Søk

Du er her:

Kontakt Møre og Romsdag Bondelag på tlf. 71202890 / more.romsdal@bondelaget.no

Gåve frå Gjensidige til "Praktisk HMS-arbeid"

Gjensidige markerer 50-års samarbeid med Norges Bondelag om forsikring med ei gåve på kr 500.000. Møre og Romsdal Bondelag får kr 25.000 av gåva. Midlane skal brukast til planlegging, marknadsføring og gjennomføring av kurs i "Praktisk HMS-arbeid".

Hittil i år er det registrert 10 dødsulykker i tilknytning til landbruk. Dette syner at det framleis er langt fram til "nullvisjonen" om "Ingen dødsulykker i norsk landbruk innan 2012". Eit viktig verkemiddel for å nå dette målet er å auka kompetansen om kva bonden kan gjera for å hindra ulykker. I så måte er kurset "Praktisk HMS-arbeid" heilt sentralt. Det er ønskje om at alle bønder skal ha gjennomføra kurset og dermed ha dokumentert kompetanse på HMS innan 2012.

I løpet av 2008 - 2009 vil det bli gjennomført ei rekke lokale kurs i regi av Landbrukets HMS-teneste i samarbeid med m.a. lokale bondelag. Kurset er på 12 timar. Halvparten er e-læring på eigen pc. Sjå også meir info om kurset på Landbrukets HMS-teneste. Interesse for kurset kan gjerne meldast til Møre og Romsdal Bondelag.

Av: Atle Franzen

CorePublish publiseringsløsning