Søk

Du er her:

JUS: Ansvar ved merking av sti

Publisert 23.07.2012

Det skal mykje til før grunneigaren eller den som merkjer stien kjem i ansvar for skadar.

Illustrasjonsfoto: Ida Marie Ruud.- Utgangspunktet og hovudregelen i norsk rett er at ein ferdast på eige ansvar i naturen. Dersom grunneigaren eller laget skal koma i ansvar, må det vera fordi stiane går i område der grunneigaren eller dei som merkjer, er kjende med at det er særleg fare, t.d. for ras. Vidare må bruer eller andre innretningar som ein set opp for å hjelpa folk fram, vera laga og festa på ein forsvarleg måte. Å varsla om at folk ferdast på eige ansvar eller at det er særlege farar, kan skjerpa kravet til merksemd hjå turgåaren. Grunneigaren eller laget vil likevel ikkje kunna fri seg frå eit skuldansvar for uforsvarlege handlingar eller unnlatingar, med ei slik ansvarsfråskriving, skriv advokat Sissel Fykse i artikkelen "Ansvar ved merking av sti".

Artikkelen er en del i serien "Jus i landbruket" som tidligere har stått på trykk i Bondebladet

Av: Per Ole Ranberg

CorePublish publiseringsløsning