Advokat Ole Houlder Rødstøl (biletet) står for det faglege innhaldet. I det daglege er han partnar i advokatfirmaet Øverbø Standal & CO og samarbeidsadvokat for Norges Bondelag. Han har særlege arbeidsområder knytt til generasjonsskifte, generell forretningsjuss, odelsrett og skatt/arveavgift. Temadagen har ikkje som formål å setja deltakarane i stand til å gjennomføra eit eigarskifte på eiga hand. Derimot blir det fokus på:
- Planlegging av eigarskifte – regelverk.
- Gjennomføring av eigarskifte – regelverk.
- Kva partane kan gjera på eiga hand og kva det bør søkjast hjelp til for å unngå gjera feil, m.v.
Målgruppe er i utgangspunktet alle som har tilknytning til garden, både ny og gammal generasjon, som skal inn i eller er inne i ein eigarskifteprosess.
Temadagen blir halde på FK-bygget/Felleskjøpet Nordmøre og Romsdal, Molde.
Kurset er gratis for medlemar i Norges Bondelag. Deltakaravgift kr 400,- for andre.
Påmelding innan mandag 6. oktober til Møre og Romsdal Bondelag, tlf 71 20 28 90 eller more.romsdal@bondelaget.no .

Møre og Romsdal Bondelag gjentek suksessen frå i fjor då vi måtte sette strek ved 40 deltakarar, og arrangerer på nytt temadag om eigarskifte. Her bilete frå Felleskjøpets kantine under kurset i fjor (Foto: Arild Erlien).
