Spørsmål: distriktskorn
Hvordan kan Bondelaget leve med en avtale der de har ofra kornbøndene i distrikta?
Det ble ikke nulloppgjør for oss, vi fikk en ned gang på 11 kr pr dekar i arealtilskudd. Det er svært vanskelig å akseptere å betale 6800kr/år i medlemskap i bondelaget i denne situasjonene. Nord-trøndelag bondelag har sågar kjempet for denne omfordelingen.
Er det med dette etablert en politikk der intern omfordeling er et akseptabelt virkemiddel for bondelaget?
Skrevet av: Ola Fiskvik
Svar: Distriktskorn
Hei Ola. Me hadde ikkje ein slik fordeling inne i vårt krav. I tillegg hadde med eit forslag om grunntilskot på 9 øre/kg. Gjennom forhandlingane la me på 6 kr/daa i forhold til tilbodet, dette gjaldt og i Trøndelag. I tillegg fekk me nulla ut prisreduksjonane for kveite og bygg. Me fekk klare signal frå kornprodusentane om at det var viktig å inngå ein avtale dersom ein fekk fjerna så mykje som mogleg av nedgongen. - Helsing Nils
--------------------------------------------------------------------------------
Spørsmål: Korn
Hvorfor senka Dere prisen på havre og hvorfor har vi ikke ett beredskapslager av korn? Korn er vell den viktigste mat vi har her i landet. Skrevet av: Odd Steinar Skatvedt
Svar: Korn
Hei. Me fekk løfta kornprisen i forhold til tilbodet med 4-5 øre/kg, dette gjaldt og for havre. I år har det vore ein stor utfordring å ta i bruk all havre i kraftfôret pga mykje mykotoksinar. Marknadsregulator overlagrar 55.000 tonn. Dei gav innspel om å auke prisforskjellane mellom bygg og havre. Difor er havreprisen satt noko lågare enn byggprisen. Me fremma krav om beredskapslager for korn. Det er viktig, men her må samfunnet ta ansvar og me vil følje dette vidare opp i forbindelse med Statsbudsjettet til hausten. - Helsing Nils
--------------------------------------------------------------------------------
Spørsmål: Målpriser
I følge jordbruksavtalen så er nær halvparten av årets oppgjør økte priser,bla på kjøtt.Allt nå, før jordbruksavtalen er gått igjennom i Stortinget sier bla Nortura at det ikke er mulig å ta ut noen prisøkning, for de sitter inne med store lagre av kjøtt.Blir ikke slike forhold avklart med eks Nortura før man inngår avtaler som forutsetter prisøkning ?
Skrevet av: Ludvig Rognli
Svar: Målpriser
Hei igjen Ludvig. Me har hatt tett kontakt Nortura. Målprisen må ta høgde for at marknadsbalansen kan verte betre i løpet av eit år. I 2007 var marknadssituasjonen svært krevjande særleg for svin, og ein trudde prisen måtte ned. Situasjonen snudde raskt, og ein fekk auka prisen. Det er viktig med eit godt skyv ut i marknaden.- Helsing Nils
--------------------------------------------------------------------------------
Spørsmål: enighet mellom partene
Hvorfor i all verden kan ikke dere være enige noen gang når det skal forhandles? Begge parter vil jo ha et bra resultat og så står dere og ikke drar i samme rettning. Norge har bruk for både store og alle de små brukene. -Skrevet av: ann-sofie elisabet
Svar: Enighet mellom partene
Hei Ann-sofie. Me hadde ynskje om at me kunne opptre samla til siste slut, men me må og respektera den avgjerda Småbrukarlaget tok. Ramma er for låg, det er me einige om, men me gjorde ulike vurderingar av viktigheten av å få på plass prosenttoll på drikkemjølk og opprettinger av kornøkonomien. - Helsing Nils
--------------------------------------------------------------------------------
Spørsmål: Målpris/distriktstilskot
Spørsmål 1. kor mye av pristillegget som avtalen gir kjem inn på bondens konto, og kor ligg garantien i at så skjerSpørsmøl 2. Kor mye av pristillegget tek mellomledda? Spørsmål 3 Er det god distriktspolitikk å redusere distriktstilskota? Skrevet av: ingart Blikra
Svar: Målpris/distriktstilskot
Hei. Målprisen er ein inntektsmoglegheit og ingen garanti. marknadsregulator spelar her ein viktig funksjon. Auka målprisar vil gje marknadsregulator eit ekstra skyv for å ta ut høgare prisar i marknaden. 2) Umogleg å svara på, kjem an på kostnadsauka mellom bonde og målprispunktet (eks. hele og halve slakt)og effektivitetsforbetringar. Produsentpris påverkas og av kor godt dei enkelte organisasjonene driv. 3) Reknar med at du siktar til bortfallet av distriktstilskot på kylling. Ein ser at kraftfôrpris er noko lunde lik, det same er utbetalingspris. I tillegg aukar kyllingproduksjonen meir i Trøndelag enn i resten av landet. Når staten gjekk inn for å fjerne tilskotet, hadde me ikkje god argumentasjon for noko anna. - Helsing Nils
--------------------------------------------------------------------------------
Spørsmål: Seriøsiteten til NBS
Hei. Bondelaget tok anvsar og skrev under avtalen. Det var prosenttollen på mjølk som var avgjørende.Dette vil gavne mjølkeprodusentene og meieriindustrien. Men jeg tror ikke avgangen og strukturen vil avta etter dette oppgjøret, det er ikke økonomi til å reinvestere. Det blir for mange å drive til driftapparatet er oppbrukt. De som satser subsidierer investeringa med andre intekter for å få det til å gå rundt. Skal det innvesteres må det være produksjonen som skal bærende og ikke alt annet. Jeg ser på bondelaget som en seriøs forhandlingspart i jordbruksforhandlingene.NBS velger å bryte år etter år ewtter år etter år. Vil bondelaget fortsatt se på NBS som en seriøs forhandlingspart eller skal vi la dem seile si egen sjø?
Skrevet av: Kaarl Emil Grina. Lunner
Svar: Seriøsiteten til NBS
Hei. Me gjorde ulike vurderingar i år. Det var vanskelege vurderingar og eg respekterar den avgjerda NBS tok. Dei opptrådde ryddig i forhandlingane. Eg meiner imidlertid at me tok den rette avgjerda.- Helsing Nils
--------------------------------------------------------------------------------
Spørsmål: Brudd
Vurderte du noen gang at det kunne gagne landbruket på lenger sikt dersom begge organisasjonene brøt forhandlingene med staten, og tvang fram en gjennomgripende debatt om framtida for landbruket i forkant av stortingsmeldingen?
Skrevet av: Per-Anton Nesjan
Svar: Brudd
Hei Per Anton. Viser til forrige svar.- Helsing Nils
--------------------------------------------------------------------------------
Spørsmål: Opptrappingsprogram?
Det einaste håpet nordske bønder har hatt dei siste åra er den raud/grønne regjeringa, både 1og2. Dette håpet brast i år, etter at alle partar hadde skrudd opp forhåpningane. I vår lokalavis,Åndalsnes Avis, har vi sidean avtala vart underskrive, sett ei annonse om kvotesal, hatt ei avisrepportasje der mjølkekytne vart leid inn i dyretransportbilen og eit intervju med mjølkebonden som sel kvota og tar seg 70ò0jobb som organist, og kjem til å ha meir att etterpå. DET MÅ komme eit lys i tunnelen, særlig for husdyrhaldet. Kan det være mulig å få til ei form for opptrapping? Eller som eit minimum ei forpliktande forståing av dagens situasjon. Det vert ikkje lenge vi har aktiv jordbruk over heile landet dersom ikkje optimismen vender tilbake. INGEN fortsetter å arbeide 10- 12 timersdag 7 dager i veka for dårlig betaling.Skrevet av: Anders Øverbø
Svar: Opptrappingsprogram
Hei. Ramma vart for låg, men distrikt og grovfôrbasert produksjon vart gitt eit løft. Problemstillingane omkring ein opptrappingsplan vil eg ta med meg i samband med innspill opp mot den kommande landbruksmedlinga. Det er ein stor utfordring å få politikarane til å erkjenna kva som held på å skje ute på bygdene.- Helsing Nils
--------------------------------------------------------------------------------
Spørsmål: Lønnsmessig likhet ?
Kva er viktigast Bjørke, Bondelaget sin prestisje eller bøndene si inntekt ? År etter år skriv me under ein jordbruksavtale som gir ei årslønn som ikkje er i nærleiken av det andre yrkesgrupper har. Ser du for deg, og i såfall korleis skal me oppnå lønnsmessig likhet ?Skrevet av: Lars Ø. Grønstad
Svar: Lønnsmessig likhet
Hei Lars. Hadde eg berre tenkt på Bondelaget som organisasjon, hadde det vorte brot i år. Men for bonden var prosenttoll og oppreting av kornøkonomi så viktig at me valde å inngå ein avtale. Skal ein få heva inntektane i landbruket monaleg, må ein få større politisk vilje til å gjere det. Her kjempar me kvar dag, og er heilt avhengig av mange gode støttespelare rundt om i landet. - Helsing Nils
--------------------------------------------------------------------------------
Spørsmål: Er bondelaget seriøs
Korleis kan bondelaget år etter år skrive under jordbruksavtalen med staten når resultatet er langt frå kravet? Er kravet basert på eit useriøst grunnlag? Viser til alle avtalene dei siste 25 åra som bondelaget er så pass einig i at dei er underteikna. Reknar då med at bondelaget er tilfreds med utvikklinga i jordbruket dei siste 25 åra. Er det andre fagorganisasjonar som godtek halvparten av kravet? Skrevet av: Torbjørn Strand
Svar: Er bondelaget seriøs
Hei. Dette har eg svart på i fleire svar tidlegare. - Helsing Nils
--------------------------------------------------------------------------------
Spørsmål: rekruttering melkeproduksjon
Ville du i dag som ny ung bonde tatt over et melkebruk med normal størrelse (16-20 kyr)
med de utfordringer dette gir i hverdagen, i forhold til resten av samfunnet(les bindende fjøstider)
I forhold til et moderne større bruk med en betydelig
mer praktisk hverdag med tanke på
fritidsaktiviteter ol.(les robot)?
Og tror du at det er mulig å sikre rekrutteringen i melkeproduksjonen med den bruksstørrelsen som er i dag??
Og i så fall hvorfor/hvordan? Skrevet av: kommende bonde
Svar: Rekruttering
Hei. Jeg driver selv et mjølkebruk i denne størrelsen og ville gjort det samme i dag. Her må den enkelte imidlertid gjera eigne val ut frå interesse, økonomi etc. - Helsing Nils
--------------------------------------------------------------------------------
Spørsmål: En bondeorganisasjon
Hvor raskt kan vi bønder samle oss i en organsasjon? Skrevet av: Jan Olav Tømmerås
Svar: En bondeorganisasjon
Hei. Jeg tror en organisasjon kunne hatt sine fordeler. Så lenge vi har to organisasjoner, må me samarbeide til best nytte for den norske bonden. Dersom det kjem ynskje om ein samanslåing skal det vurderast seriøst. - Helsing Nils
--------------------------------------------------------------------------------
Spørsmål: ammeku
Betrakter Norges Bondelag ammekua som endel av norsk landbruk? Skrevet av: Johan Holan
Svar: Ammeku
Hei. Det gjør vi heilt klart. Ammeku har vorte prioritert. I avtala har me til dømes auka driftstilskotet med 17.000 kr/foretak, heva husdyrtilksotet, heva beitetilskotet betrakteleg, auka arealtilskotet opp til 250 dekar og styrka velferdsorndingane. Dette vil gj ammekuprodusentar ein inntektsforbetring.- Helsing Nils
--------------------------------------------------------------------------------
Spørsmål: Hovedavtalen
Hovedavtalen ligger til grunn, den er det mange politikere som ikke liker. Samtidig gir den litt rom for sikkerhet for jordbruket.Har Bondelaget tenkt å endre den noe i retning at Stortinget ikke har all makt i jordbruksoppgjør. Faktum er :"Hvis vi ikke forhandler så blir det som staten og Stortinget vil ha det i tilbudet sitt." Skrevet av: Øivind Gurandsrud
Svar: Hovedavtalen
Hei. Bønder er den einaste gruppa sjølvstendig næringsdrivande som har forhandlingsrett med staten. Alternativet til jordbruksforhandlinger er påvirkning av politikere i samband med statsbudsjettet. Då er eg redd me vil få mindre fokus på norsk landbruk og store vanskar med å bli prioritert mellom skole, helse osv. - Helsing Nils
--------------------------------------------------------------------------------
Spørsmål: Uravsteming
HVORFOR SENDER IKKE BONDE LAGET UT FORSLAGET TIL URAVSTEMING? Skrevet av: PER-OLOF HOLMBERG
Svar: Uravstemning
Hei. Me gjorde det i 2008, men dette kan ein ikkje gjere for ofte. Sjå ellers eit tidlegare svar. - Helsing Nils
--------------------------------------------------------------------------------
Spørsmål: Pensjon
Hei,kan en ta ut pensjonen fra 62 år i folketrygden fra 1 jan 2011 og fortsatt motta tidligpensjon i jordbruket?? Skrevet av: John Haugan
Svar: Pensjon
Hei. Svaret er JA. - Helsing Nils
--------------------------------------------------------------------------------
Spørsmål: Arealtilskudd på gras
Grensa for høyeste sats for arealtilskudd til grasprodukskjon ble økt til 250 daa, hvorfor ikke opp til f.eks 800 daa, som på korn? Skrevet av: Frode
Svar: Arealtilskudd gras
Hei. Rapport fra arbeidsgruppe til årets forhandlinger viser at det er høgare kostnadar me å drive mindre areal enn stort, jfr drifsgranskingane. For å ivareta både mindre og større foretak, vart grensa på 250 dekar vald.- Helsing Nils
--------------------------------------------------------------------------------
Spørsmål: Honning
Vil Bondelaget priorite honningprodusenter ved neste jordbruksoppgjer? Skrevet av: Jan Sigve Særsten
Svar: Honning
Hei. Honning kom inn på jordbruksavtala i fjor med eit tilskot på 300 kr/kube. Dette var viktig for å skape optimisme i næringa. Kva for prioriteringar som vil verte gjort neste år, er alt for tidleg å gjere nå 14 dagar etter ein inngått jordbruksavtale som enda ikkje har fått verka.- Helsing Nils
--------------------------------------------------------------------------------
Spørsmål: Økologisk mat?
Kvifor vart ikkje økologisk matproduksjon sett høgare i jordbruksoppgjøret? Skrevet av: Jan Sigve Særsten
Svar: Økologisk mat
Hei. Både vi og Staten var einige om at i år var det viktig med stabilitet i verkemidla omkring økologisk landbruk. Marknadssituasjonen har vore og er krevjande, og omsetningsorganisasjonane rapporterar om at dei har for mykje økologisk vare. Det er imidlertid viktig me tilskot som gjer at ein ikkje legg tilbake. - Helsing Nils
--------------------------------------------------------------------------------
Spørsmål: Distriktstilskudd kyllingkjøtt
Ut i fra sluttprotokollen synes jeg det er klart at det går fram at det var avtalt på forhånd at distriktstilskuddet for kyllingkjøtt skulle bort i Trøndelag. Hvordan kan Bondelaget akseptere en inntektsnedgang på kr 55000 for en gruppe bønder? Hva gjøres for å kompensere denne inntektsnedgangen? Det er intet i avtalen som tilsier at kraftforprisen kommer til å gå ned. Det er ingen i landbruket som tjener for mye, og hvordan kan dere godta denne omfordelingen? Skrevet av: Torbjørn Stene
Svar: Distriktstilskudd kyllingkjøtt
Hei. Dette var og ein vanskeleg sak. Situasjonen er imidlertid slik at kraftfÅorprisen er omlag lik i trøndelag som resten av landet, det same gjeld utbetalingspris. I tillegg veks kyllingproduksjonen raskare i Trøndelag enn i resten av landet. Ein har mao dårleg argumentasjon for å ha eit distriktstilskot på kylling i Trøndelag. Tilskotet var forhandla fram av oss i 1999 etter innspel mellom anna frå Prior. Argumentasjonen den gong var høgare kraftfôrpris og dårleg utvikling i antal produsentar.- Helsing Nils
--------------------------------------------------------------------------------
Spørsmål: Hvorfor ?
Et brudd i år hadde ført til en generaldebatt om helsetilstanden i norsk landbruk. Enkeltpartier i regjeriingen måtte ha tonet flagg. Støtte blant folk flest har vi. Over halvparten av ordførerne her i landet støtter ei inntekstøkning . Du skriver under på det motsatte og setter en strek over støtten. Hvorfor? Er konklusjonen at det er villet politikk fra bondelagets side at strukturendringene skal fortsette i samme tempo? Skrevet av: Svein Arild Aae
Svar: Hvorfor
Hei Svein Arild. Vi har vært tydelig på at ramma i årets avtale er for låg, men viktigheten av prosenttoll på drikkemjølk og forbedringer på kornøkonomi i forhold til tilbodet, gjorde at eg og resten av forhandlingsutvalet meinte bøndene er best tjent med ein avtale. - Helsing Nils
--------------------------------------------------------------------------------
Spørsmål: Årsverk
Hva er definasjon på ett årsverk .En industri arbeider har 1950 timer ,hvor mange har en bonde ? Skrevet av: Jonny Lier
Svar: Årsverk
Hei. Eit årsverk i landbruket er 1845 timer. Eg trur ikkje ein industriarbeider har 1950 timar, men eg trur talet ligg på om lag 1720 timer. - Helsing Nils
