Søk

Du er her:

Ein fjerdedel av osteforbruket er importert

Publisert 01.02.2012

Utvidinga av ostekvoten vil setje norsk osteproduksjon og mjølkeproduksjon under ytterlegare press.

Det skriv Torbjørn Tufte i rapporten "Tolltvernet forvitrar". Tufte har rekna ut at den totale importen av ost til Noreg er på om lag 16.900 tonn - utan ost på industrielt tilverka produkt som ost i pasta, ost på ferdigpizza og liknande. 16.900 tonn tilsvarar om lag 23 prosent av det samla norske osteforbruket.

Den formelle importen av ostevolumet på 9.600 tonn uutgjordei 2010 ein verdi på 493 milliardar kroner. Over 95 prosent av all ost Noreg importerer, har opphav i EU. Det største eksportlandet er Danmark med 4.100 tonn til ein importverdi på 220 milionar kroner. Over 75 prosent av det samla volumet vert importert frå Danmark, Frankrike og Tyskland.

I tillegg til den formelle importen, er det rekna ut at 4.600 tonn ost kjem inn til Noreg gjennom nordmenns grensehandel i Sverige. 3.665 tonn ost vert innført til ordinær toll.

-Det er all grunn til å rekne med at utvidinga av ostekvoten vil bety ein vesentleg vekst i importen av ost til den norske marknaden i dei komande åra. Det vil setje både norsk osteproduksjon og mjølkeproduksjon under ytterlegare press. Avsetjinga av norsk mjølkeproduksjon i primærleddet vert vanskelegare. Òg gjennom eit prispress i marknaden fordi mykje av importosten er volumostar som riven ost og harde ostar frå Danmark og Tyskland, skriv Tufte.

17. februar arrangerer Landbrukets Utredningskontor eit eige EU-seminar i Oslo der "Tollvernet forvitrar" er ein del av programmet. Påmeldingsfrist er 3. februar.

Av: Per Ole Ranberg

CorePublish publiseringsløsning