Søk

Du er her:

Kontakt Telemark Bondelag på tlf. 35959030 / telemark@bondelaget.no

IPT-årsmøtet: Aktuelt å samarbeide med flyktningetenesta

Publisert 22.12.2009

Årsmøtet i IPT Telemark 8. desember tok opp moglegheitene for samarbeid med den kommunale og statlege flyktningetenesta. Aud K. Aase, barnefagleg ansvarleg ved flyktningemottaket på Dagsrud i Nome, fortalde om det store behovet for aktivitetar og positive opplevingar blant barn og unge som sit i mottak, eller er busette i kommunane. Her har bønder som driv med IPT mykje å bidra med.

Aud K. Aase, barnefagleg ansvarleg ved Dagsrud statlege flyktningemottak i Nome

 Aud K. Aase fortalde at mange flyktningebarn har store delar av barndommen sin i mottak, samla sett i Norge dreiar det seg om 2500 – 3000 barn. Fleire hundre av desse sit over tre år i mottaka. Slikt opphald vert meir vanskeleg etter som ein blir eldre som barn. Det er meir å miste, og barna risikerer møte stadig fleire tapsopplevingar. Mange har også problem både med det verbale og med kroppsspråket i det nye landet dei er komne til. Dei opplevar tap av sosial kompetanse, når dei kjem inn i ein ny barnekultur i Norge, og få eller ingen av dei nye menneska dei møter, kjenner deira kultur.

Barn opplever og ser også endringane som skjer hos foreldra. Slit foreldra, så påverkar det også barna.

Både foreldre og barn må handtere store skilnader i barneoppdraginga, og tilhøvet til normer og reglar.

Aase la vekt på kor viktig det er å få arrangert positive tiltak og aktivitetar, som kan gi ungane gode opplevingar i kvardagen. Det kan førebygge problem og ta vekk fokus frå vanskelege tankar hos barna.

Sjå bildeforedraget til Aud K. Aase her

Arbeidsutvalet i IPT Telemark eller årsmøtet 8. desember. Frå v.: Hege Heimdal, Nissedal (vara), Benedicte Ajer, Lunde, Kirsten Oterkiil, Skien og leiar Vetle Øverland, Skien

Framfor valet hadde Margrethe Karlsen frå Hoseid gard i Drangedal takka nei til attval, ette fleire års innsats i Arbeidsutvalet. I hennar stad vart Kirsten Oterkiil, Skien,  vald inn som ny AU-medlem. Vetle Øverland, Skien og Benedicte Ajer, Lunde held fram som høvesvis leiar og medlem av AU. Hege Heimdal frå Nissedal vart vald som vara.

Møtet drøfta også ei mogleg forsterka satsing på kontaktarbeidet mellom tilbydarane av IPT og aktuelle kjøpargrupper, spesielt innanfor kommunen. Vetle orienterte om at Landbruksdepartementet nå vil lansere eit eige "IPT-løft" overfor kommunane. Det bør gi moglegheiter for å utvikle fleire IPT-tilbod her i Telemark, også. Arbeidsutvalet vil jobbe meir med dette i året som kjem.

Les protokollen frå årsmøtet her

Les om programmet på årsmøtet, og årsrapporten for nettverket 2009 her

Av: Amund Johnsrud

CorePublish publiseringsløsning