Støtta gis gjennom mikrolån, og vert formidla av organisasjonen KIVA. Denne månaden har vi lånt ut $25 og $50 til bønder i mellom anna Senegal, Samoa, Georgia, Zimbabwe og Bolivia.
På KIVA sin nettstad kan du lese om kva for produksjon bøndene har og kva dei vil nytte lånet til. Dei fleste treng gjødsel og frø, eller dei vil kjøpe ei mjølkeku, nokre kalvar eller sauer. Det er kanskje ei lita investering sett i norsk målestokk, men for bønden i KIVA-programmet er det snakk om å overleve og kanskje gi borna ei utdanning.
Det går an å låne ut pengar til andre enn bønder også, men vi har konsentrert oss om våre kollegaer. Tilbakebetalingprosenten er på 98.82%, og når desse bøndene har betalt tilbake låna sine, kan vi låne ut pengane på nytt til nye bønder.
Les meir om mikrolån i nettsken vår Bønder hjelper bønder, og på nettstaden til KIVA.
Les om bøndene som Hordaland Bondelag har lånt ut pengar til i haust.

