Søk

Du er her:

Kontakt Møre og Romsdag Bondelag på tlf. 71202890 / more.romsdal@bondelaget.no

M&R Bondelag med brev til førstekandidatane

Publisert 11.08.2011

Trygg mat, godt miljø, fornybar energi og reint vatn blir dei største politiske utfordringane for alle land i framtida. Vi har det alt saman her i vårt fylke. Og vi vil vidareutvikle mulegheitene, skriv Møre og Romsdal Bondelag i brev til alle 243 førstekandidatane på alle partilister i 36 kommunar, samt til 84 kandidatar i partia som stiller liste ved fylkestingsvalet. I brevet frå Bondelaget vert politikarane utfordra på akutelle saker og får argument for å delta i drøftinga rundt auka landbruksproduksjon og rekruttering til næringa.

I brevet til politikarane om landbruket i fylket var det også vedlagt ei brosjyre med argument, standpunkt og fakta om næringa i Møre og Romsdal.

Her er brevet som i juli vart sendt alle førstekandidatane ved kommunevalet i 36 kommunar og dei fremste kandidatane ved fylkestingsvalet i Møre og Romsdal:

 

Landbruksnæringa framfor kommune- og fylkestingsvalet: Politikk for Mat - Miljø – Arbeid - og levande Bygder

Trygg mat og godt miljø – fornybar energi og reint vatn blir dei største politiske utfordringane for alle land i framtida. Vi har det alt saman her i vårt fylke. - Vi vil vidareutvikle mulegheitene.

 

Takk for at du stiller til val for fellesskapet – Lukke til med arbeidet !

Som partipolitisk nøytral medlemsorganisasjon som arbeider for bøndene og bygdene sine faglege, sosiale og næringspolitiske interesser ser vi kor viktig, krevjande og gjevande det er med lokalt folkevald engasjement. Men vi ser og resultat av innsatsen dykkar!

Vi vil takke mange av dykk for stort personleg engasjementfor vårt lokale næringsliv. Dette er oppmuntrande for bonden som bur spreidd utover i bygda, arbeider morgon og kveld sju dagar i veka, satsar og ønskjer å produsere mat og miljøverdiar for framtida!

Møre og Romsdal Bondelag vil her utfordre deg som politikarar og gi deg argument for å delta i drøftinga rundt auka landbruksproduksjon og rekruttering til næringa.

Vi utfordrar deg til å omtale fylket som: ” - ein sterk region i Norge innan marin/maritim, landbruk, reiseliv, møbel, …”

Og: ”Møre og Romsdal er eit sterkt mjølkeproduksjonsfylke.”

Denne brosjyra har fakta om landbruket i fylket, samanlikning mellom kommunar, og argument du kan nytte om landbruksnæringa.

Særskild vedlagd også ei enkel brosjyre om landbruket i din kommune.

Ta gjerne kontakt om du vil drøfte noko nærare. Bondelaget med 48 lokallag og 3.400 medlemer berre her i fylket er ein av landets mest aktive desentraliserte organisasjonar og som representerer grunneigarane og ei allsidig landbasert næring.

 Med venleg helsing

Inge Martin Karlsvik– fylkesleiar  Gunnar K. Wentzel – organisasjonssjef

 

 

Møre og Romsdal er fylket i landet med størst matproduksjon samla frå land og hav

  • Eit framtidsretta fylke for matproduksjon trass i krevjande natur og klima

Landbruket i vestlandsfylka har spesiell verdi for vår nasjonale identitet.

Landbruket gir garantert busetting, næringsverksemd og naturforvalting utover i bygdene.

Landbruket i Møre og Romsdal står for ein tidel av landets grasbaserte produksjon av mjølk frå ku og geit, og kjøt av storfé og sau. Fylket har sterke produksjonsmiljø på gris, potet, jordbær, rotvokstrar.  Fylket har verdfulle utmarksområde og sterkt veksande skogressursar. Næringa skal kombinere matproduksjon med å føre vidare miljøkvalitetar og kulturarv i mattradisjonar og landskapet i landsdelen.

Landbruket i fylket har ei direkte verdiskaping frå jord til bord på 3,9 milliardar kroner. Næringa utgjer direkte 3.900 årsverk i fylket. Eit årsverk i landbruket sysselsetter ein til to personar i andre næringar som transport, foredlingsindustri, bygg, verkstad, rettleiing og handel. I 20 av våre 36 kommunar utgjer bøndene samla ei stor bedrift på mellom 100 og 350 arbeidsplassar. Næringa står for meir enn ein tidel av sysselsettinga i 7 av dei 36 kommunane: Vanylven 11%, Norddal 16, Nesset 28, Gjemnes 16, Rindal 20, Halsa 15 og Aure 11% av sysselsette.

Stranda er ein stor matproduksjons-kommune på råvare og foredling, og den største geitekommunen i Sør-Norge. Norddal produserer 50% av industri-jordbæra i landet. Fræna er den største landbrukskommunen mellom Stavanger og Trondheim, mellom dei ti største mjølkekommunane i landet, og produserer Jarlsberg som er det mest kjende norske varemerke i USA. Smøla er spesialist på smakfull Smølagulrot og kålrot på myr. Sunndal er blitt spesialist på potet og pakking av Sunndalspotet. Osb ….

Møre og Romsdal fylkeskommunehar i regionreforma fått utvida ansvar for areal og samfunnsplanlegging, for næringsutvikling i landbruket gjennom nytt eigarskap i Innovasjon Norge, verdiskapingsprogrammet for mat og skog i landbruket, for forvaltning av viltartar og innlandsfisk, for vassdrag og klima, og for å gi råd til sentralt hald om landbrukspolitikken.

Og ikkje minst for å prioriterte tiltak i næringa som også Møre og Romsdal Bondelag arbeider spesielt med: Rekruttering – Likestilling - Kompetanse.

 

Rekruttering av ungdom med landbrukskompetanse

Vi vilutfordre våre unge til å satse på landbruksutdanning, bu i bygda og drive næring på alle garden sine ressursar. Vi treng unge kvinner og menn. I mange bygder og kommunar ser vi at rekrutteringa går noko betre med å få unge som vil satse på garden.

Gjermundnes vidaregåande skule med landbruksutdanning har betre søking.

I tillegg treng fylket tilbod om agronomutdanning over eitt år basert på VGS.

Dei viktigaste rekrutteringstiltaka er:

• Konkurransedyktig inntekt – godtgjersla til arbeid i mjølkeproduksjonen og anna arbeidskrevjande grasbasert husdyrhald ligg på det halve av andre grupper.

• Investeringsverkemiddel – det har garantert rekrutteringseffekt.

• Positiv omtale av næringa frå familie, andre unge, rettleiarar og opinionsdannarar.

 

Næringsutvikling i fylket

Dei samla rammevilkåra med investeringsmidlar, skatt og  avgift, sosiale ordningar og kostnadsdrivande regelverk for dei som driv næring må bli betre. Investeringsbehovet er stort for å ruste opp produksjonen og møte offentlege krav.

Investeringsmidlane med tilskot og rentestøttelån frå jordbruksavtala forvalta av Innovasjon Norge blir kvart år brukt opp her i fylket før mai månad. Dette  trass i at vi for å få midlane til å strekkje til flest muleg i vårt fylke nyttar lågare satsar enn sentrale retningsliner og enn det fleire andre fylke har. Den unge bonden i dag vil ofte ønskje seg mjølkerobot til over 1 mill kr for å få meir fleksibel fjøstid av omsyn til familien og spare helsa for manuell mjølking. Det er liksom før i tida omfattande samarbeid om onnearbeid, no får å få til effektiv grashausting av mange hundre dekar.

 

Landbruket har store ressursar som er under utvikling i fylket

Det er for tida stor etterspurnad etter mange av dei varer og tenester landbruket kan levere og som stiller næringa overfor store utfordringar for å etterkome:

Behov for meir kjøt av storfe og sau, dels mjølk, samt grønsaker, potet og bær. Aukande etterspurnad etter gardsmat. Storviltjakt og sjøfiske veks som næring. Lakselvane har stort inntektspotensiale, men treng tiltak mot gyrodactylus. Kommunane kan etterspørje grøn omsorg - Inn på tunet - for  ulike grupper.

Skogeni fylket har gode vekstvilkår og stor verdi for lokalklimaet og for trebasert verksemd i fylket. Det er mykje hogstmoden skog som står framfor fornying og med det behov for god infrastruktur som veger og kaier. Satsing på bioenergi betyr behov for omfattande kultiveringsarbeid i skogen.

Energi. Fylket har stort potensial for ny energiproduksjon basert på småkraftverk, skog og biogass. Småkraftverk blir i mange tilfelle fulgt opp med nytt fjøs hos utbyggarane!

 

Kulturlandskapet som alle ønskjer å ta vare på 

”Alle” i vårt vakre fylke er oppteken av å ta vare på kulturlandskapet. Reiselivsnæringa på Vestlandet lever av velstelt landskap. - Har du ein aktiv bonde får du opne landskap, og turistnæringa sitt ønskje oppfylt om levande bygder og menneske som fortel historia om livet der.

   Regionale Miljømidlar i fylket på 17 mill kr ogSærskilte Miljøtiltak i kommunane på 6,7 mill kr frå jordbruksavtala har som siktemål å skape grunnlag for inntekt og ny næringsaktivitet gjennom skjøtsel av kulturlandskapet i samsvar med fylkestinget sine mål.

 

Aktive kommunar får resultat av satsing på landbruksforvaltninga

Kommunanehar dei seinare åra fått auka avgjerdsmynde etter jordlova, skoglov og konsesjonslov, for næringsutvikling og forvaltning av økonomiske midlar.

Konsesjonslov med praktisering av buplikta - bør ha fokus på at evt fritak betyr å seie frå seg busetting. Dei som overtek landbrukseigedom bør ha busetting som siktemål og å drive eigedomen forsvarleg sjølv eller med andre sin hjelp.

• Kommunen bør ha ein arealplanfor produktive samanhengjande jordbruksområde og produktiv skog, og for dyrkbar jord for å kunne produsere meir mat og trevirke i takt med aukande folketal nasjonalt. Målet om å halvere nedbygginga av dyrkbar jord er ikkje nådd.  Vårt fylke er jordvern-versting saman med Rogaland.

Jordvern må vere eit overordna mål for samfunnsplanlegginga for å ta vare på matjorda og samanhengande landbruksområde. Det bør vere krav om alternative utbyggingsareal.

Ny matjord.Møre og Romsdal har like store areal med dyrkbar jord som det som alt er dyrka,  i stor grad grunn myr over sand. For å auke matproduksjonen må vi dyrke meir.

Landbruksplan for å nå utviklingsmål for kommunen sine forvaltningsområde – kort med vekt på nokre få tiltak som skal følgjast opp årleg.

• Landbrukskompetanse i kommunanegir gode resultat for framtidsretta næringsutvikling og aktiv forvaltning av naturressursar og miljø. Kommunar med sterkt og effektivt landbrukskontor løyser ut næringsutvikling og løyvingar til tradisjonelle og nye næringar.  – Bør ha minst 3 personar med mål å få ting til å skje i jord, skog og utmark !  Statlege midlar til landbrukskontora er gått inn i rammeløyvinga til kommunen.

Næringsfond i kommunen blir gjerne brukt for å utløyse tiltak også i landbruket. Det er slikt som støtte til investering og kjøp av mjølkekvote. Og tiltak som er for små for Innovasjon Norge.

• Kommunen forvaltar statlege løyvingar til produksjon og miljøtiltak i jord- og skogbruk som Bondelaget har forhandla fram i jordbruksavtala. Dette betyr vesentlege inntekter i kommunane i tillegg til produksjonsinntektene på leverte produkt.

• Viltforvaltningasamarbeider med storviltvalda på hjort, elg, gås, osb. Bestanden er så stor i dei fleste kommunar at den må tilpassast til naturleg levegrunnlag.

• Rovdyrforvaltningaog førebyggande tiltak for å oppretthalde utmarksbeitinga.

• Veterinære tenestersom er overført i løyvingane til kommunen.

 

Naturforvaltinga i eit verneverdig fylke

Kommunane har med god grunn fått stadig større ansvar for naturforvaltninga. No er heile  28% av fylket verna etter Naturvernlova. I tillegg er det verna vassdrag. Det er viktig at kommunene tek ansvar for aktiv forvaltning av verneområdene. Bygdene må kunne drive fornuftig næringsaktivitet i tilknyting til verneområda og føre vidare ein beitebruks-, jakt- og fangstkultur til nye generasjonar. Kommunane må arbeide for å oppretthalde kulturlandskapsverdiene ved at beitebruk blir prioritert arealbruk i visse område.

 

Landbruket er ein del av løysinga på miljø- og klima-utfordringane  i verda

Landbruksnæringa har sjølv sett ambisiøse mål om å produsere utan bruk av fossilt brensel innan 2030. Næringa står for 8% av klimagassutslippa i Norge – all biologisk aktivitet er med i krinslaupet for klimagassar. Regjeringa reknar også skogen med som ein positiv klimafaktor. Det blir arbeid med program for å auke bruken av fornybare ressursar som trevirke til erstatning for fossilt brensel.

 

Landbruket er på dagsorden lokalt, nasjonalt og internasjonalt  

FAO meiner matproduksjonen må bli dobla frå 2000 til 2050. Vi blir 1 million fleire nordmenn allereie i 2030. I dag produserer vi 50% av maten vi spis rekna på kaloribasis. Berre for å oppretthalde dagens sjølvforsyning må matproduksjonen i landet opp 20% innan 20 år. Ein del av denne auken bør og må skje i kvar einaste av våre kommunar.

   Landbruket i Norge er som i mange andre land ei politisk næring som treng politisk merksemd. Mat er politikk. Mat er internasjonalt forhandlingstema som etterkvartfår verknad for den lille bonden i Vest-Norge. Vassmangel, klima, biodrivstoff og aukande prisar på jordbruksareal i verda vil bety at mat og fiber vil bli stadig viktigare politisk fokusområde.

 

Verdssituasjonen for mat

er prega av befolkningsauke og at 950 mill menneske svelt eller er feilernærte. Men og av auka etterspurnad og prisauke, m.a. som følgje av økonomisk utvikling og nedbygging, bruk av jordbruksråvarer til biodrivstoff, vassmangel, ørkenutviding  og klimaendringar. Internasjonale forhandlingar, som i Verdas Handelsorganisasjon WTO, viser at dei fleste I- og U- land er sterkt opptekne av sitt landbruk fordi mat er makt, mat er ein økonomisk motor som driv anna  næringsverksemd slik som Norges nest største næringsgrein – næringsmiddelindustrien.

   Importvernet i form av toll er svakt for viktige matvarer som mjølkeprodukt. Matvareimporten aukar sterkt, spesielt frå EØS-landa. Det vil bety mykje får både primærproduksjonen, foredlingsindustrien og kulturlandskapet i vårt storféfylke om det skulle bli som i Sverige - som no importerer over 40% av storfékjøtet.

   Norge har full tollfridom for alle varer inkludert landbruksvarer frå dei fattigste landa, og 60% av all matimport skjer til null toll.

 

Her kan du lese politikarbrevet i PDF

Fylkesbrosjyre i PDF

CorePublish publiseringsløsning