Her er lesarinnlegget som er sendt avisene:
Framtidsutdanning i naturbruk på Gjermundnes VGS
Mange unge står framfor eit viktig val av vidaregåande skule innan 1. mars. Som tidlegare elev, og som medlem av Skuleutvalet, vil vi presentere deg for spennande mulegheiter på ein flott skulestad som Gjermundnes vidaregåande skule i Vestnes. Det er ein vanleg VGS, men er spesielt for deg som er oppteken av naturfag eller ønskjer å drive med dyr og landbruk.
Gjermundnes tilbyr naturbruksutdanning for heile fylket. Det er fag som landbruk og husdyrhald, naturforvalting, og fagbrev på hest eller anleggsgartnar. Her er fagutdanning innan ei anna stor næringsgrein der vårt distrikt også ligg heilt i toppen, industriteknologi. Skulen hadde bra søking i fjor og dei vi har snakka med trivast.
Fylket har ein flott skule med fantastisk plassering på Gjermundnes. Mellom store trær er skule og internat, driftsbygg med dyr og planter, park og museum, her er skog, fjell og sjø i nærleiken. Her er plass for hestar, gutar og jenter. Buss og hurtigbåt. - Vi tilrår dei mange unge vi møter som skal overta eller kjøpe gard for å drive tradisjonelle eller nye næringar om å ta fagutdanning.
Men Gjermundnes kan også vere skulen for deg som er interessert i naturfaga og ønskjer studiekompetanse for vidare studiar. Landbruksnæringa skal framover rekruttere mange engasjerte fagfolk og forskarar. Bondeyrket fordrar god og brei fagleg bakgrunn. – Vi er sjølv glade for å ha satsa på både god fagutdanning og på gardsbruk innan ei levande og utfordrande næring. Mat og dyr er alltid aktuelt. Og utdanninga kan ingen ta frå oss.
Møre og Romsdal Bondelag
ved leiar Inge Martin Karlsvik og organisasjonssjef Gunnar Wentzel
