
Vi har i alle år hatt sjølvrekrutterande ammekyr av rasen Aberdeen Angus som hovudproduksjon i kombinasjon med sau. Vi la om til økologisk landbruk i 1995. Eg har gått på Kvinneretta tiltak innan landbruk og fått stipend og BU midlar for turisme. Har restaurert ei gammal hytte og satt opp ein ny Rorbu.
Sonen vår har tatt over gardsdrifta i år og vil satse på saueproduksjon som hovud næring.
Vi har alle sett det som ein fordel å vere medlem i Bondelaget. Min mann var med å starte Flora Bondelag i 1983 og vi har begge vore medlem i Bondelaget sidan då. I 1993 vart eg styremedlem i Flora Bondelag og i 2000 blei eg vald som leiar. Eg har også to års fartstid som 1.vara i Sogn og Fjordane Bondelag og to år som styremedlem.
Som bonde ser eg det som viktig og heilt klart ein fordel å vere medlem av Nores Bondelag. Det gjev meg mange medlemsfordelar og ikkje minst gjev det meg høve til å vere med å påverke politisk under til dømes jordbruksforhandlingar. Dette året er det også høve for alle medlemer til å kunne vere med å forme ei Ny melding til Stortinget om Landbruks- og matpolitikken. Generelt har bonden for lite inntekt, og dette kan vi prøve å gjere noko med ved å engasjere oss. Denne nye meldinga skal vere ein reiskap for politikarane, difor er innhaldet svært viktig.
Bondelaget har mange kurs og aktivitetar som er nyttig for eit medlem å vere med på. Her kan ein skaffe seg kunnskap, delta i meiningsutvekslingar, ta imot inspirasjon og skaffe seg nye kjenningar både lokalt på fylkesnivå og nasjonalt.
Ved sida av alle fordelar ein har som medlem, er det også kjekt å få høve til å vere med i styret lokalt. For dei som har ambisjonar ventar det utfordringar høgare oppe i systemet. Mi oppfordring til deg som vert spurt er å vere positiv og svare ja til dei utfordringane og moglegheitene som dukkar opp på din veg. Det vere seg eit medlemsskap i Bondelaget eller eit tillitsverv på ulike nivå.
