Fakta om norske mjølkefjøs
I dag det 3000 lausdriftsfjøs i norsk mjølkeproduksjon, mens det er 4000 båsfjøs.
Ein tredjedel av mjølkevolumet vert enno produsert i båsfjøs. Det er store regionale skilnader. Høgast del lausdriftsfjøs er i Vestfold/Telemark og Viken og med høvesvis 57 og 56 prosent, lågast er i Vestland og Agder med 30 prosent (2021)

Norges Bondelag meiner at framtidas mjølke- og storfeproduksjon skal skje i lausdriftsfjøs, både fordi vi er opptekne av å styrke dyrevelferda og arbeidsmiljøet til bonden.

Situasjonen i dag er likevel at over halvparten av mjølkeprodusentane framleis har båsfjøs. Dette er i all hovudsak små og mellomstore bruk, og dei står for om lag ein tredjedel av den samla norske mjølkeproduksjonen.

Stortinget vedtok i 2004 at norsk mjølke- og storfeproduksjon skal skje i lausdriftsfjøs innan 2024. Bakgrunnen for dette er eit ønskje om å gje dyra rom og vilkår for fri rørsle i fjøset. I 2008 fekk eigarar av båsfjøs, bygde mellom 1.1.1995 og 22.4.2004, utsett frist for omlegging til lausdriftsfjøs til seinast 2034. Ved jordbruksforhandlingane i 2016 vart Norges Bondelag og staten samde om å utsetje fristen for innføring av lausdriftsfjøs frå 2024 til 2034 for alle. Men alt storfe på bås skal ha minst 16 veker på beite, (tilsvarande krav for storfe i lausdrift er 8 veker) og det kom krav om kalvingsbinge i båsfjøs.

Auke lønnsemda

Dei mjølkebruka som framleis har båsfjøs, har i snitt 18 kyr. For desse bruka er det i dag er det vanskeleg å få lønsemd i å bygge lausdriftsfjøs utan ein plan for å auke produksjonen. Men for mange av desse bruka er det ikkje mogleg å utvide produksjonen, dei må finansiere investeringa på det produksjonsvolumet dei har i dag. Samtidig er det avgjerande for berekrafta i norsk landbruk at bruka har ein produksjon som er i godt samsvar med det tilgjengelege arealgrunnlaget.

For å få dette til må driftsøkonomien bli betre i heile landbruket,  investeringsstøtta må auke og dessutan målrettast meir mot dei mindre og mellomstore bruka.

Auka og meir målretta investeringsstøtte

Tidsfristen for å bygge om til lausdrift tar ikkje omsyn til kor gamal eller i god stand driftsbygninga er, mange vert difor tvunge til å gjennomføre store investeringar tidlegare enn dei elles ville ha gjort. Det trengst ei særskilt investeringsstøtte for å sikre at desse bruka kan halde fram med mjølke- og storfeproduksjon.

Norges Bondelag meiner:

  • Framtidas mjølke- og storfeproduksjon skal skje i lausdriftsfjøs. Det er viktig for å styrke dyrevelferden og for å gje bonden eit betre arbeidsmiljø.
  • Driftsøkonomien må bli bedre for både små og store bruk. 
  • Stortinget må løyve ein fleirårig investeringpakke som er øyremerka ombygging til lausdriftsfjøs. Desse investeringsmidla må vere innretta mot små og mellomstore fjøs.