Søk

Du er her:

Verktøylinje

  • Framtidsutdanning i naturbruk på Gjermundnes VGS

    [04.02.2011] - Vi tilrår dei mange unge vi møter som skal overta eller kjøpe gard for å drive tradisjonelle eller nye næringar om å ta fagutdanning, skriv fylkesleiar Inge Martin Karlsvik og organisasjonssjef Gunnar Wentzel i eit lesarinnlegg. Ungdomsskule-elevane står framfor eit viktig val av skule innan 1. mars. Møre og Romsdal har mellom mange tilbod ein flott vidaregåande skule med landbruk, naturbruk og mekaniske fag på Gjermundnes. Karlsvik og Wentzel skriv at i det siste har dei treft mange unge som ikkje er godt merksame på dette tilbodet.

  • Temadagar om eigarskifte på Stranda og i Surnadal

    [01.10.2010] Tilsvarande samlingar dei siste åra om temadag eigarskifte har vore så populære at Møre og Romsdal Bondelag på nytt inviterer til samling om temaet. Bondelagets samarbeidsadvokat Ole Houlder Rødstøl (biletet) står for det faglege innhaldet. Denne gongen held vi to temadagar, på Stranda på Sunnmøre laurdag 30. oktober og i Surnadal på Nordmøre laurdag 6. november.

  • Kompetanse: Lærer å bli bonde på Gjermundnes

    [06.09.2010] Mellom åker og eng på Gjermundnes lærer elevane å bli bonde. For halvparten av dei er skulen heime - på internatet. Gjermundnes vidaregåande skule har dette skuleåret 122 elevar og ein stab på rundt 30. Skulen har elevar frå så å seie kvar einaste kommune i fylket. - Dette er ein heilt orinær vidaregåande skule, seier rektor Aadne Haarr i ein fire-siders reportasje i Sunnmørsposten.

  • Neste generasjon bønder treng landbruksutdanning

    [30.08.2010] Det er god søking til naturbruk på Gjermundnes VGS hausten 2010. Ved skulestart er 46 elevar teke opp til 42 plassar. Men det er berre 3 på agronomutdanninga tredje året. Bondelaget i Møre og Romsdal vil arbeide vidare med tilbod om supplerande agronomutdanning i fylket.

  • Lokal forfattar av Bondelagets ”Mat-boka mi”

    [25.05.2010] Styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag, fylkesleiar i Bygdekvinnelaget og husstellærar gjennom 40 år, Solveig Linge Stakkestad frå Valldal, er forfattar av det nye elevheftet frå Den grønne skolen til Norges Bondelag "Matboka mi". Barnebarna til Solveig, Eskil og Emma, er gjennomgangsfigurar i det nye elevheftet med oppskrifter som passar for barn frå 8 - 12 år.

  • Naturbruk på Gjermundnes VGS noko for deg?

    [18.02.2010] Mange unge står framfor eit viktig val av vidaregåande skule innan 1. mars. Som tidlegare elev, og som medlem av Skuleutvalet, vil vi presentere deg for spennande mulegheiter på ein flott skulestad som Gjermundnes vidaregåande skule i Vestnes. Det er ein vanleg VGS, men har også spesielle tilbod innan framtidsnæringar. Det skriv nestleiar Inge Martin Karlsvik og organisasjonssjef Gunnar Wentzel i eit avisinnlegg i avisene i fylket.

  • Nyttig og lærerikt kurs i arealforvaltning

    [07.12.2009] Som ein del av leiarmøtet i Møre og Romsdal Bondelag på Alexandra Hotel i Molde vart det fredag 27.november gjennomført eit dagskurs med tema lokal arealforvaltning. Føremålet med kurset var å auke kompetansen i lokallaga om lokal arealforvaltning etter Plan- og bygningslova og anna aktuelt lovverk. Det var også viktig å visa korleis lokallag, bønder og grunneigarar kan ta del i prosessar, engasjera seg i saker og sikra rettar, erstatning, m.v.

  • Aktuelle kurstilbud i M&R Bondelag

    [27.10.2009] Strategiar og vegvalg for jordbruksoppgjeret 2010, Praktisk HMS – arbeid og Kompetansebevis – Dyrevelferd er kurs- og studietilbod som bør vere aktuelle for medlemmer og lokale Bondelag i Møre og Romsdal 2009-2010. Klikk på linken under kvart studietilbod for meir informasjon, eller ta kontakt med Atle Frantzen på bondelagskontoret - tlf. 71 20 28 94.

  • Omorganisering av Bygdefolkets Studieforbund

    Frå 1.juli 2008 er Bygdefolkets Studieforbund (BSF) omorganisert til ein einledda organisasjon, i hovedsak kun med eit sentralt sekretariat i Oslo. Fylkeslaget er avvikla. Studie- og kursaktiviteten held fram som før gjennom den enkelte medlemsorganisasjon, m.a. Norges Bondelag. Møre og Romsdal Bondelag er regionkontakt for BSF i Møre og Romsdal.

  • Gåve frå Gjensidige til "Praktisk HMS-arbeid"

    Gjensidige markerer 50-års samarbeid med Norges Bondelag om forsikring med ei gåve på kr 500.000. Møre og Romsdal Bondelag får kr 25.000 av gåva. Midlane skal brukast til planlegging, marknadsføring og gjennomføring av kurs i "Praktisk HMS-arbeid".

  • M&R Bondelag arrangerer temadag om eigarskifte

    Møre og Romsdal Bondelag gjentek suksessen frå i fjor då vi måtte sette strek ved 40 deltakarar, og arrangerer på nytt temadag om eigarskifte, som blir gjennomført laurdag 18. oktober kl 10.00 – 17.00 på Felleskjøpets møterom i Molde. Bondelagets samarbeidsadvokat Ole Houlder Rødstøl (biletet) står for det faglege innhaldet. Påmelding innan 6. oktober.

CorePublish publiseringsløsning