Søk

Kontakt Sogn og Fjordane Bondelag på tlf. 57837080 / sogn.fjordane@bondelaget.no

Februarbrevet 2009

Publisert 20.02.2009 - sist oppdatert 03.03.2009

Takk for sist til dei av dykk som deltok i regionmøta! I dette brevet vil vi ta opp konkret informasjon kring nokon aktuelle saker. Som det går fram av brevet er det mange viktige spørsmål som vert handsama i tida framover.

 Regionmøta – kva meiner de?

Fylkesstyret har drøfta gjennomføringa av regionmøta 2009. I ei slik evaluering har det kome fram ulike synspunkt på møteforma, innhald i år og planar for komande år.   Regionmøta har vore gjennomført etter same lest i mange år.  Møta er, slik mange av dykk seier, den einaste møtestaden der de har direkte med medlemer i fylkesstyret utanom fylkesdekkande tilskipingar og årsmøte i lokallaga.  De som leiarar har også tilbodet om telefonkontakten med styremedlemene.  Den gjeld begge vegar.  Om de har saker de vil ta opp så kontakt gjerne din kontaktperson i fylkesstyret.

 Fylkesstyret ynskjer å halde på ei møteform der dei kan treffe heile lokallagsstyra. Fylkesstyret vurderer for 2010 og 2011 og gjere dette noko annleis.  Fylkesstyret ynskjer å gjennomføre besøk i kvart lokallag, der eitt medlem i fylkesstyret vitjar eit styremøte i lokallaget i januar 2010 eller januar 2011.   Dette vert gjort for å få eit sterkare fokus på lokallagsarbeidet, og for å få eit så lite forum at alle kan ta ordet og bere fram sitt syn.  I kommunar med fleire lokallag kan det vere felles møte, men det er opp til dykk lokalt å avgjere det.    Dersom nokon lokallag kan tenkje seg besøk i styremøte utanom januar månad, er vi sjølvsagt opne for det på dykkar initiativ.

Regionmøte som form vert ikkje lagt vekk, men ein ser føre seg ein modell der det er regionmøte med breiare deltaking  kvart andre eller tredje år.

 Ynskjer innspel frå dykk innan 1. Mars

Fylkeslaget erkjenner at  årets regionmøte var variable, og ikkje av dei beste møta som har vore.   Dette har vi drøfta internt, og vi ynskjer saman med dykk å komme fram til gode løysingar for framtida.  

  • Kva meiner de er det største potensialet for forbetring når det gjeld regionmøta?
  • Kva forventningar har de til regionmøta?
  • Kva skal møta innehalde?
  • Kva førebuingar gjer de i lokallaget før møtet? 
  • Kva meiner de i lokallaga om å få besøk av eit medlem i fylkesstyret eller ein tilsett i eit styremøte?

Vi ynskjer ein best mogleg fungerande organisasjon frå medlem til sentralt tillitsvalde.  Dette er bakgrunnen for at vi spør dykk til råds.  Vi set stor pris på om de kan gje oss ærlege attendemeldingar på e-post til: sogn.fjordane@bondelaget.no innan 1. Mars i år.

 

 Marknadsordningane

Den saka, som av fleire vert sagt, er den viktigaste landbrukspolitiske endringa på 50 år nærmar seg ei avgjerd.  Arbeidsgruppa som utarbeider framlegg til ny Marknadsordning for kjøt og egg skal etter planen ha sitt siste møte den 12. Februar.  Så langt snakkar dei om to ulike modellar.  Kyllingmodellen – det vil seie å ta ut eitt dyreslag frå marknadsordninga eller volummodellen.  Signala tyder på at det er ein variant av den siste som det vert arbeidd grundig med.  Viktige element i denne er:

  • Nortura som marknadsregulator
  • Mottaksplikt, forsyningsplikt, informasjonsplikt, prisnotering
  •  Sesonglagring basert på volumindikatorer, avgrensa til førehandsdefinert volum.
  •  Suppleringsimport: stabilitet i forsyning
  • Omsetningsrådet
  •  Jordbruksforhandlingar

Med denne modellen er mykje som i dag, medan den store utfordringa er prisdanninga i marknaden og korleis denne kan handterast utan målpris som drahjelp gjennom jordbruksforhandlingane.  Kva seier kjedane i kjedeforhandlingane?  Usikkerheita vil verte større enn med dagens ordning, og prisen vil gjerne bli brukt i større grad enn i dag for å regulere tilførsel av råvarer gjennom året. 

Jordbruksforhandlingane – hugs fristen som er 27. februar.    Minner om fristen for innspel som er fredag 27. februar.  Send gjerne innspela  på e-post til sogn.fjordane@bondelaget.no.   Bakgrunnsstoff finn de på heimesida til Bondelaget.  Sjå her:  http://www.bondelaget.no/jordbruksforhandlinger/category199.html

Prinsipprogrammet – fylkeslaget ynskjer innspel før 3. april  De har motteke informasjon frå Norges Bondelag sentralt om Norges Bondelag sitt framlegg til prinsipprogram for 2009-2013.  Prinsipprogrammet vil vere sak i fylkesårsmøtet.  De i lokallaga vil få høve til å kome med konkrete innspel til endringar i møtet, og i ein høyringsrunde etter årsmøtet. Frist for innspel til fylkeslaget  vert fredag 3. april.  Det vil seie fredag før påske.   På heimesida til Norges Bondelag vert det opna opp for at alle medlemer kan gje sitt syn til kjenne på e-post til Norges Bondelag sentralt.  Sjå:  http://www.bondelaget.no/prinsipprogram-2009-2013-hoeringsutkast/category2965.html

Politisk arbeid framfor jordbruksforhandlingar og Stortingsval  Fylkeslaget har gjennomført møte med fylkesleiarane i alle dei politiske partia i fylket.  Vi har gjort avtalar med regionråda, invitert oss sjølve til fylkesårsmøta i dei politiske partia og hatt to møte med Stortingsrepresentantane etter jul.   Eit tidkrevjande, men viktig arbeid for ei næring som er så avhengig av dei politiske rammevilkåra. 

 Kurs tysdag 31. mars:  Korleis påverke lokal arealbruk? 

Tysdag den 31. mars skipar fylkeslaget saman med Norges Bondelag sentralt til kurs på Skei med fokus på korleis lokale bondelag og medlemer kan påverke lokal arealbruk.  Til kurset kjem dyktige foredragshaldarar frå Norges Bondelag sentralt.  Vedlagt ligg program for dagskurset.  Fylkeslaget og Norges Bondelag sentralt dekkjer dekkjer dei direkte kostnadene ved kurset.  Vi går då ut frå at lokallaga kan dekke reise og daggodtgjersle for dykkar eller andre i lokallagsstyret si deltaking.  Tema og spørsmål som vert tekne opp i kurset er aktuelle og viktige for dykk som sit som tillitsvalde lokalt.  Vi vonar mange av dykk vil finne kurset av interesse og delta.  Frist for påmelding er sett til fredag den 20. mars 2009.

 Endringar ved kontoret frå 1. mai . Aud Østerbø har søkt og fått permisjon for 1 år.  Ho skal starte som rekneskapsførar hos Rekneskapskontoret Fjordane i Førde den 1. Mai.  Det vert lyst etter vikar for Aud denne veka med søknadsfrist tidleg i mars.  Skulle nokon kjenne nokon potensielle gode søkjarar må de gjerne tipse dei om jobben. 

 WWW.bondelaget.no/sognogfjordane   Både bondelaget sentralt og fylkesbondelaget har mål om å bruke heimesidene aktivt.  Det meste av informasjonen som lokallaga treng ligg tilgjengeleg på sidene.   No er det ikkje lenger slik at det berre er du som lokallagsleiar som får tjukke konvoluttar med informasjon i posten.  No kan alle i lokallagsstyret ha tilgang til same informasjonen samstundes med deg.   Organisasjonen har eit mål om at fleire og fleire av tillitsvalde og medlemer brukar sidene aktivt.

Informer dine styremedlemer om sida og all informasjon som finst der på til dømes:   http://www.bondelaget.no/informasjon-til-lokallag/category161.html    Der ligg all informasjon som vert sendt ut frå sentralt til dykk i lokallaga.

Hjelp oss å marknadsføre sidene, og kom gjerne med innspel på endringar og forbetringar som de ynskjer.

 

Utkast til program for dei politiske partia:  Vedlagt ligg oppsett som er henta frå utkasta til program for dei ulike politiske partia.   

 

 

CorePublish publiseringsløsning