Han var stolt da han innleia til debatt under leiarmøtet i Norges Bondelag, Bondelagsleiar Nils T. Bjørke. - Vi må ikkje berre fortele kva vi ikkje har fått til. Vi er på eit vinnarlag, men vi skal og fortele om kva vi ikkje har fått til, streka han under og peika samstundes på den lange kampen knytta til forhandlingane i WTO - Verdens handelsorganisasjon:
- Hadde vi tilpassa oss slik norske politikarar ville vi skulle gjere det i 1999/2000, hadde vi hatt ei heilt anna landbruk i dag, sa Bjørke til applaus frå salen der det sit tillitsvalde og ansatte leiarar frå så vel fylkeslaga i Norges Bondelag som samvirkeorganisasjonene saman med styret i Norges Bondelag.
I innleiinga si la Bjørke vekt på å utnytte mogelegheitene til å fortele nye fylkesting og kommunestyrar om landbruket si betydning i den einskilde kommune og det einskilde fylke. Og, Bjørke vil sjå fram mot Stortingsvalget i 2013;
- Vi skal arbeide for eit Storting som har ambisjonar for norsk landbruk og norske distrikt. - Landbruksnæringa skal arbeide for eit politisk grunnlag som vil styrke ein bærekraftig matproduksjon over heile landet, sa Bjørke.
- Vårt inngangspunkt er mat. Mat blir meir og meir viktig for folk flest, og da er det viktig at det er fokuset vårt, streka han under. - Det er ingen ingen organisasjoner som kan samle medlemmene med same trykk slik vi kan. Da skal vi og ha som mål å vere like tydelege når vi har møter i kommuner og fylker.
Bondelagsleiaren nytta og høvet til å utfordre leiarmøtet på viktige val i landbrukspolitikken framover. Nokresvar vil kanskje kome i Landbruksmeldinga som er venta i slutten av november. Andre utfordringar må finne sine svar i ei samhandling mellom organisasjonsarbeid og politisk påverknad. Til dømes om det er satt av nok midlar til den aktive produsenten, om det er ein veg å gå å legge meir midlar i beitetilskot, i kvalitetstilskot, i grøfting- enn i arealtilskot..
-812.000 dekar matjord er dårleg drenert. Det vil kreve betydelege midlar om vi skal gjere nok med det innafor ei gitt periode. Noko kan vi kanskje finansiere gjennom friske midlar, noko må vi kanskje finansiere ved å redusere andre tilskot. Vi skal ta diskusjonane først, streka Bondelagsleiar Nils T. Bjørke under.
