Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes og landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Søndag 15. mai kl 13:00: Norges Bondelag og staten har inngått ein jordbruksavtale for 2017. Avtalen har ei ramme på 350 millionar kroner.

Søndag 15. mai: Partane har innkalt til pressekonferanse om utfallet av årets jordbruksforhandlingar klokka 13.00. Statsråd Jon Georg Dale og statens forhandlingsleiar Leif Forsell og leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes stiller.

Laurdag kveld 14. mai: Norsk Bonde- og Småbrukarlag bryt forhandlingane. Norges Bondelag held fram, men det blir ikkje noko avklaring laurdag.

Fredag 13. mai kl 23:59: Bondeorganisasjonane forhandlar på overtid.

Fredag 13. mai kl 0900: Bondeorganisasjonane og staten har forhandla heile natta for å finne ei avklaring før fristen går ut i dag, 13. mai. Det pågår ein tøff drakamp mellom partane.

Torsdag 12. mai: - Vi er inne i ein kritisk fase av forhandlingane, seier forhandlingsleiar Lars Petter Bartnes. - Det er mange vurderingar og intens møteverksemd.

Onsdag 11. mai kl 0900: Etter forhandlingsmøte i natt blir det no interne drøftingsmøte og venteleg nye forhandlingsmøte utover dagen. Det er framleis stor avstand på vesentlege punkt.

Tysdag 10. mai: Dagen blir brukt til interne drøftingar om vidare strategi.

Måndag 9. mai om ettermiddagen vart prosedyregjennomgangen avslutta. No skal jordbrukets forhandlingsutval oppsummere og leggje eit strategi vidare forhandlingar.

Måndag 9. mai: Prosedyregjennomgangen mellom staten og faglaga pågår framleis.

Fredag 6. mai klokka 16.00 varsla faglaga staten om at dei ønskjer å gå i forhandlingar. Forhandlingane startar laurdag 7. mai med klargjeringa av partane sine posisjonar og om det finnst grunnlag for ei avtaleløysning.

Fredag 6. mai klokka 10 møttest Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag for å drøfte tilbodet og vurdere om det er mogleg å gå i forhandlingar med staten. Begge faglaga brukte torsdagen til å gå grundig igjennom tilbodet.

Onsdag 4. mai mottok Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag tilbodet frå staten. Tilbodet har ei ramme på 90 millionar kroner.

Måndag 25. april klokka 12 overleverte Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag sitt krav til jordbruksavtale for 2017 til staten. Kravet har ei ramme på 860 millionar. 577 millionar skal finansierast over budsjettoverføringar og 193 millionar skal finansierast med målprisauke.

Tysdag 3. mai kjem staten med sitt tilbod. Deretter går bondeorganisasjonane igjennom tilbodet og bestemmer seg for å gå vidare med forhandlingane eller ikkje.
Som regel vel partane å møtast til forhandlingar. Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes leier forhandlingane på vegne av landbruket, departementsråd Leif Forsell i Landbruks- og matdepartementet leier forhandlingane på vegne av staten.

Jordbruksoppgjeret skal vere ferdig til 17. mai, og jordbruksavtalen blir formelt vedtatt av Stortinget i juni. 

Grunnlagstal frå budsjettnemnda

Tala viser at dei største mjølkebruka i Norge har hatt dobbelt så sterk inntektsvekst som eit gjennomsnittleg stort mjølkebruk dei to siste åra.

– No begynner vi å sjå konsekvensane av regjeringa si nedprioritering av distriktslandbruket, meiner Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag.