I Bø var Benedicte Ajer, IPT-tilbyder i Lunde, med som føredragshaldar på arrangementet den 29. september, der temaet var openheit og forståing for psykisk helse på arbeidsplassen. Blant deltakarane var representantar frå NAV, kommunane og arbeidsmarknadsbedriftene Bø og Sauherad produkter.
I Skien er det arrangement på Handelstorget fredag 8. oktober, frå kl 11.00 til 14.30. Her blir det både faglege appellar og ein stor variasjon av underhaldningsinnslag.
IPT-nettverket har informasjonsstand på Handelstorget saman med fleire aktørar innanfor psykiatritenesta, og det er samtidig lagt opp til "open gard" på Lie Hvalen i Solum hos Geir M. Andersen og Gitte Lie Andersen. Der ein kan få sjå på og få meir praktisk informasjon om eit veletablert IPT-tilbod. På Lie-Hvalen har ein i fleire år hatt avtale med helse- og sosialtjenesten i Skien om å gi eit IPT-tilbud.
Les meir om arrangementet i Skien her
Informasjonsfaldar om IPT-nettverket i Telemark
