Internasjonalt

  • Tips en venn om denne siden

Norsk landbrukslandskap

Norsk landbruk har mange fortrinn. Vi produserer mat på relativt små gardar over heile landet, har små og spreidde besetningar med lite smittepress, og vi brukar mindre antibiotika og sprøytemiddel enn bønder i andre land.

Norsk landbruk er i verdsklasse på dyrevelferd og dyrehelse, dyra våre beitar på nokre av verdas beste beite og bidrar på den måten til å halde landskapet ope. Norsk mat er trygg.

Landskapet og klimaet vårt har mange fordelar, men det er dyrare å ha eit landbruk her enn i andre delar av verda. Derfor har vi eit importvern for å utjamne kostnadsforskjellane mellom eigen matproduksjon og produksjonen i dei store eksportlanda. Dei aller fleste land har eit importvern. For norsk landbruk sin del er importvernet svært viktig for å sikre norsk produksjon av matvarar vi har gode føresetnader for å produsere sjølv, som mjølk, kjøtt og potet. Varar vi ikkje lager sjølv i Noreg kan importerast utan toll, som til dømes bananar.

Avhengig av import og importvern

Noreg er eit lite land med utstrekt samhandling med andre land. Sjølv om Noreg har eit politisk mål om å auke den norske matproduksjonen, kan vi aldri bli sjølvforsynte med mat. Nesten halvparten av alle typar landbruksvarar blir importert tollfritt til Noreg, fordi vi ikkje kan produsere desse varane sjølve. Vi er altså avhengige av import. Men vi er også avhengige av at norske styresmakter fører ein handelspolitikk som tar omsyn til at norsk landbruk produserer mat med ein høgare kostnad enn landa vi importerer frå. Det er heilt avgjerande for å oppretthalde ein norsk produksjon med dei tilleggsgoda det gir.

Sjølv om Noreg har eit politisk mål om å auke den norske matproduksjonen, kan vi aldri bli sjølvforsynte med mat. Nesten halvparten av alle typar landbruksvarar blir importert tollfritt til Noreg, fordi vi ikkje kan produsere desse varane sjølve.

Sjølv om den norske bonden i hovudsak produserer for norske forbrukarar, påverkar internasjonale handelsavtaler norsk landbruk. Noreg er medlem i Verdas Handelsorganisasjon (WTO). Organisasjonen regulerer kva type og kor mykje støtte og tollvern Noreg kan ha. Også EØS-avtalen påverkar norsk landbruk gjennom mat- og veterinærregelverket, regelverket for økologisk produksjon og handel med basisvarar (artikkel 19) og bearbeidde varar (protokoll 3). Gjennom EFTA inngår også Noreg stadig nye handelsavtaler som kan få konsekvensar for norsk landbruk. Norges Bondelag meiner at Noreg framleis skal stå utanfor EU, og vi er sterkt uroa for konsekvensane ein TTIP-avtale mellom EU og USA kan få for norsk matproduksjon. 

Samarbeid med bønder i andre land

Norges Bondelag jobbar nært med andre nordiske bondeorganisasjonar gjennom Nordens Bondeorganisationers Centralråd (NBC). På europeisk nivå har vi ein partneravtale med COPA-COGECA, og på verdsnivå er vi medlem av World Farmers Organisation (WFO). Det er viktig å jobbe gjennom internasjonale organisasjonar for å fremje bøndene sine interesser og sikre at internasjonale avtalar framleis gir alle land handlingsrom til å utforme ein nasjonal landbrukspolitikk. Alle land har rett til å produsere mat til eiga befolkning, og det er ei viktig sak for Norges Bondelag å jobbe for.

Norges Bondelag inngår også i nettverket Handelskampanjen, som har spesielt fokus på korleis internasjonal handel påverkar miljø og utvikling, der retten til eigen matproduksjon inngår. Medlemmane i nettverket kjem frå miljø- og utviklingssektoren, fagrørsla og landbruket.

Norges Bondelag meiner:

  • Vi vil bidra til å få fram verdiane av nasjonal matproduksjon i både inn- og utlandet
  • Kvart enkelt land må ha rett til å føre ein landbrukspolitikk som sikrar produksjon og forsyning av mat til eiga befolking og viktige verdiar som busetting, kulturlandskap og kulturarv
  • Norske jordbruksvarar må sikrast eit effektivt importvern slik at vi kan oppretthalde produksjonen på dagens nivå
  • Dei jordbruksvarene vi ikkje produserer sjølv må i større grad bli importert frå u-land
  • Vi vil jobbe gjennom internasjonale alliansar for å bidra til at landbrukets interesser blir sett og høyrd
  • Noreg skal stå utanfor den europeiske unionen, EU
  • Noreg må ikkje gi innrømmingar i internasjonale handelsavtaler som innskrenkar handelingsrommet for norsk landbruk

Relaterte artikler

Kornåker i Hedmark

TTIP truer norsk matproduksjon

Matproduksjonen i Norge kan bli redusert med om lag en tredjedel ved en TTIP-avtale. For å opprettholde matproduksjonen må budsjettstøtten økes dramatisk. Det viser en rapport NIBIO/NUPI presenterte i går.

Roberto Azevedo

24 WTO-ministrar møtes i Oslo

Denne helga møtes 24 av WTOs medlemsland til mini-ministermøte i Oslo. Der diskuterer dei vegen vidare for WTO. Før konferansen åtvara generaldirektøren mot handelskritikken, men innrømma at handelen også har negative effektar for enkelte grupper.

Møte mellom Yves Leduc og Terje Halleland

Advarte mot endringer i markedsregulering

- Svekking av markedsbalansering vil gi bonden lavere pris og mindre innflytelse innen områder som dyrevelferd og klima. Det sa den kanadiske melkebondetoppen Yves Leduc da han besøkte Norge.

Næringsminister Monica Mæland

Uroa over handelssamtaler med Latin-Amerika

Noreg og EFTA startar innleiande samtaler om handel med den latin-amerikanske handelsblokka Mercosur. Norges Bondelag er uroa og har sendt brev til ansvarleg statsråd Mæland.

Dette skjer i Norges Bondelag

Mandag
06
Februar

AU-møte

Tirsdag
07
Februar

Styremøte

Tirsdag
28
Februar

Fylkesårsmøte Finnmark Bondelag

Lakselv

Våre samarbeidspartnere