og sau

Det er også mjølkekyr og sau på garden, men desse vert forpakta av Kjetil sine foreldre. Han har bygd det såkalla folkefjøset til kyrne, og faren og mora kan driva så lenge dei vil, seier Kjetil. I fjor sommar kom også mjølkerobot på plass i fjøset. Etterpå skal han og Marianne ta over alle produksjonane sjølve. Mjølkekvoten er på 340.000 liter, og tal vinterfôra sau er 110.

Gjesdal er ein av dei kommune der beite gjev mest utslag for spreieareal og difor er her mykje sau. Dette er ein av kommunane i landet som prosentvis har størst andel spreieareal i beite i høve til totalt spreieareal, ifylgje Søyland.

Både Marianne og Kjetil Søyland er heiltidsbønder.

– Eg føler det er så grei økonomi i grisen, så det er ikkje behov for å «jaga» vekk mor og far, som Kjetil uttrykkjer det. Dessutan gjer dette opplegget at både den eldre og den yngre generasjon kan avløysa kvarandre, slik at begge partar får regelmessig ferie og fritid.


Aktiv i Norsvin

Kjetil Søyland har vore leiar i Norsvin Gjesdal i ni år, og medlem i styret i 11 år. Då han melde seg inn i Norsvin i 1998 var det 17 medlemmar i Norsvin Gjesdal, og i dag er det 18. Så dermed kan ein trygt slå fast at svineproduksjonen er stabil i Gjesdal kommune.

- ¬Me har også eit ganske ungt miljø. Det er fem personar som har overtatt gardane i løpet av dei siste par åra. Alle desse er mellom 20 og 30 år, fortel Kjetil Søyland.

Norsvin Gjesdal er eit aktivt lokallag, som gjer mykje for å syna fram grisen i kommunen. Ålgård er kommunesenter i Gjesdal, og er nesten for ein by å rekna. Her har Norsvin Gjesdal vore til stades på Vannfestivalen i sju år, der dei har woka svinekjøt og selt øl. Dette har samtidig gjeve god økonomi i laget.

- Dugnader som dette gjev eit godt miljø blant grisebøndene, slår Kjetil Søyland fast. Han legg til at sam-haldet og engasjementet er svært godt innafor heile landbruket i Gjesdal.

Norsvin Gjesdal sponsar òg alle medlemmar som gjennomfører Norsvinskulen med 1500 kroner per kurs. Laget har dessutan spandert t-trøyer på medlemmane i Firkløveren 4H i Gjesdal - sjølvsagt med Norsvin-enblem på trøya. Desse skal iførast 4H-medlemmane når dei skal gå i 17. maitoget.

- Vinn sjeldan noko på brot

Kjetil Søyland er også aktiv i Bondelaget, og har vore styremedlem i Gjesdal Bondelag i fem år, derav to år som nestleiar. Han er òg krinsleiar for Gjesdal i Nortura.

Søyland har vore medlem av Bondelaget heilt sidan han vart bonde. Også Marianne er medlem.

– Norges Bondelag er den einaste organisasjonen som i realiteten jobbar for vår sak, så eg ser ingen alternativ, slår Kjetil Søyland fast.
– Bondelaget står på og tek ansvar. Me vinn sjeldan noko på brot, for då vil Stortinget klubba gjennom det billegaste alternativet – som vil vera Statens tilbod.

- Det einaste eg ikkje liker er at forskjellen mellom kravet frå landbruket og det du oppnår er så stor. Folk reagerer på forskjellen mellom krav og oppnådd resultat , seier Kjetil Søyland.

Viktigast for grisen

Svinenæringa er ikkje det som Norges Bondelag kjempar hardast for, meiner Søyland.

- Det viktigaste for denne næringa er prisnedskrivinga på korn og konsesjonsgrensa i svineproduksjonen. Ein kan ikkje forandra kornprisen utan at det vil ramma kornbonden eller grisebonden. Der er me i same båt. Det er viktig at kraftfôrprisen vert sett slik at grisen kan produserast mest mogleg rimeleg. Bondelaget bør hugsa på at grisen et 30 prosent og får 80 prosent av karbohydrata frå det norske kornet. Det meste av importen går til høgt ytande mjølkekyr og fjørfekjøt. Dei må ikkje gløyma at dersom dei skrur opp kornprisen, så vil det i tillegg gå ut over mjølkeproduksjonen. Der er det jo tollmessig ingenting å gå på. Og mjølka er den som har det hardast, samtidig som den er bærebjelken i norsk landbruk.

Kjetil Søyland held vidare fram at konsesjonsgrensene i svineproduksjonen ikkje må rørast.

– Eg vonar òg at det no ikkje vert gjort fleire stønt ved å ta frå jærbøndene. Då vert Bondelaget den store taparen, sjølv om det i røynda er regjeringa som står bak. Forskjellsbehandlinga vil gjera at Bondelaget kan tapa medlemmar på Jæren, seier Søyland.

No får svineprodusentane 765 kroner i dyretilskot for dei 35 fyrste årssuggene. Det burde vore auka monaleg for å halda på dei minste produsentane. Dette har me hatt innspel på i mange år. Men hittil har me ikkje fått med-hald i dette, legg Søyland til.

Vern er òg noko Kjetil Søyland er oppteken av. I Gjesdal som så mange andre stader er dei kommunale styresmaktene altfor opptekne av å verna alt mogleg på bekostning av bruken av matjorda.

- Me har ein landbrukssjef med utdanning på miljø. No må me bønder kjempa mykje meir for å få gjennomført nydyrking. Det er mykje større fokus på vern av bestemte lyngartar og andre plantevekstar som veks der det er jordbruksdrift. Likeeins om det lever salamandarar eller andre levande artar i området, seier Kjetil Søyland.

Landbrukssjef og miljø burde vore to forskjellige personar, så var det litt lettere å få hjelp om der var tvil, meiner Søyland. Han vil oppfordra Norges Bondelag til å jobba meir for at ikkje alt utmark skal vernast.

- Vanleg sunn drift er det me bønder er opptekne av. Dei må praktisera vern av vassdrag og andre ting med fornuft. Likeeins må spreiearealkrava vera fagleg begrunna. Ein må ikkje setja opp krava berre for å ta jærbøndene, slår Kjetil Søyland fast.

Bondelaget og grisen:


Endringar i jordbruksavtalen for gris:
For gris er dei framforhandla målprisaukingar viktigast for inntektsmoglegheitene:
* juli 2010: 0,45 kr
* juli 2011: 1,20 kr
* januar 2012: 0,50 kr
Ein rimeleg balanse mellom auken i kornpris og kraftfôrprisen er også viktig. Ein har difor prioritert å dempa kostnadsveksten for svinenæringa når kornprisen er auka, særleg i 2011.
* 1. juli 2009: kornpris 0 kraftfôrpris 3 øre/kg
* 1. juli 2010: kornpris -1øre/kg kraftfôrpris 0 – stadfrakt + 8 mill. kr
* 1. juli 2011: kornpris 11 øre/kg kraftfôrpris 7 øre/kg stadfrakt + 5 mill. kr
Endringar ferie og fritid:
* frå 2010 auka sats 4,5 prosent maks 61.000 kroner
* frå 2011 auka sats 5,0 % maks 64.000 kroner
* frå 2012 auka sats 4,0 % maks 66.600 kroner
Ser ein på referansebruk 5 (avlssvin og korn) har inntektsveksten før effekten av jordbruksfrådraget (vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk) vore:
2010: 10.000
2011: 4.800
(Kjelde: Norges Bondelag)

 

Av Ådne Aadnesen, Bondebladet
 

DIFOR er eg med i Bondelaget
Bondebladet spør i denne serien bondelagsmedlemmar i ulike produksjonar om kvifor dei er med i Bondelaget. Tidlegare innslag har stått i Bondebladet i nr 1, 2, 3, 4, 7 og 10 i år.


 

CorePublish publiseringsløsning