Søk

Du er her:

Kampen for økonomisk likestilling

Artikkelen nedenfor er skreven av historikererne Olav Røynde og Brynjulv Gjerdåker. De har også skrevet Norges Bondelags historie i tobandsverket "Hunder år for bygd og bonde" som ble utgitt av landbruksforlaget i samband med jubileet i 1996.

Jamstelling eller likestilling med andre grupper i samfunnet økonomisk har vore eit viktig mål for Bondelaget.

Skiftande jamstellingsmål

Då Landmandsforbundet vart skipa som landsorganisasjon våren 1896, stod tollspørsmålet og tollpolitisk jamstelling med industrinæringa i sentrum. Den proteksjonistiske bølgja som rulla over Europa frå slutten av 1800-talet var særleg ein politikk for industriell vokster - for å fremje ferdigvareproduksjonen. Det var langt vanskelegare å få gjennomslag for å toll-leggje råvarer. For Landmandsforbundet var kravet om tolljamstelling problematisk også p.g.a. ulike interesser blant bøndene. Organisasjonen kom derfor til å føre ein moderat tollpolitikk - i tett samarbeid med industriinteressene.

Tollpolitisk jamstelling

Det store vendepunktet skjedde i 1912. Som første post på programmet gjekk organisasjonen då inn for å jamstelle landbruket med handverket og industrien "i tollpolitisk henseende". Dermed vart jamstellingspolitikken løfta opp som hovudmål samstundes som samarbeidslinja med industrien vart broten. Under krigen vart denne posten mynta ut med korntoll som frontkrav, og dette kravet kom til å dominere norsk politikk heilt fram til slutten av 1920-åra. Sjølv om Bondelaget ved den endelege kornordninga i 1929 (overpris på norskprodusert korn gjennom ei statleg monopolordning og korntrygd til heimeforbruket) ikkje fekk gjennomslag for det opphavelege tollprogrammet sitt, vart likevel vernet av norsk kornproduksjon stort sett sikra. I 20-åra vart også tollsatsane på andre jordbruksprodukt heva i fleire omgangar, og i det store og heile vart programmet om tollpolitisk jamstelling gjennomført i løpet av dette tiåret.

Svikt i omsetninga - krav om prisjamstelling

Denne sigeren var til liten hjelp for bøndene då den innanlandske avsetninga svikta frå slutten av 20-åra. Prisane på landbruksvarer rasa nedover og tvinga Bondelaget inn på ei ny jordbrukspolitisk linje. Merksemda vart retta mot tiltak som direkte kunne stimulere produktprisane. Etter mønster frå andre land, ikkje minst USA, vart kravet prisjamstelling med industrien. Verkemiddelet for å få dette til var omsetningsordningane gjennom sentralane og smørinnblanding i margarinen. Kravet om prisparitet stod i sentrum i kriseforliket i 1935 då Bondepartiet hjelpte Arbeidarpartiet til regjeringsmakt.

Omlegginga av jordbrukspolitikken i 30-åra gav positive utslag på jordbruksprisane - dei steig fram mot krigen. Problemet var likevel at sjølv om jordbruksprisane følgde industriprisindeksen, sakka jordbruksnæringa likevel inntektsmessig etter. Det var vanskeleg for jordbruket å følgje med i rasjonaliseringsutviklinga i industrien. I Sverige gav sosialøkonomien Gunnar Myrdal ut ei bok - som fekk stor innverknad også på norsk side av Kjølen - som synte at jordbruket i moderne industrisamfunn var stilt overfor kroniske strukturelle problem.

Krav om inntektsjamstelling

Hausten 1938 sette Bondelaget ned ein komite leia av Jon Leirfall som tok opp ubalansen mellom næringane og utarbeidde ei av dei viktigaste innstillingane i organisasjonens historie. Komiteen utforma det jamstellingsmålet som vart ståande etter den tid: jamstelling i inntekt mellom bønder og industriarabeidarar. Innstillinga konkretiserte kva som måtte til av pristillegg for å nå dette målet, og ho gjorde for første gong freistnad på å rekne ut inntektsnivået i heile jordbruket - noko som peikar fram mot arbeidet med totalbudsjetta etter krigen. Innstillinga foreslo også å utgreie spørsmålet om ulike "rasjonaliseringstrinn" avhengig av storleik og driftsforhold på gardane, ein ide som likna på modellbruk-tanken som kom inn i norsk jordbrukspolitikk i 1970-åra. Samstundes åtvara jamstellingskomiteen - profetisk - mot ei rasjonaliseringsutvikling og einsidig "produksjonsaktivisme" der bøndene kunne "produsere seg til fant" og gjere jordbruket "til en økonomisk slagmark" der dei små og svake måtte vike.

Jamstellingskomiteen skapte eit vendepunkt i jamstellingsarbeidet. Med målet om inntektsjamstelling reiste Bondelaget ein sosial likskapstanke - ein tanke vi kan følgje heilt fram til våre dagar.

Under krigen vart inntektene i jordbruket jamt over heva i høve til andre næringar og yrkesgrupper. Men enno stod bøndene langt frå inntektsmålet. Kampen om jamstelling vart ein langvarig strid i norsk etterkrigshistorie.

Jamstellingsarbeidet i etterkrigstida

Jamstelling for landbruket tok spranget frå organisasjonskrav i 1939 til erklært mål for offentleg politikk etter krigen. Målet er nedfelt i t.d. Fellesprogrammet i 1945 - der det er tale om "en jevnbyrdig stilling ved siden av de andre næringer", og i regjeringa sitt første nasjonalbudsjett, i 1947 - der det heiter at ein må setje inn "tiltak som i løpet av rimelig tid bringer jordbruksbefolkningens levevilkår opp til et nivå som noenlunde tilsvarer levevilkårene i andre næringer". Med dette var jamstelling programfest og definert som eit felles mål, om enn i runde og lite bindande vendingar.

Auke i pris eller i produktivitet

Med den semja som rådde om levekårsrealitetane og jamstellingsmålet, skulle ein tru at det var overkommeleg for komiteen å kome overeins om ein felles veg mot økonomisk framgang for jordbruket. Men det var langt frå enkelt. Bondelaget hadde det store fleirtalet av bønder på si side når det hevda at betre produktprisar var hovudmidlet til å oppnå standardheving. I regjeringspartiet meinte dei at lønsveksten i landbruket måtte først og fremst komma ved rasjonalisering og produktivitetsauke, ved meir kostnadseffektiv produksjon. Mellom desse standpunkta gjekk ei frontline dei første 5-10 etterkrigsåra.

Ein offentleg nedsett komité, Jamstillingskomiteen, leverte si innstilling i 1951, etter omlag fem års arbeid. Det var store motsetnader i komiteen og liten felles vilje til å skjære igjennom og konkretisere relative levekår og jamstillande tiltak, og konklusjonane i innstillinga vart dermed verken offensive eller presise. Stortingsmeldinga som følgde etter denne innstillinga vart i fleire år fremja for Stortinget, men ho vart aldri behandla og kokte bort. Jamstellingsmålet vart liggjande arkivert i bortimot femten år, til det kom fram att midt på 60-talet.

Jamstelling gjennom rasjonalisering

Utover i 1950-åra utvikla det seg såleis at mål og middel i jordbrukspolitikken vart meir samanfallande mellom Bondelaget og styresmaktene. Etter kvart låg det ingen av partane tungt på hjarta å styre inn mot eit klart definert jamstellings- og inntektsmål. I 1955 avgrensa Bondelaget dette til å gjelde dei bruk som kunne bli sjølvstendige økonomiske einingar. Støttebruk som ikkje hadde tilstrekkeleg vekstpotensiale, burde heller ikkje stimulerast.

Landbrukskomiteen i 1964 presiserte at nettoinntekta på eit tidsmessig og rasjonelt drive bruk skulle liggje på høgd med årsløna i tilsvarande industri, og det var det rådande synet i begge leirar at bondenæringa endå ved utgangen av 1960-talet var gjennomgåande urasjonelt driven. Det var endå eit stykke å gå før jordbruk og industri var på same moderniseringsnivå. Større effektivitet måtte til - med teknologi som sjølvgjeven motor - for å nå eit romsleg og juridisk lite bindande velferdsmål.

Skilnad Norge - Sverige

Norge skilde tidleg lag med Sverige når det galdt bruksstruktur- og jamstellingspolitikk i jordbruket. I 1947 vedtok begge land inntektsmål for næringa. I Norge vart ikkje likestillingsmålet knytt til avgrensa grupper av brukarar, sjølv om Jamstillingskomiteen gjekk inn for det. I Sverige vart det derimot fleirtal i Riksdagen for minstekrav til driftsbygning, arrondering, o.a. for definerte inntektsmålgrupper. Desse var "basjordbruket" med 100-200 da og "normjordbruket" med 200-300 da jordbruksareal. Tjue år etter, i 1967, var det liten eller ingen motstand då den svenske regjeringa fjerna jamstellingsmålet.

Opptrappingsvedtak i 1975

Jamstellingsmålet i norsk landbrukspolitikk var både uklårt og utilgjengeleg i omlag tretti år. Frå Fellesprogrammet sine dagar og framover hadde både vegen og målet vore skoddelagde. Midt på 1970-talet kom ei avklaring. Bakgrunnen for den vendinga jordbrukspolitikken då tok, var samansett. Takk vere den gryande norske oljeøkonomien hadde staten betre råd enn nokon gong før. I det norske storsamfunnet var velviljen andsynes bygde-Norge og bygdenorske næringar større enn på lenge. I næringa hadde pessimismen vore aukande i nokre år p.g.a. strukturrasjonalisering, relativt stor bruksavgang og samtidig utilfredsstillande lønsevne: I 1974 tente gjennomsnittsbonden berre vel 60% av industriarbeidarløna iflg. driftsgranskingane frå NLI. Jordbruksoppgjeret i 1974 var dårleg sett frå næringa si side. Sommaren 1975 kom så streiken på Hitra og løyste ut den prosessen som førte fram til opptrappingsvedtaket 1. desember dette året. Då vart det m.a. vedteke at jamstellingsmålet skulle bli verkeleg innan tre avtaleperiodar.

Jamstelling også i levekår

I siste halvdel av 1970-talet vart levekårsmålet gjort operativt - med heimel i opptrappingsvedtaket: Jamstellingsmålet vart omdefinert til eit levekårsmål. Bønder skulle etter dette oppnå "økonomisk og sosialt likeverdige" forhold med industriarbeidarane. Regjeringa meinte at det vesentlege utjamnings-målet burde vere tilnærma lik inntekt for bønder frå ulike distrikt i høve til arbeidsinnsatsen. Vederlaget for arbeidsforbruket eller -innsatsen skulle tuftast på visse tilmålte akkordar, eller effektivitetsnormer, også kalla årsverksnormer, i ei modellbruksordning. Vegen til inntektsmålet skulle gå gjennom dette graderte og samordna systemet. I regjeringspartiet var grunnlaget i arbeidsinnsatsen i røynda ein retrett tilbake til dei jamstellingspolitiske argumenta som vart hevda rett etter krigen. Eit tilleggsmål var no ei distriktspolitisk utjamning i næringa.

Inntektsmål i 18 år

Jamstellingsmålet vart snart ei veikare fyrlykt å navigera etter. Utover i 1980-åra kjempa jordbrukssida ein strid på vikande front om dette målet, i god tid før dei nye retningslinene kom på bordet. Dei kom med Alstadheim-utvalet si innstilling og innstillingane om landbrukspolitikken fra departementet og landbrukskomiteen i 1992-93. Kostnadseffektivitet og marknadstilpassing vart no grunnelementa. Modellbrukssystemet, som hadde vore under kritisk press nokre år - etterkvart også frå bondeorganisasjonane sjølve, vart fjerna. I staden fekk vi totalkalkylen for jordbruket. Denne kalkylen er eit måleverktøy til å rekna ut jordbruksdelen i BNP; han er ikkje eit middel til å fastleggja inntekter pr. årsverk. Inntektsmålet var med dette i røynda ute av synsfeltet.

I jamstellingspolitisk samanheng var 1975 og 1993 milestolpar. Det første var året då dette målet vart forpliktande. I 1993 vart det i røynda tatt bort. 
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

CorePublish publiseringsløsning